Veterinærinstituttet

Oter har fått påvist høgpatogen fugleinfluensa

Del

Veterinærinstituttet har påvist høgpatogen fugleinfluensa (HPAI) hos ein oter i Tromsø kommune. Dette er første gong HPAI blir påvist hos oter i Noreg.

Oter ved elvebredd
For første gong er det påvist høgpatogen fugleinfluensa hos oter (lutra lutra) i Noreg. Foto: Colourbox Colourbox

Høgpatogen fugleinfluensa av subtypen H5N5 er denne hausten påvist hos måsar og kråker ei rekkje stader langs norskekysten, særleg i dei nordlegaste fylka. H5N5 blei òg påvist hos to raudrevar i Storfjord kommune i februar og hos ei gaupe i Kvænangen kommune i desember i fjor.

Fugleinfluensa hos pattedyr

Pattedyr kan smittast av fugleinfluensa ved direkte kontakt med sjuke eller døde fuglar, eller indirekte via miljøet. På verdsbasis er det påvist fugleinfluensa hos ei rekkje ville rovdyr og sjøpattedyr. Fugleinfluensa gir infeksjon og betennelse i lunger og hjerne, og teikn på sjukdom vil derfor kunne vere sløvleik, unormal åtferd, skeiv hovudhaldning, sirkelgonge, kramper, dårleg balanse og lammingar av fram- og bakbein.

Meld frå til Mattilsynet om daude eller sjuke ville fuglar og andre ville dyr

Den vaksne otertispa blei funnen svak med lite rørsle i oktober 2024, og blei deretter avliva av lokal viltnemd. Oteren blei undersøkt for HPAI i januar i år. Funnet understrekar viktigheita av å vere merksame på sjuke dyr i område der det er påvist fugleinfluensa i villfuglpopulasjonen, og at Mattilsynet blir varsla ved slike funn. Denne oppmodinga gjeld spesielt viss dyra viser sjukdomsteikn som beskrive ovanfor.

‒Fugleinfluensa kan òg smitte til hund og katt, og ein må vere merksam på at det kan liggje døde og sjuke fuglar i terrenget. Hunde- og katteeigarar bør halde kjæledyra unna desse, fortel vilthelseansvarleg ved Veterinærinstituttet Malin Rokseth Reiten.

Samarbeid med Folkehelseinstituttet

Veterinærinstituttet overvaker fugleinfluensa hos dyr og følgjer i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI) med på om arvestoffet til viruset endrar seg på ein slik måte at det blir meir tilpassa til å smitte mellom pattedyr. 

Folkehelseinstituttet og Veterinærinstituttet samarbeider om fugleinfluensaovervaking i EU-prosjektet One Health for Surveillance (OH4S)FHI vurderer generelt risiko for smitte med fugleinfluensa til menneske som svært låg. Les deira råd for å førebyggje smitte av fugleinfluensa til menneske her (FHI)

Les relaterte saker:

Les nyheitssaka om døde måsar i Troms (vetinst.no

Les statusrapport om Fugleinfluensa (PDF)

Fakta om Fugleinfluensa (vetinst.no)

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Om oss

Veterinærinstituttet er et biomedisinsk forskningsinstitutt og Norges ledende fagmiljø innen biosikkerhet for fisk og landdyr. Helt siden opprettelsen i 1891 har vi arbeidet for å avverge helsetrusler og se helse for fisk, dyr, mennesker og miljø i sammenheng - Én helse.

Kjerneaktivitetene omfatter forskning, diagnostikk, overvåking, risikovurdering, rådgiving og formidling. Veterinærinstituttet er nasjonalt og internasjonalt referanselaboratorium.

Veterinærinstituttet er et forvaltningsorgan med særskilt fullmakt under Landbruks- og matdepartementet. Hovedkontoret ligger i Ås, øvrige kontorer i Tromsø, Harstad, Brønnøysund, Trondheim, Bergen og Sandnes.

Om oss (vetinst.no) 

Følg pressemeldinger fra Veterinærinstituttet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Veterinærinstituttet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Veterinærinstituttet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye