Einar Vik Arset held fram som kystdirektør
24.1.2025 11:50:36 CET | Kystverket | Pressemelding
Einar Vik Arset sitt åremål som kystdirektør vart forlenga med nye seks år av Kongen i statsråd fredag 24. januar.

Den noverande kystdirektøren fekk dermed fornya tillit som øvste leiar for Kystverket.
– Arset er ein dyktig leder og har ført Kystverket gjennom ei viktig omstilling. Han har vore i spissen for arbeidet til etaten med å sørge for effektiv, sikker og miljøvenleg sjøtransport langs kysten. I ei tid der den sikkerheitspolitiske situasjonen og trusselbiletet har blitt endra og skjerpa så er Arset godt skikka til å leie etaten vidare, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
– Eg er glad for å få halde fram i denne rolla, seier Einar Vik Arset. Med seks år bak seg i stillinga og eit sterkt engasjement for Kystverket sitt oppdrag, ser Arset fram til det vidare arbeidet med å gjere sjøvegen trygg, effektiv og miljøvenleg.
– Noreg er ein betydeleg sjøfartsnasjon. 90 prosent av alt gods til og frå Noreg kjem sjøvegen og sjøtransporten er kritisk viktig for norsk verdiskaping. Kystverket skal bidra til sjøsikkerheit, til grøn omstilling og vi er ein vesentleg totalforsvarsaktør. Eg er audmjuk overfor ansvaret det inneber, seier Arset.
– Eg er dessutan glad for å få fortsette i ei utprega operativ verksemd som eg er stolt av. Vi skal utvikle tenester og organisasjon vidare for effektivt løyse våre samfunnsoppdrag. Kystverket som organisasjon står sterkt mellom anna takka vere flinke folk, meiningsfulle oppgåver og gode samarbeid med mange aktørar, legg han til.
Einar Vik Arset (48) begynte i jobben som kystdirektør i februar 2019. Han kom da frå stillinga som rådmann i Ulstein kommune. Han har hovudfag i strategi og leiing frå Norges Handelshøyskole (NHH) i 2003.
Nøkkelord
Om Kystverket
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ein bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Nærings- og fiskeridepartementet.
Følg pressemeldinger fra Kystverket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kystverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Kystverket
Stort løft for sjømerkingen mellom Farsund og Kristiansand11.6.2026 11:28:46 CEST | Pressemelding
Kystverket er i gang med et større arbeid for å bedre sikkerheten til sjøs i farleden mellom Kristiansand og Farsund. Nå bygges et nytt sjømerke i Ullerøysundet, og oppdraget er tildelt FS Mur.
Kystverket reparerer søndre molo i Svartnes10.6.2026 12:56:16 CEST | Pressemelding
Den 29. mai 2026 signerte Kystverket kontrakt med Finnmark Entreprenør for reparasjon av den søndre moloen i Svartnes i Vardø kommune.
Ny kunnskap om eksplosiver på U-864 gir bedre grunnlag for videre vurderinger4.6.2026 14:28:37 CEST | Pressemelding
Kystverket har mottatt nye analyser av risiko knyttet til eksplosiver i vraket av ubåten U‑864.
Inviterer til opning av ny kai i Kvalsund18.5.2026 14:04:56 CEST | Pressemelding
Onsdag 20. mai blir den nye allmenningskaia i Kvalsund hamn offisielt opna. Kystverket inviterer til ei open markering ved kaia frå klokka 11.00, der både lokalbefolkning, næringsliv og andre interesserte er velkomne til å delta.
Kystverket først i Europa med ny portal for skipsrapportering13.5.2026 09:43:22 CEST | Pressemelding
Norge er første land i Europa som lanserer en nettportal for skipsrapportering i tråd med EUs nye regelverk. Lanseringen gjør skipsrapporteringen til Norge enklere. «En imponerende bragd og en viktig milepæl» lyder gratulasjonene fra Brussel.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom