Riksantikvaren

Delte ut 42,5 millionar til arkeologi – desse fekk pengar

Del

Riksantikvaren delte ut 42,5 millionar kronar i tilskot til arkeologiske kulturminne i 2024. Her er nokre av dei spanande funna som vart gjort i Noreg i fjor.

Oversiktsbilde av utgravingene i vikingskipsgraven på Myklebust i Nordfjordeid.
Vikingskipsgraven på Myklebust i Nordfjordeid var en av de mest omtalte arkeologiske utgravingene i norsk presse i 2024. Foto: Jan Magnus Weiberg-Aurdal, Riksantikvaren

– Eg får bakoversveis! Når vi gjer opp status for året i arkeologien så er det ikkje langt mellom høgdepunkta, seier riksantikvar Hanna Geiran. 

Kulturarven som ligg under bakken er sårbar, og i dei historiske jordbrukslandskapa våre er det eksempelvis ekstra viktig å vere varsam. 

– Vi har ein stor kunnskapsbank under bakken i Noreg, og utvikling av ny kunnskap og teknologi gjer at vi stadig finn ut meir om fortida vår, seier riksantikvar Hanna Geiran. 

Tilskot til små og store prosjekt 

Det er stor variasjon i kva Riksantikvaren gjev tilskot til innanfor arkeologifeltet. Her inngår blant anna utbetaling av finnarløn, sikringsundersøkingar og tilskot til bergkunst. 

I 2024 vart det samla utbetalt 423 850 kronar i finnarløn, noko ein eksempelvis kan få dersom ein gjer funn med metallsøk. Til samanlikning vart det også delt ut 18 043 435 kronar til mindre private tiltak, som er den største budsjettposten. 

– Tilskot frå Riksantikvaren går blant anna til utgifter ved arkeologiske utgravingar i samband ei rekke ulike tiltak i jordbruket, seier Geiran.  

Ved planlegging av offentlege og større private tiltak pliktar den som er ansvarleg eller ansvarleg forvaltingsorgan å undersøke om tiltaket verkar inn på automatisk freda kulturminne. Dette kallast undersøkelsesplikta i kulturminnelova. Dersom ein finn ting frå fortida som er beskytta av lova, og dei må undersøkast eller beskyttast fordi noko nytt skal byggast, må den som byggjer betale for det.  

Er det eit mindre  privat prosjekt, dekkjer Staten normalt sett alle kostnadar til arkeologiske arbeid. Men, dersom det ligg føre særlege grunnar kan staten bestemme at den skal betale noko eller alt: 

– Byggeprosjekt er uføreseielege og nokre gongar dukkar det opp funn som gjer at ein må stanse bygginga for å la arkeologane undersøkje funna, sjølv i område kor ein ikkje kunne forvente dette ved planlegginga, seier Geiran. 

– Ideelle organisasjonar som eksempelvis foreiningar og idrettslag har ofte avgrensa midlar. Difor prioriterer vi at statlege midlar skal stø opp om desse. Utgravinga kan fort bli dyrare enn ballbingen, seier Geiran. 

Tabell for 2024:

Tilskotsordning 

Tilskot 

Utbetaling av tilskot fordi det ligg føre særlege grunnar:  

kr 6 410 437 

Utbetaling av tilskot knytt til mindre private tiltak:  

kr 18 043 435 

Utbetaling av tilskot til bevaringsprogrammet for utvalde arkeologiske kulturminne - BARK: 

kr 5 717 979  

Utbetaling av tilskot til bevaringsprogrammet for bergkunst - BERG: 

kr 2 026 171 

Utbetaling av finnarløn: 

kr 423 850 

Utbetaling av tilskot til myndigheitsutøving ved sjøfartsmusea: 

kr 6 923 368 

Utbetaling av tilskot til myndigheitsutøving ved landsdelsmusea: 

kr 384 272 

Utbetaling av tilskot til sikringsundersøkingar:  

kr 2 649 605 

SUM 

kr 42 579 117 

Her er nokre av dei spanande funna som blei gjort i 2024: 


Sølvarmringane i Årdal:
Eit av dei aller mest spanande funna i fjor var depoet med sølvarmringar som vart funne på Svadberg i Årdal.

Utgravinga vart utført av Arkeologisk museum i Stavanger, og jubelen stod i taket då det dukka opp heile seks sølvarmband frå vikingtid. Funn av sølvgjenstander er ikkje uvanleg, men dukkar som regel opp tilfeldig i samband med arbeid eller etter søk med metalldetektor. At armringane vart funne inne i restane av eit nedbrend hus, gav funnet stor vitskapeleg verdi. Museet fann også ein sjeldan lås frå eit skrin eller ei kiste. 

Hellemalingslokaliteter i Porsanger: 
I 2024 blei det funne to nye hellemalingsstader i Finnmark, i tillegg til funn som ble gjort i 2023 som no er dokumenterte. Dei seinaste funna er endå ikkje gjort offentlege. Norges arktiske universitetsmuseum har fått støtte gjennom Bevaringsprogrammet for bergkunst i 2024 til ulike oppgåver for å forvalte og sikre funna. Registrering og dokumentasjon av dei to nye hellemalingsstadene har også fått støtte gjennom programmet. 

I Porsanger det er det rissa inn to figurar på fjellet Guoskatčhokka på ein stad med utsikt over fjorden. Hellemalingane er frå siste del av steinalder i nord. Slike stader kan tolkast som inngangar til underjordiske eller andre verder, ifølgje eldre samisk kosmologi om gudeverder og høvet til naturen. 

Grav med tre vikingkvinner i Fitjar:
Hausten 2024 vart det gravd ut tre graver ved garden Skumsnes i Fitjar. Arkeologane ved Universitetet i Bergen trur det kan vere snakk om så mykje som 20 graver i området. Gravene som vart graven ut høyrde til tre kvinner som budde her under tidleg vikingtid, rundt første halvdel av 800-talet. Ingen av gravene har rester etter levningar, men fleire spanande gjenstandar som blir viktig for framtidig forsking. Blant anna ein mynt frå dei danske vikingbyane Hedeby eller Ribe som kan daterast til 800-talet, 46 glassperlar og ein vulvastein. 

Karnilshaugen: Dette er den største menneskeskapte gravhaugen på Vestlandet, og blant de største i Norden. Haugen ligg nokre kilometer nordvest for Sandane ved Gloppefjorden. Den er rundt 7 meter høg og over 50 meter i diameter, men var truleg større då den blei bygd. Ein har antatt at haugen var bygd av menneske, men sikker har ein ikkje vore før no. Georadar-undersøkingar utført av Universitetet i Stavanger viser at jordlaga i haugen er menneskeskapte. Karnilshaugen inngår som viktig del av konteksten i området rundt Rundehogjen på Myklebust, som igjen er ein del av kunnskapsgrunnlaget for ei mogleg oppføring av skipsgravane frå vikingtid på Noregs tentative liste for verdsarv. 

Myklebustskipet:
Den arkeologiske undersøkinga av vikingskipshaugen på Nordfjordeid var ein av dei mest omtala sakane i norske presse i fjor. Blant dei ferske funna i haugen var over 500 skipsnaglar, ein bronsering og fleire moglege skjoldbuler. Det dukka også opp ein flaskepost, og inni den var det bevart ei kjærleikserklæring frå arkeologen som først gravde ut haugen. Talet på naglar tyder på at Myklebustskipet er eit av dei største vikingskipa vi kjenner til. Dette vart også stemt fram som årets funn i 2024 under Det Norske Arkeologmøtet i november i fjor. 

Kontakter

PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.

Telefonen er betjent i vanlig kontortid.

Tel:404 65 153

Bilder

Oversiktsbilde av utgravingene i vikingskipsgraven på Myklebust i Nordfjordeid.
Vikingskipsgraven på Myklebust i Nordfjordeid var en av de mest omtalte arkeologiske utgravingene i norsk presse i 2024.
Foto: Jan Magnus Weiberg-Aurdal, Riksantikvaren
Last ned bilde

Om oss

Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmesteren på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye