Nullutslepp: Eide lanserer Watermoon 2.0
Eide har utvikla Watermoon, verdas største nullutsleppsteknologi for oppdrett. Gjennom eit storskala lukka pilotprosjekt har selskapet produsert laks utan lakselus med høg grad av slamoppsamling. I går fekk Eide besøk av fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss, og dei nytta høvet til å varsle at Watermoon versjon 2.0 blir lansert innan utgangen av året.
– Me er fornøgde med resultata i Watermoon-prosjektet. Me har hatt 200.000 fisk lukka i merden, heilt utan lus eller behov for avlusingar, noko som sikrar betre fiskevelferd og moglegheiter for produksjonsauke. Oppsamlingsgraden av slam er på nivå med, eller høgare enn, dei beste landbaserte anlegga, og kvaliteten på fisken i anlegget har vore svært bra, seier Sondre Eide.
Klart for storskala drift
Storskala drift er sjølvsagt langt meir krevjande enn våre tidlegare småskalapilotar, derfor har me utført stresstestar av teknologien for å lære mest mogleg på kort tid.
– Me kjem aldri til å bli ferdige med å innovere, men med nullutsleppsteknologien Watermoon versjon 2.0 tek me eit nytt stort steg framover, seier Sondre Eide.
No vil Sondre og sentrale medarbeidarar i selskapet vie all si tid til Watermoon. Samarbeidet mellom oppdrettskompetanse, drift, biologi og teknologi er nøkkelen til suksess. Fire nye Watermoon versjon 2.0-anlegg er sett i bestilling og vil vere på plass i sjøen innan årets slutt – ein teknologi laga av oppdrettarar, for oppdrettarar.
Eide har gjennomført tekniske stresstestar gjennom heile produksjonssyklusen for å identifisere utfordringar og moglegheiter. Dette har resultert i viktige forbetringar i Watermoon 2.0, mellom anna:
- Endå betre biologisk kontroll.
- Nytt design berekna for drift i meir værutsette område.
- Forbetra reinsefunksjonar som reduserer risikoen for menneskelege feil.
– Eg trur ikkje det finst mange andre teknologiar som er testa like grundig i så stor skala som Watermoon. Når me skal satse på produksjon med nullutsleppsteknologi er det viktig å vite mest mogleg på førehand – og det gjer me no, seier Eide.
Regjeringa legg til rette for miljøvenleg teknologi
Eide ser også fram til den komande havbruksmeldinga, der regjeringa har signalisert satsing på nullutsleppsteknologi.
– Det er positivt at regjeringa signaliserer nye incentiv for miljøvenleg teknologi. Eg synest statsråden var tydeleg på kva retning ho ynskte. No må Stortinget og regjeringa fylgje opp når havbruksmeldinga kjem.
– Me i Eide synest det er kjekt å kunne oppdrette fisk heilt utan lus, og det var kjekt for oss å vise Watermoon-teknologien til statsråden. Me tek politikarane på ordet og satsar alt no, slik at me kan løyse luseproblemet, betre fiskevelferda og redusere fotavtrykket vårt. Me er rett og slett klare, seier Eide.
Kontakter
Sondre EideDaglig leder
Tel:478 21 234sondre.eide@efb.noBilder
Følg pressemeldinger fra Eide Fjordbruk AS
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Eide Fjordbruk AS på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.