Ny kunnskaps-portal om Vestlandet si historie
22.1.2025 14:36:40 CET | Universitetet i Bergen (UiB) | Pressemelding
Interessert i Vestlandet? Universitetet i Bergen og Vestland fylkeskommune har gått sammen om den digitale kunnskapsportalen Kringom.no. Her kan du både søke etter ord og uttrykk og leite i kartet.

Universitetet i Bergen og Vestland fylkeskommune samarbeider om å gje tilgang til kunnskap om den felles historia vår. Gjennom søk i kart og tekst kan Kringom.no ta deg med på ei virtuelle reise i Vestland, der du kan lese om den rike kulturarven og den mangfaldige naturen i regionen.
Nokre kjenner kanskje igjen namnet Kringom frå kollektivselskapet i tidlegare Sogn og Fjordane? Gjenbruk er viktig, og vi tykkjer dette er eit perfekt namn på denne portalen, som nettopp tek deg med kringom i heile fylket vårt.
4500 artiklar om historia vår
Kringom er ei vidareføring av to tidlegare digitale tenester som dekka kvar sine delar av Vestland: Grind for Hordaland og Kulturhistorisk leksikon for Sogn og Fjordane.
Kringom dekker heile fylket. Her finn du meir enn 4500 artiklar om ulike tema som tru og livssyn, samferdsle, språk og kunst, næring og handverk, arkeologi, landskap, berggrunn, planteliv, vêr og klima. Vi utviklar innhaldet vidare og er stadig på jakt etter gode tema og nye bidragsytarar.
Vidareføring av nært historisk forhold
I 2025 er Universitetsmuseet i Bergen 200 år. Grunnleggaren av museet, stiftamtmann Wilhelm Frimann Koren Christie, var nært knytt til embetsdistriktet sitt i Nordre- og Søndre Bergenhus Amt, det som i dag er Vestland fylke. Ordet Kringom [ikring, omkring] er nedteikna i den omfattande samlinga Christie hadde av dialektord frå 1837.
Heilt sidan den tida har det vore eit nært forhold mellom museet/universitetet og regionen. Kunnskapsportalen Kringom er ei vidareføring av dette.
Sjekk ut Kringom
På kringom.no kan du både søke etter tema du er interessert i eller leite deg fram etter bilde og artiklar i kartløysinga.
Kontakter
Knut Olav AlaksenUniversitetsmuseet i Bergen.
Tel:99521562Tel:99521562knut.aslaksen@uib.noLenker
Følg pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Bergen (UiB) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Ekspertliste – agurktid29.6.2026 13:38:26 CEST | Pressemelding
Universitetet i Bergen har flere eksperter som kan uttale seg om typiske sommersaker. Her er noen av dem.
Eksperter fra UiB: Hjernehelse25.6.2026 13:26:59 CEST | Pressemelding
UiB har flere eksperter som kan uttale seg om demens, alder og hjernehelse i forbindelse med regjeringens nye strategi.
Når Norge scorer mål, rister hele Bergen23.6.2026 10:31:47 CEST | Pressemelding
Bergensernes VM-jubel natt til tirsdag 23.juni var så kraftig at det ble registrert tre små jordskjelv.
Eksperter fra UiB: Hetebølger og ekstremvær23.6.2026 10:05:57 CEST | Pressemelding
Universitetet i Bergen har flere eksperter som kan uttale seg om ekstremvær og hetebølgen som rammer Europa denne uken.
Gjennombrot for forskarar frå Bergen - teknologi kan bli del av vaksine mot alvorleg diarésjukdom23.6.2026 10:01:45 CEST | Pressemelding
Forsking leia frå Universitetet i Bergen (UiB) og NORCE kan bidra til utvikling av ein ny vaksine mot ein av verdas viktigaste årsaker til alvorleg diarésjukdom. No har teknologien blitt lisensiert til det internasjonale vaksineselskapet Valneva, som skal vidareutvikle forskinga mot ei mogleg framtidig vaksine.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom