Statens vegvesen overtek ansvaret for Rv. 13 mellom Vinje og Sogndal
22.1.2025 12:00:00 CET | Samferdselsdepartementet | Pressemelding
– Etter ei heilskapleg vurdering har regjeringa landa på at ansvaret for riksveg 13 mellom Vinje og Sogndal overførast frå Nye Veier til Statens vegvesen. Vi gjer dette for å samle ansvaret for drift og vedlikehald for dei ulike fjellovergangane, hos ein aktør, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Statens vegvesen har lang erfaring og spisskompetanse med drift og vedlikehald av høgfjellsovergangar, særleg knytt til vinterdrift. Strekninga Vinje-Sogndal går mellom anna over den svært krevjande fjellovergangen Vikafjellet.
– Vegvesenet kan dra nytte av personell, kompetanse, maskiner og vinterdrift frå liknande fjellovergangar, som til dømes riksveg 7 over Hardangervidda, riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, og E16 Filefjell. Desse vegane er samstundes omkøyringsvegar for kvarandre. Derfor meiner eg det er riktig å samle ansvaret for drift og vedlikehald av heile vegsystemet hos ein aktør, seier Nygård.
Statens vegvesen har også ansvaret for riksvegferjesambandet riksveg 13 Vangsnes-Hella-Dragsvik og ferjekaier og oppstillingsareal knytt til dette.
Bakgrunn
Riksveg 13 går mellom Stavanger og Sogndal, og er ei viktig strekning som bind saman indre del av Vestlandet fylke. Nye Veier overtok ansvaret for den nordlege delen, mellom Skare og Sogndal, som ein del av Nasjonal transportplan 2022-2033. Formålet var å teste ut Nye Veier-modellen på denne typen strekning – ein veg med lite trafikk og med utfordringar knytt til ras og skred.
Stortinget har i behandlinga av ny Nasjonal transportplan (2025-2036) vist til lokale initiativ for å få flytta delstrekninga riksveg 13 Vinje-Sogndal over til Vegvesenet.
Samferdselsdepartementet har fått fagleg vurdering frå dei to vegaktørane, og dei er begge er skikka til å gjere ein god jobb med å vidareutvikle riksveg 13 Vinje-Sogndal. Overføringa er eit resultat av ein heilskapleg vurdering av erfaring og spisskompetanse knytt til drift, vedlikehald og vinterdrift av høgfjellsovergangar, og for å få samla dette hos éin aktør. Nye Veier skal fortsette med ansvaret for strekninga riksveg 13 Skare-Vinje.
Nøkkelord
Kontakter
Pressekontakt08-16 på hverdager
Tel:919 14 777sdinfo@sd.dep.noOm oss
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Nå blir det påbudt med hjelm for alle på ATV3.11.2026 14:44:20 CET | Pressemelding
– På en ATV sitter du helt ubeskyttet hvis du krasjer. Hjelm kan ha mye å si for hvor alvorlig en ulykke blir. De siste fem årene er hele 251 personer skadd eller drept i ATV-ulykker. Det må vi gjøre noe med, og derfor innfører vi nå et påbud om hjelm, sier samferdselsminister Kamzy Gunaratnam.
Nye kontraktar sikrar at alle kan få lokalavisa i postkassa16.10.2026 13:00:19 CEST | Pressemelding
Samferdselsdepartementet har sendt ut ein konkurranse om statleg kjøp av avisdistribusjon til postkasser på tysdagar, torsdagar og fredagar til område utan kommersielle avisbodnett.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Finnmark mandag 12. oktober9.10.2026 16:45:15 CEST | Presseinvitasjon
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam skal på fylkestur til Finnmark (Kirkenes) mandag 12. oktober.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Trøndelag fredag 9. oktober8.10.2026 11:33:02 CEST | Pressemelding
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam skal på fylkestur til Trøndelag fredag 9. oktober. Veg, jernbane og mobilitetsløysingar i storbyområde er tema for dagen.
Statsbudsjettet 2027: Framleis høge ambisjonar for samferdsel7.10.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Regjeringa foreslår å løyve i alt 105 milliardar kroner til samferdsel i 2027. Mellom anna foreslår regjeringa å løyve 51,7 milliardar kroner til vegformål, 32,4 milliardar kroner til jernbana, 7,1 milliardar kroner til byområda og 3,4 milliardar kroner til luftfarten.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom