Behov for taktskifte i klimaomstillinga
Det er behov for styrkt klimapolitikk og fleire klimatiltak i alle sektorar for å sikre den omstillinga Parisavtalen og samarbeidet med EU inneber.
– 2024 var det varmaste året nokosinne, og vi treng å auke tempoet på omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Det er urolege tider i verda og mange utfordringar å ta fatt i, men viktigare enn nokon gong at ikkje klimaomstillinga hamnar i bakleksa, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Miljødirektoratet har oppdatert kunnskapsgrunnlaget om korleis vi i Noreg kan redusere dei nasjonale utsleppa våre. Analysen er gjennomført med innspel frå andre fagetatar. Tiltaksanalysen er ein gjennomgang av korleis utslepp kan kuttast i alle sektorar i heile samfunnet.
Miljødirektoratet har greidd ut eit svært breitt spekter av ulike tiltak – alt frå karbonfangst og -lagring til redusert matsvinn. For kvart tiltak har Miljødirektoratet talfesta potensialet for utsleppskutt og vurdert samfunnsøkonomiske kostnader. Miljødirektoratet har belyst kva som er barrierar som må overkommast og vurdert aktuelle verkemiddel for å utløyse tiltak. Døme på verkemiddel er avgifter, krav og subsidiar eller EU-reguleringar.
Miljødirektoratet framhevar at farten på klimaomstillinga må akselererast. Dette er viktig for klimaforpliktingane vi har gjennom samarbeid med EU, og for at Noreg skal vere i rute med den langsiktige omstillinga til eit lågutsleppssamfunn.
Svært krevjande å halde seg innanfor utsleppsbudsjettet frå EU
Klimasamarbeidet med EU mot 2030 er bygd opp rundt tre pilarar; innsatsfordelinga, EUs klimakvotesystem (ETS) og skog- og arealbrukpilaren.
For innsatsfordelinga (transport, jordbruk og litt til) inneber samarbeidet med EU at Noreg har nasjonale forpliktingar i form av eit utsleppsbudsjett i tråd med eit mål for Noreg om 50 prosent reduksjon av utsleppa i 2030 samanlikna med 2005.
Mange ulike klimatiltak kan til saman gi store utsleppsreduksjonar, mellom anna å redusere transportmengda, å elektrifisere køyretøyparken, å omstille skipsfarten til låg- og nullutsleppsløysingar, og at nordmenn et litt mindre kjøtt og kastar mindre mat.
Dersom alle tiltaka Miljødirektoratet har greidd ut blir gjennomført, vil samla utslepp for perioden 2021-2030 vere om lag 212 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Då er Noreg framleis ikkje heilt innanfor utsleppsbudsjettet, som er på rundt 20 4 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Det manglar nær 8 millionar tonn over perioden.
– Vi har gått svært grundig til verks og greidd ut eit breitt spekter av tiltak. Likevel kjem vi ikkje mål til at Noreg kan halde seg innanfor utsleppsbudsjettet frå EU. Det viser at Noreg har ein stor jobb framfor seg. Mykje må gjerast parallelt, og mange verkemiddel må på plass. Stat, kommune og private aktørar må samarbeide, seier miljødirektør Ellen Hambro.
Budsjettgapet kan fyllast med ytterlegare bruk av biodrivstoff eller bruk av EUs fleksibilitetsmekanismar. Biodrivstoff er dyrt og har usikker klimaeffekt. Avansert biodrivstoff har ein samfunnsøkonomisk meirkostnad på 7000 kr/tonn. Dette er mykje dyrare enn dei aller fleste tiltaka Miljødirektoratet har greidd ut. Kor mykje EU-fleksibilitet som vil bli tilgjengeleg, og kva prisen for å kjøpe slike utsleppskutt i andre EU-land blir, er svært usikkert.
Skog- og arealbruksektoren blir også svært krevjande
For skog- og arealbrukpilaren er EU-forpliktinga fordelt på to femårsperiodar (2021 til 2025 og 2026-2030). I første periode skal utsleppa i sektoren vere netto null, og i andre periode skal opptaket aukast samanlikna med perioden 2016-2018.
Miljødirektoratet sine analysar viser at det truleg vil bli eit stort utsleppsgap, særleg i den første perioden. Det vil då vere behov for å bruke fleksibiliteten som EU-samarbeidet opnar for, sjølv om vi gjer tiltak heime. Eit utsleppsgap må dekkjast inn ved kjøp av skogkredittar eller annan fleksibilitet.
Nedbygging av areal gir store klimagassutslepp kvart år. Det viktigaste tiltaket på kort sikt er å redusere nedbygging og anna omdisponering av karbonrike areal. Redusert nedbygging er også positivt for naturmangfald og andre miljøverdiar.
Det er behov for fleire verkemiddel i ETS-pilaren
ETS-pilaren dekkjer kvotepliktige utslepp i industri, energiforsyning og petroleum, og dessutan delar av utsleppa frå sjøfart og luftfart. Under ETS-pilaren er Noreg ein del av eit felleseuropeisk mål. Samla skal dei kvotepliktige utsleppa i Europa vere 62 prosent lågare enn i 2030 enn dei var i 2005. Norske kvotepliktige verksemder må anten kutte eigne utslepp eller kjøpe kvotar.
Miljødirektoratet har greidd ut tiltak som kan kutte ETS-utsleppa med 44 prosent innan 2030 og 58 prosent i 2035, samanlikna med 2005. Mange av klimatiltaka i prosessindustrien er milliardinvesteringar, som krev tid å planleggje og gjennomføre.
Kvotesystemet er viktig for å sikre lik pris på tvers av aktørar og land i Europa, men pris er ikkje det einaste verkemiddelet. I EU er kvotesystemet ein del av ei pakke med reguleringar som saman skal sikre omstilling – og at utsleppa i ETS-pilaren held seg under kvotetaket.
Norske verksemder betaler for eigne klimagassutslepp gjennom kjøp av ETS-kvotar. Kvoteprisane har vore relativt låge mellom anna på grunn av finanskrise og overskot av kvotar i marknaden, men utsleppsreduksjonane i EU er også "delfinansierte" av europeiske støtteordningar især for fornybar energi. Kvoteprisen har vore lågare enn han ville vore om pris åleine skulle gitt utsleppsreduksjonane.
Noreg er ansvarleg for utslepp innanfor vårt geografiske område – og også kvotepliktig sektor må avkarboniserast for at vi skal bli eit lågutsleppssamfunn. Kvoteprisen er per i dag for låg og for uføreseieleg til å utløyse milliardinvesteringane som er nødvendige for å kutte utsleppa frå norsk prosessindustri.
– Det felleseuropeiske målet under kvotesystemet har prega norsk klimapolitikk, og dei kvotepliktige utsleppa har fått mindre merksemd enn utslepp under innsatsfordelinga. Det er ei utfordring for omstillinga i Noreg. Vi tilrår at kvotesystemet blir supplert med fleire verkemiddel for å utløyse investeringane som er nødvendige for at vi skal få til langsiktig omstilling, seier Ellen Hambro.
Ambisiøse klimamål for 2035 er nødvendige
I samsvar med Parisavtalen skal land melde inn oppjusterte, nasjonalt fastsette klimamål, og gjennomføre desse. Dei nasjonale bidraga skal utgjere ein progresjon frå førre mål og vere uttrykk for den høgaste moglege ambisjonen i landet.
– For Noreg sin del er det vår vurdering at vi må kutte både heime og ute for å ta vår rettferdige del av byrda. Industrialiserte land som historisk har stått for ein høg del av utsleppa per innbyggjar, blant dei Noreg, har eit ekstra ansvar for å bidra til utsleppsreduksjonar. Vi skal i samsvar med klimalova ha 90-95 prosent lågare utslepp i 2050. Anbefalinga vår er at mest mogleg av utsleppskutta blir gjort heime for å gi føreseielegheit og omstilling, seier miljødirektøren.
Regjeringa har nettopp hatt nytt klimamål for 2035 på høyring. Miljødirektoratet har tidlegare anbefalt at Noreg bør ta sin rettferdige del og melde inn eit mål om å redusere utsleppa i 2035 tilsvarande minst 80 prosent, samanlikna med kva dei nasjonale utsleppa var i 1990.
Miljødirektoratet anbefalte at nasjonale utslepp blir kutta med 60 prosent, og at det blir meldt inn eit separat mål og skog- og arealbruksektoren. Ei slik innretning på målet for 2035 vil gi eit klart styringssignal, auke føreseielegheita i klimapolitikken og setje rammene for dei neste ti åra.
Analysen som no er gjennomført illustrerer at eit mål om nasjonale utsleppsreduksjonar i denne storleiksordenen framleis er innanfor rekkjevidde. Miljødirektoratet sin analyse viser at utsleppa kan kuttast med 64 prosent innan 2035. Dette krev ei pakke med verkemiddel som treffer både kvotepliktige utslepp og utsleppa under innsatsfordelinga. Omstilling vil bli krevjande, men ikkje uoverkommeleg.
Ved å gjennomføre dei 15 største klimatiltaka Miljødirektoratet har greidd ut, kan Noreg oppnå ein reduksjon i klimagassutslepp på 60 prosent innan 2035.
Faktaboks: Miljødirektoratet sine tiltaksanalysar
Miljødirektoratet publiserer årleg eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om moglege klimatiltak i Noreg. Desse tiltaksanalysane blir gjorde i samarbeid med -og med innspel frå andre fagetatar.
I arbeidet med korleis Noreg kan redusere nasjonale klimagassutslepp, arbeider Miljødirektoratet med tiltak og verkemiddel.
Med tiltak meiner Miljødirektoratet dei fysiske handlingane som ulike aktørar (slik som bedrifter, hushald og ulike typar statlege og kommunale verksemder) kan gjennomføre for å redusere utsleppa av klimagassar. Dette kan til dømes vere nye teknologiske løysingar, overgang til bruk av mindre energiintensive energiberarar eller energieffektivisering.
Med verkemiddel meiner Miljødirektoratet dei styringsverktøya som styresmaktene har tilgjengeleg for å utløyse det konkrete tiltaket. Avgifter, subsidiar, påbod, forbod, avtalar, opplysningsverksemd osv., er verkemiddel som kan brukast for å utløyse tiltak.
Formålet med tiltaksanalysar er å systematisk vurdere kva moglegheiter som finst for å redusere klimagassutsleppa i Noreg, kva verkemiddel som kan bidra, og kostnader ved gjennomføring.
Miljødirektoratet har greidd ut klimatiltak i alle sektorar. Tiltaka er tilgjengelege her. Beskrivinga av eit tiltak inneheld følgjande informasjon:
- utsleppsreduksjonspotensial
- barrierar
- moglege verkemiddel/verkemiddelpakkar
- samfunnsøkonomiske verknader
- endringar i behov for kraft og biomasse
- beskriving av tiltaket og føresetnader som ligg til grunn for utslepps- og kostnadsberekningar
Faktaboks: Klimatiltak lett tilgjengelege på nett
Miljødirektoratet lanserer ny nettside med oversikt over moglege klimatiltak, barrierar og verkemiddel.
Miljødirektoratet har oppdatert kunnskapsgrunnlaget om korleis vi i Noreg kan redusere dei nasjonale utsleppa våre, Klimatiltak i Noreg – Kunnskapsgrunnlag 2025.
Tiltaksanalysen er ein gjennomgang av korleis utslepp kan kuttast og kvifor det er krevjande for ulike aktørar, til dømes lastebileigarar som skal elektrifisere køyretøyparken, å gjennomføre tiltaka. Analysen beskriv også ulike verkemiddel som kan bidra til å redusere desse barrierane. Døme på verkemiddel er avgifter, krav og subsidiar eller EU-reguleringar.
Analysen er gjennomført i samarbeid med andre fagetatar. I 2025 er tiltaka gjorde meir tilgjengelege enn før.
Nøkkelord
Kontakter
Anette Kronstad SørheimKommunikasjonsrådgiver, Miljødirektoratet
Tel:+4799434162anette.kronstad.sorheim@miljodir.noBilder
Lenker
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Oslofjorden i alvorlige problemer tross økt innsats20.1.2025 10:22:10 CET | Pressemelding
Innsatsen for å redde Oslofjorden er trappet godt opp det siste året. Likevel sliter fjorden, og det vil ta lang tid å reparere den.
Oslofjorden i alvorlege problem trass auka innsats20.1.2025 10:22:10 CET | Pressemelding
Innsatsen for å redde Oslofjorden er trappa godt opp det siste året. Likevel slit fjorden, og det vil ta lang tid å reparere han.
På disse 15 strendene får du ikke rydde søppel16.1.2025 09:01:53 CET | Pressemelding
Norge har styrket overvåkingsprogrammet for strandsøppel. Nå skal hver plastbit telles.
På desse 15 strendene får du ikkje rydde søppel16.1.2025 09:01:53 CET | Pressemelding
Noreg har styrkt overvakingsprogrammet for strandsøppel. No skal kvar plastbit teljast.
Reduserte klimagassutslipp i de fleste norske kommuner10.1.2025 10:00:00 CET | Pressemelding
Nye tall viser at klimagassutslippene gikk ned i de fleste kommunene i 2023.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom