Camp Akkasæter veks fram – ferdigstilling i sikte for 2026
Leiren har vorte ein mønstermodell for mottak av allierte styrkar og framtidig bruk av Forsvarets avdelingar. Tyske allierte tek i bruk dei nye bygga i slutten av januar under vinterøvinga si.
Forsvaret og Forsvarsbygg markerte bruken av to nye forlegningar og eit teknisk bygg i eit vêr Akkasæter i Blåtind/Målselv også kan levere. Vindstille og sol på fjella!
Høg aktivitet av allierte som øver og trenar
Aktiviteten på leiren har auka betrakteleg det siste året, mellom anna grunna høgt nærvær av tyske styrkar under vinterøvinga Nordic Response i 2024. For å handtere dette, er det etablert både mellombelse og permanente teltløysingar, inkludert seks forlegningstelt, eit sanitærtelt, eit messetelt og eit lager. Samtidig har arbeidet med fleire permanente bygg komme langt.
Tilrettelegging for heilårs bruk
-Det blir bygd forsvarsevne kvar dag. I Akkasæter er det lagt til rette for at det blir øvd, trena og at militært personell bur på ein svært tilfredsstillande måte, seier Jørn Myrlund, prosjektsjef i Forsvarsbygg.
Infrastrukturen er på plass, og det inkluderer vegar, plassar, vass- og avløpssystem, og dessutan eit omfattande fjernvarmeanlegg med titals energibrønnar. Vassforsyninga er sikra for brannvern, og avløpssystemet vil bli kopla til eit reinseanlegg som er forventa ferdigstilt til sommaren.
Vidare utbygging er allereie på gang
Dei neste fasane på Akkasæter omfattar fleire store delprosjekt. Det tredje forlegningsbygget skal etter planen ferdigstillast i løpet av 2025 med ein kapasitet på 170 personar.
-Forventninga er at heile Camp Akkasæter står ferdig innan sommaren 2026. Klar til å møte framtidas behov for både nasjonale og internasjonale styrkar, seier Jørn Myrlund.
Entreprenørar har vore Skanska Husfabrikken AS, Peab Bygg AS og Målselv Maskin AS.
Akkasæter-modellen viser veg for framtidas forsvarsutbygging
Sjef for Hærstaben, brigadar Trond Nilsen, fortalde at «Akkasæter-modellen» er no eit omgrep i Forsvarets langtidsproposisjon. Modellen er basert på ein enkel, men funksjonell standard. Fleirbruksløysingar i staden for skreddarsaum, og eit redusert tal bygg med fleire funksjonar.
-Akkasæter har vorte eit symbol på kva godt samarbeid og effektiv gjennomføring kan oppnå. Dette gir grunnlag for standardiserte løysingar som kan etablerast i heile landet. I tett samarbeid med Forsvarsbygg har Hæren utvikla eit prosjekt som ikkje berre leverer gode løysingar, men som også viser veg for framtidige anskaffingar, sa brigaderen.
Effektiv gjennomføring og stor interesse for Akkasæter-prosjektet
Brigader Nilsen fortalde at det blir planlagt totalt for 12 000 sengeplassar i nord og 7 000 i sør. Den gode infrastrukturen ved Akkasæter styrkjer Noregs posisjon som ein attraktiv vertsnasjon for internasjonale styrkar.
-Forsvarsbygg har gjennom prosjektet vist framifrå leiing og samarbeidsevne, og ver stolte av innsatsen de har lagt ned. De byggjer ikkje berre infrastruktur – de styrkjer forsvaret og byggjer forsvarsevne kvar einaste dag, understreka Nilsen.
Samarbeid og tilrettelegging viktig
Sjef for Alliert treningssenter, ATS, Frank Aarbog, trekte fram at Camp Akkasæter er ein del av det operative planverket, og viktig for beredskapen. Dette er i tråd med Langtidsplanen for sektoren og skal brukast av både allierte og Forsvaret.
Ordførar i Målselv Martin Nymo framheva at det var ein stor dag og ein milepæl at det no står permanente bygg i leiren på Akkasæter.
- Vi har eit kjedeleg bakteppe med krig i Europa, og då er det imponerande å sjå at Camp Akkasæter har utvikla seg raskt og i godt samarbeid med Forsvarsbygg og Forsvaret.
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt
Tel:47 7777 47pressevakt@forsvarsbygg.noBilder
Følg pressemeldinger fra Forsvarsbygg
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Forsvarsbygg på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Forsvarsbygg
Første spadetak for nytt kontorbygg på Linderud leir24.1.2025 13:15:30 CET | Pressemelding
Forsvarsbygg er i gang med å oppgradere Linderud leir i Oslo, som en del av forsvarsløftet. Nå får Krigsskolen nytt kontorbygg.
Gamle festningsmurer og nyåpna kasematter gitt nytt liv på Kongsvinger festning16.1.2025 12:26:24 CET | Pressemelding
Til sommeren kan publikum igjen oppleve deler av festningen som har vært stengt på grunn av usikre murer. Forsvarsbygg har gjennomført et nøyaktig restaurerings- og sikringsarbeid av festningsmurer og kasematter.
Forsvarsbygg styrkjer samarbeidet med leverandørmarknaden for eit beredskapsklart Noreg17.12.2024 10:06:56 CET | Pressemelding
Forsvarsbygg er den største byggherren i landet og ein profesjonell eigedomsaktør med ei avgjerande rolle i styrkinga av Noregs forsvarsevne. Verdien på rammeavtalen på 1,5 milliardar kroner for leverandørmarknaden er nå signert.
Grunnsteinsnedleggelse for ubåtfasilitetene på Haakonsvern i Bergen2.12.2024 18:00:15 CET | Pressemelding
Tysklands forsvarsminister Boris Pistorius og forsvarsminister Bjørn Arild Gram markerte i dag grunnsteinsnedleggelse for de nye ubåtenes vedlikeholdsfasilitet ved Sjøforsvarets hovedbase Haakonsvern i Bergen.
Nytt hybelbygg åpnet i Rena leir18.11.2024 11:32:08 CET | Pressemelding
Forsvarsbygg har oppført et nytt hybelbygg Hæren i Rena leir i Åmot kommune i Innlandet fylke. Fredag i forrige uke ble «Åsegarden» offisielt åpnet sammen med Forsvaret og entreprenøren Ø.M Fjeld
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom