Avventar handsaming av Bømlafjordkryssing
Samferdselsdepartementet har bestemt at KVU E39 kryssing av Bømlafjorden ikkje skal handsamast vidare i denne omgangen.

Dette inneber at det ikkje skal gjennomførast ei ekstern kvalitetssikring (KS1) eller realitetshandsaming av konseptvalet for fjordkryssinga no.
Bakgrunnen for avgjerda er at prosjektet E39 Ådland–Svegatjørn (Hordfast) ikkje er prioritert i Nasjonal transportplan 2025–2036 (Meld. St. 14), og difor ikkje er planlagt bygt i denne perioden. Bygginga av Hordfast ligg som ein viktig føresetnad for KVU E39 kryssing av Bømlafjorden. Med ein forventa trafikkauke på strekninga, mellom anna som følgje av Hordfast, vil Bømlafjordtunnelen trenge betre rømmingsvegar og eit ekstra tunnelløp.
Reguleringsplanen for E39 Hordfast vil bli gjort ferdig, slik at den kan brukast som grunnlag for vurderingar ved eventuelle endringar i Statens vegvesen sin planportefølje.
KVU E39 kryssing av Bømlafjorden vart bestilt av Samferdselsdepartementet i brev til Statens vegvesen 5. juli 2021. Statens vegvesen sende over den ferdige KVU-rapporten til Samferdselsdepartementet 11. mars 2024. I rapporten tilrådde Statens vegvesen konsept K3, som gjer det mogeleg å utvikla dagens E39 til firefelts veg og m.a. inneber bygging av ein ny tunnel parallelt med dagens Bømlafjordtunnel. Konseptet er fleksibelt, og kan byggjast ut i etappar etter kvart som behovet gjer seg gjeldande. KVU-rapporten var òg på høyring i perioden 25. mars–28. juni 2024, og fleirtalet av innspela støttar tilrådinga.
Kontakter
Ole-Mathias NesStatens vegvesen, Transport og samfunn
Tel:97502146ole-mathias.nes@vegvesen.noLenker
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape eit smart og samanhengande transportsystem på veg for heile Noreg. Det skal vere enkelt å reise og transportere varer – på sikre vegar tilpassa framtidas behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Nappstraumen-kontrakt satt på vent14.2.2025 15:30:26 CET | Pressemelding
Arbeidet med å oppgradere Nappstraumtunnelen i Lofoten forsinkes etter begjæring om midlertidig forføyning.
E6 i Eidsvoll åpner med redusert kapasitet i ettermiddag14.2.2025 13:14:57 CET | Pressemelding
E6 ved Morskogen i Eidsvoll planlegges åpnet for trafikk i ett felt i hver retning rundt klokka 14, men trafikantene må være forberedt på køer.
Andselv bru på E6 får nytt rekkverk14.2.2025 12:40:31 CET | Pressemelding
Nå starter arbeidet med å bygge nytt rekkverk på Andselv bru i Målselv kommune. E6 blir innsnevret til én kjørebane de neste månedene.
Statens vegvesen etablerer døgnkvileplass mellom Førde og Sandane14.2.2025 07:49:12 CET | Pressemelding
Statens vegvesen skal etablera døgnkvileplass på E39 mellom Førde og Sandane.
Usikkert om E6 i Eidsvoll kan åpnes før helga13.2.2025 17:37:33 CET | Pressemelding
Arbeidet med å rydde og sikre E6 ved Morskogen i Eidsvoll tar mer tid enn forventet, og det er usikkert når vegen kan åpnes.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom