Vossabia vinn nasjonal pris!
16.1.2025 11:40:13 CET | Innovasjon Norge | Pressemelding
Voss-bedrifta klatrar heilt til topps og vinn den nasjonale bedriftsutviklingsprisen i landbruket. Førstepremien er på 250 000 kroner.

– Eg er overvelda, rørt og veldig stolt. Det er fantastiske bedriftar som er finalistar til denne prisen, og eg ser på alle som verdige vinnarar. Det er veldig spanande å få ein slik anerkjenning når ein driv med ukonvensjonell næring i distriktet, seier ein rørt leiar av Vossabia, Renate Lunde, etter at tildelinga er eit faktum.
Vinnarbedrifta frå Voss i Vestland fylke lagar hud- og hårpleieprodukt basert på dei lokale og økologiske råvarane ho har tilgjengeleg på garden. Dette er for eksempel honning, bivoks og ville urter. Det andre kallar ugras ser Renate på som moglege ingredienser.
Renate Lunde og Vossabia vinn den nasjonale prisen foran dei to øvrige finalistane: Hørte gård frå Buskerud og Til Elise Fra Marius frå Nordland.
Vedig vinnar
Prisen vart delt ut i samband med International Grüne Woche som arrangerast i Berlin denne veka, og vart overrekt til prisvinnaren av landbruks- og matminister Geir Pollestad, som delte ut prisen på vegne av Innovasjon Noreg.
– Dette viser at det er mogleg å skape store verdier av gårdens ressurser, gjennom ein litt utradisjonell form for jordbruk. Det vil vi gjerne sjå meir av, sier landbruks- og matminister Geir Pollestad om prisvinneren.
Innovasjon Noreg-direktør Håkon Haugli er full av lovord om bedrifta som til slutt stakk av med sigeren framfor sine konkurrentar.
– Denne prisen er verkeleg fullt fortjent, seier Haugli.
– Renate Lunde har gjort ein fantastisk jobb med Vossabia, og ho har vist kva som er mogleg om ein tenkjer kreativt. Produksjon av hud- og hårpleieprodukt er nok ikkje det første ein tenkjer på når ein ser for seg ein gard på vestlandet, men her har har det vore ei ekte vinnaroppskrift, meiner han.
– Renate og Vossabia gjer noko som vi håpar er til inspirasjon for andre. Å nytte dei ressursane som ein har tilgjengeleg er rett og slett "god business", avsluttar Haugli.
God marknadsføring
Gjennom god marknadsføring og ei rekkje spanande produkter har Renate Lunde og Vossabia nådd ut til fantastiske 100 000 kundar og 120 forhandlarar i heile landet. Bedrifta har med det opplevd ei utruleg imponerande vekst med sunn økonomi og resultat.
– Vi er i stadig vekst og har no ein søknad inne for å få realisert nytt bedriftsbygg som vil kunne løfta bedrifta vidare, seier den ferske prisvinnaren.
Bedriftsutviklingsprisen i landbruket
Innovasjon Norge delar kvart år ut bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Det er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert en vellukka bedrift eller næring med basis i bygdenes og landbrukets ressursar. Kvart år blir det kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner. Dei fylkesvise vinnarane kjempar deretter om den nasjonale prisen på 250 000 kroner. Her kan du sjå dei regionale prisvinnarane.
Nøkkelord
Kontakter
Herman RingstadKommunikasjonsrådgiver
Tel:480 40 535herman.ringstad@innovasjonnorge.noBilder

Innovasjon Noreg bidrar til berekraftig vekst og eksport for norsk næringsliv gjennom kompetanse, kapital og nettverk. Innovasjon Noreg kan hjelpe norske verksemder med å tre inn i ein ny marknad for første gong eller for å utvide ei internasjonal satsing.
Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Ti bedrifter nominert til Eksportprisen12.2.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Årets ti nominerte representerer fremragende norsk teknologi, industri og kompetanse fra hele landet, og har alle solide gjennombrudd i globale markeder.
Norsk reiseliv på vekstkurs11.2.2026 11:06:10 CET | Pressemelding
Norge hadde i 2025 rekordmange overnattinger ved kommersielle overnattingssteder.
Brødrene Freberg vinner den nasjonale bedriftsutviklingsprisen i landbruket15.1.2026 13:52:15 CET | Pressemelding
Grønnsaksprodusenten fra Nøtterøy gikk helt til topps i den nasjonale kåringen.
Mindre eksporthjelp til norske bedrifter8.1.2026 15:36:38 CET | Pressemelding
Som følge av vedtatt statsbudsjett for 2026 må Innovasjon Norge redusere kapasiteten i eksportarbeidet både i Norge og internasjonalt.
Sterkt reiselivsår i 202529.12.2025 15:18:51 CET | Pressemelding
Norsk reiseliv legger bak seg et svært sterkt år i 2025, med kraftig vekst i utenlandske overnattinger. Utsiktene for 2026 vurderes som gode, men veksten må i større grad komme hele landet og hele året til gode.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom