Nytt redaktør-team i Internasjonal politikk
Tre nye redaktørar tek over styringa i NUPI-tidsskriftet Internasjonal politikk (IP).
– Norsk utanrikspolitikk seglar vidare i stormfulle farvatn. Då treng vi eit solid og ope tilgjengeleg fagleg tidsskrift som legg vekt på norsk utanrikspolitikk, seier Thor Olav Iversen.
Iversen er en del av det nye redaktørkollegiet i IP saman med Kristin Fjæstad og Ole Martin. Dei ser fram til å føre vidare den lange tradisjonen til tidsskriftet for å fremje forskingsbasert kunnskap om internasjonale spørsmål og norsk utanrikspolitikk.
Og det er tydelegvis eit stort behov for denne typen utgiving. Dei siste åra har nedlastingane sjudobla seg.
Saman har dei tre ambisjonar om å gjere tidsskriftet endå meir relevant og tilgjengeleg for både andre akademikarar, studentar og alle som jobbar med og er interesserte i utanrikspolitikk.
Eit samfunnsoppdrag i endring
Internasjonal politikk vart grunnlagd i 1937, og har sidan 1960 vorte gitt ut av NUPI. I snart ti år har det vore gratis og ope tilgjengeleg på nett for alle som eit såkalla “open access”-tidsskrift.
IP kjem ut i digitalt format fire gonger i året og publiserer originale fagarbeid på norsk, svensk og dansk.
Tidsskriftet siktar mot å nå breitt ut til publikum og spesielt dei med interesse for internasjonale relasjonar. Dette samfunnsoppdraget står framleis sentralt, men det nye redaktørteamet vil samtidig utforske moglegheiter for å gjere tidsskriftet endå meir tilgjengeleg for offentlegheitane i Noreg og Skandinavia. Dei vil også styrkje koplinga mellom akademia, styring og politikk ved å leggje vekt på praktiske bruksmåtar av forskinga.
Fokus på tilgjengelegheit og relevans
Det nye redaktørteamet kjem frå kvar sin forskingsgruppe ved NUPI: Stormoen er frå Forskningsgruppen for tryggleik og forsvar, Iversen frå Forskningsgruppen for fred, krise og konflikt, og Fjæstad frå Forskningsgruppen for Russland, Asia og internasjonal handel.
– Dei tre komplementerer kvarandre godt med omsyn til forskingserfaring, metodologisk kompetanse og områdeekspertise. Vi har stor tru på at dei kjem til å gjere ein svært god jobb og løfte tidsskriftet ytterlegare, seier Kari M. Osland, direktør ved NUPI.
Iversen, som tidlegare har jobba som journalist og vore redaktør for fleire tidsskrift og magasin, trekkjer fram viktigheita av å bevare norsk som fagspråk.
– Vi må ta vare på norsk som eit levande fagspråk. Dette er avgjerande for å styrkje koplinga mellom akademia og den demokratiske offentlegheita. Eg ønskjer også å auke bruken av nynorsk i tidsskriftet, seier han.
Nyleg vart det kjent at Nordisk Østforum blir lagt ned i 2025. I lys av dette ser Fjæstad også eit klart behov for å styrkje dekninga av politikk i austlege regionar.
– Med mi faglege interesse, nettverk og bakgrunn vil eg bidra til at Internasjonal politikk ser litt meir austover, seier Fjæstad, som i fleire år har forska på statsdanning i det tidligare Sovjetunionen.
Ole Martin Stormoen, som er doktorgradsstipendiat ved NUPI, påpeikar at tidsskriftet har ei viktig rolle i å gi unge forskarar publiseringsmoglegheiter og erfaring.
– Vi vil halde fram med å vere ein arena kor unge forskarar kan få innpass, rettleiing og hjelp til å utvikle seg som forskerar.
Med erfaringa si frå tryggingspolitikk og ekstremismefeltet ser han spesielt potensial for å styrkje rolla til tidsskriftet i tryggleiks- og forsvarsdebatten.
Det nye redaktørteamet er altså oppteke av å vidareutvikle tidsskriftet i takt med samtida sine utfordringar. Dei vil vektleggje formidling, inkludere fleire stemmer i den faglege samtalen og skape eit sterkare samband mellom akademia og andre delar av demokratiet.
Blir ikkje berre lese av akademikarar
Dei førre redaktørane, Minda Holm, Niels Nagelhus Schia og Pernille Rieker, har drive tidsskriftet sidan 2017.
– Å få vere redaktørar for Internasjonal politikk har vore ei stor glede. I ei tid der dei fleste fagdebattar går føre seg på engelsk i lukka tidsskrift, har det vore både meiningsfullt og interessant å få jobbe med eit tidsskrift som også løftar fram internasjonale spørsmål på skandinavisk. Ikkje minst gjeld dette fokusspaltene våre, som har gitt plass til faglege refleksjonar rundt høgaktuell tematikk. Det er ein styrke at tidsskriftet ikkje berre blir lesne av andre akademikarar, men også av politikarar, studentar, journalistar, og andre som er interesserte i global politikk. Vi er sikre på at den nye redaksjonen vil gjere ein strålande jobb med å vidareutvikle tidsskriftet, og ønskjer dei lykke til, uttalar dei tre utgåande redaktørane.
Nøkkelord
Kontakter
Therese LeineSenior kommunikasjonsrådgiverKommunikasjonsavdelingen
Tel:47644699therese@nupi.noLenker
Om oss
NUPI tilbyr tjenester innen forskning, analyse og utredning, i tillegg til undervisningsrelaterte tjenester rettet mot skolen.
Følg pressemeldinger fra NUPI - Norsk Utenrikspolitisk Institutt
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NUPI - Norsk Utenrikspolitisk Institutt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra NUPI - Norsk Utenrikspolitisk Institutt
Få nyheter og forskning om aktuelle geopolitiske spørsmål i innboksen4.12.2024 14:18:55 CET | Aktuelt
Senter for Geopolitikk, som ledes av NUPI, starter i desember 2024 et nyhetsbrev rettet mot alle med interesse for forskning på geopolitiske spørsmål av relevans for Norge.
Trump i det Hvite Hus – hva betyr det for Norden?8.11.2024 07:30:00 CET | Presseinvitasjon
Torsdag 14. november samles forskere fra fem ledende utenrikspolitiske institutter i Norden for å analysere konsekvenser av valget i USA.
Donald Trump er USAs neste president. Hva betyr det for oss?7.11.2024 11:07:09 CET | Presseinvitasjon
12. november inviterer NUPI til seminar om konsekvensene av det amerikanske presidentvalget.
– Det viktigste USA-valget på en generasjon26.9.2024 14:04:46 CEST | Pressemelding
Mange europeere frykter at Trump blir gjenvalgt. Men også Harris’ prioriteringer kan vise seg å bli krevende for Europa, ifølge en ny NUPI-rapport.
Prestisjefull EU-finansiering til NUPI-prosjekt5.9.2024 12:04:54 CEST | Pressemelding
Nåløyet var særdeles trangt, men Paul Beaumont sikret NUPI 17,7 millioner kroner til å undersøke hvordan politikere, byråkrater, medier og sivilsamfunn bruker såkalte landprestasjonsindikatorer.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom