Reduserte klimagassutslepp i dei fleste norske kommunar
Nye tal viser at klimagassutsleppa gjekk ned i dei fleste kommunane i 2023.
–Det er bra å sjå at utsleppa i kommunane går ned. Dei gjer ein god jobb, og den lokale innsatsen er viktige for at vi skal nå klimamåla våre. Å få ned utsleppa er heilt avgjerande for gode liv både for oss og for dei som kjem etter oss, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Nesten tre av fire norske kommunar har redusert utsleppa av klimagassar i 2023 samanlikna med 2009, som er første året i Miljødirektoratet sitt klimagassrekneskap for kommunar.
I over 80 prosent av kommunane er utsleppa reduserte frå 2022 til 2023.
–Klimagassrekneskap for kommunar og fylke bidreg til auka forståing for utsleppa lokalt, og er eit verktøy for kommunane i deira klimaarbeid. Vi opplever at kommunane er engasjerte, og oppdaterte tal viser at fleire deltek aktivt med å redusere klimagassutsleppa, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Dei fleste kommunar har sidan 2009 redusert utsleppa frå vegtrafikk, oppvarming, avfall og avløp. Dette kjem av auka bruk av elbilar og biodrivstoff i vegtrafikken, forbod mot bruk av fossil olje til oppvarming, og forbod mot deponering av organisk avfall. Mange kommunar har også reduserte utslepp frå ikkje-veggåande motorreiskapar som traktorar, anleggsmaskiner og snøskuterar, som følgje av auka bruk av biodrivstoff og elektriske maskiner.
–For å hjelpe kommunane til å kutte endå meir, gir vi dei fleire verktøy. Vi jobbar for å få fleire varebilar, lastebilar og bussar over på straum. Vi vil også gi kommunane høve til å stille krav om utsleppsfrie byggjeplassar, og vi støttar finansiering av utsleppsfrie ferjer og hurtigbåtar, seier Bjelland Eriksen.
Lenkje: Nye utsleppstal for alle kommunar og fylke
Miljødirektoratet sitt klimagassrekneskap for kommunar viser korleis utsleppa av klimagassar har utvikla seg frå 2009 til 2023 innanfor kommunar og fylke sine grenser, fordelt på ni ulike sektorar.
Kommunane bidreg til viktige utsleppskutt gjennom ulike roller
– Det er mange utsleppskjelder kommunane ikkje har direkte kontroll over, til dømes flyplassar, riksvegar og store industrianlegg, noko som gir enkelte kommunar relativt høge utslepp. Kommunane har likevel mange verkemiddel for å bidra til å redusere klimagassutsleppa i kommunen sin, og denne lokale innsatsen er heilt avgjerande for at Noreg skal kutte nødvendige utsleppsreduksjonar, seier miljødirektøren.
Miljødirektoratet har vurdert korleis kommunane kan bidra til at ulike klimatiltak blir gjennomførte, og konkluderer med at kommunesektoren har ein eller fleire roller i svært mange tiltak.
Kommune og fylkeskommune kan påverke utsleppa gjennom rollene sine som styresmakt, innkjøpar, eig og driftar, og som samfunnsutviklar. Til dømes kan kommunane både som arealplanleggjar og gjennom fysisk tilrettelegging, leggje til rette for redusert transportbehov og meir klimavennleg transport, der det blir enklare å velje sykkel, gonge og kollektivt, framfor å ta bilen. Som innkjøpar har kommunane stor påverking, mellom anna ved å stille klimakrav i eigne anskaffingar for byggje- og anleggsverksemd.
Reduserte utslepp frå personbilar i alle kommunar i 2023
Sjølv om det i 2023 var meir trafikk på vegane i dei fleste kommunane enn året før, gjekk klimagassutsleppa frå personbilar i gjennomsnitt ned med ni prosent. At stadig meir av køyringa blir gjort med elbil og mindre med bensin- og dieselbil, bidrog til dette. Ein stor auke i biobensin bidrog også til å trekkje utsleppa ned.
I dei fleste kommunane gjekk utsleppa frå tunge køyretøy noko ned i 2023 samanlikna med 2022, medan utsleppa frå varebilar og bussar gjekk opp.
Auka utslepp frå oppvarming i over halvparten av norske kommunar i 2023
Klimagassutsleppa frå oppvarming i næringsbygg og hushald har stort sett vore fallande sidan 2009, men har auka sidan 2020. Frå 2022 til 2023 auka utsleppa med 11 prosent samla sett, særleg på grunn av auka bruk av propan (LPG), til oppvarming. Auken i bruken kan mellom anna kome av at fleire som tidlegare har brukt naturgass har gått over til propan på grunn av auka naturgassprisar. Auken i 2023 kan også ha samanheng med at dette var eit kaldare år enn 2022.
Faktaboks: Klimagassrekneskap for kommunar og fylke
- Miljødirektoratet sitt klimagassrekneskap for Noregs kommunar og fylke viser utslepp av klimagassar på 45 ulike utsleppskjelder og ni hovudsektorar.
- Kjeldeinndelinga er i hovudsak den same som blir brukt i den nasjonale utsleppsrekneskapen som blir berekna av Statistisk sentralbyrå (SSB).
- SSB, Kystverket, Eurocontrol og Nilu er viktige leverandørar av data og utsleppsberekningar for enkeltkjelder, saman med utslepps- og energital som verksemdene gir til Miljødirektoratet.
- På grunn av ulike datakjelder og avgrensingar kan ikkje det kommunale og den nasjonale klimagassrekneskapen blir samanlikna direkte.
Faktaboks: Forbetringar i rekneskapen
Klimagassrekneskapen blir stadig forbetra og vidareutvikla. Både ved at nye metodar og betre data blir tekne i bruk. I år er dei viktigaste endringane gjorde i sjøfart og vegtrafikk:
Sjøfart:
- Miljødirektoratet har no gått over til å publisere utsleppsestimat frå den nye modellen i Kystverket Maru (Maritime utslepp). Modellen er meir detaljert enn modellen som tidlegare vart brukt. Det er no mogleg for kommunane å sjå korleis utsleppa er fordelt mellom anna mellom trafikk til/frå kommunen og gjennomfartstrafikk. Mange kommunar har ønskt at denne trafikkfordelinga er synleg - gjennomfartstrafikk utgjer ein stor del av sjøfartsutsleppet i mange kommunar. Modellen har også fleire små fartøy inkludert enn modellen som tidlegare vart brukt, mellom anna innan fiske og havbruk. Havbruksfartøy er også skilt ut som eigen kategori.
- Utsleppsestimata i Maru er samla sett noko lågare enn estimata frå modellen som tidlegare vart brukt. Dei fleste kommunane har dermed noko lågare utsleppsestimat enn før. For ein del kommunar kan endringane likevel vere store, også i form av store aukingar.
- Utsleppsestimata i Maru tek omsyn til ferjer og andre fartøy som er elektrifiserte, i den grad informasjonen om batterifartøy er tilgjengeleg i Kystverket/Miljødirektoratet sine oversikter.
- Maru nyttar nasjonale gjennomsnittsverdiar for bruk av landstraum. Dette kan i mange tilfelle vere lite representativt for bruken av landstraum i kvar enkelt kommune. For å forbetre modellen og utsleppsestimata, ønskjer Miljødirektoratet framleis å innhente data for landstraumbruk frå kommunane. Rapporteringsskjemaet som kommunane kan bruke er enklare enn det var tidlegare.
Vegtrafikk:
- Tala for utvikling av tungbiltrafikken før 2019 er oppdaterte, som gir ein vesentleg brattare utsleppsvekst for denne køyretøygruppa i perioden fram til 2019.
- Trafikkutvekslinga er oppdatert med nye berekningar. Dette gjer at ein vesentleg større del av trafikkutvekslinga mellom kommunane blir fanga opp. Betydninga dette har for berekna utslepp innanfor kommunegrensa er generelt relativt liten, men for berekning av utslepp frå innbyggjarane i kommunen (køyring innanfor og utanfor kommunegrensa), gir det større utslag.
- Mange køyretøy, særleg bussar og tunge køyretøy, opererer ofte i andre kommunar enn der køyretøyet er registrert. I oppdateringa i år vart køyrelengder for buss korrigerte for å ta betre omsyn til kvar bussane faktisk køyrer, men det er framleis relativt stor uvisse i berekna køyrde km per drivstoffkategori for buss.
- Kor stort utslag endringane gir varierer mykje mellom kommunar.
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt
Tel:40 10 38 00presse@miljodir.noBilder
Dokumenter
Lenker
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Reinare luft krev større klimakutt30.12.2024 07:59:45 CET | Pressemelding
Stadig betre luftkvalitet forsterkar den globale oppvarminga, viser nye data. Løysinga er å kutte utslepp av klimagassar endå raskare.
Fødselsboom hos fjellrevene27.12.2024 10:43:14 CET | Pressemelding
-Flere års iherdig innsats for å bevare fjellreven har gitt så gode resultater at fjellreven ikke lengre er kritisk truet. Vi fortsetter arbeidet for at fjellrevbestanden kan bli levedyktig på sikt, sier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.
Fødselsboom hos fjellrevane27.12.2024 10:43:14 CET | Pressemelding
-Fleire års iherdig innsats for å bevare fjellreven har gitt så gode resultat at fjellreven ikkje lengre er kritisk trua. Vi held fram arbeidet for at fjellrevbestanden kan bli levedyktig på sikt, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.
Rekordmange jerv felt i år20.12.2024 10:53:26 CET | Pressemelding
60 felte jerv på lisensjakt i høst er rekord, og bidrar til mindre tap av sau og tamrein. Det gjør også behovet for ekstraordinære fellinger mindre.
Rekordmange jerv felt i år20.12.2024 10:53:26 CET | Pressemelding
60 felte jerv på lisensjakt i haust er rekord, og bidreg til mindre tap av sau og tamrein. Det gjer også behovet for ekstraordinære fellingar mindre.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom