Fellesprosjektet Arna-Stanghelle: Første kontrakt for førebuande arbeid er ute i marknaden
7.1.2025 13:14:38 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Prosjektet reknar med at entreprenør kan vere på plass allereie i april. Det betyr at førebuinga for tunnelane i gigantprosjektet kjem i gang i år.

I tråd med Statsbudsjettet har prosjektet kunngjort kontrakt for berg- og skredsikring av anleggsområda på Vaksdal, Stanghelle og Helle. Konkurransen vert gjennomført som ei open anbodskonkurranse med frist 10.02.25
Sikring av anleggsområda
Arbeidet omfattar rensk og sikring av fjellskjeringar og andre tiltak for å sikre dei framtidige anleggsområda og redusere risikoen for skred under anleggsperioden. Det er berekna at arbeida vil ta om lag eitt år.
- Kontrakten er avgjerande for tryggleiken i dei framtidige anleggsområda der vi seinare skal i gang med sprenging for nye tunnelar til veg og bane, seier prosjektleiar i Fellesprosjektet Kari Bremnes.
Områda det skal utførast arbeid i ligg over framtidige tunnelar for veg og bane fire stader på Vaksdal, ein stad på Stangelle og eit område på Helle. Områda det skal verte arbeida i ligg tett på dagens E16, og det vil tidvis vere manuell dirigering og kortvarig stans i trafikken medan arbeida går føre seg. Prosjektleiar Bremnes seier dei vil planlegge arbeida med omsyn til store utfartshelgar, til dømes i samband med idrettsarrangement.
Avgjersle om investering kjem truleg til våren
Byggestart for sjølve prosjektet med nye tunnelar for veg og bane, tverrslag og fjellhallar føreset vedtak i Stortinget om kostnadsramme og delvis bompengefinansiering. Regjeringa har signalisert at dei vil leggje fram proposisjon for handsaming Stortinget til våren.
Fakta om prosjektet
Prosjektet er eit fellesskap mellom Bane NOR og Statens vegvesen der veg og bane vert bygt ut samtidig, frå Arna utanfor Bergen, til Stanghelle i Vaksdal kommune. På grunn av den vestlandske topografien med bratte fjell og djupe fjordar, skal traseen i all hovudsak verte lagt i tunnel.
Fellesprosjektet Arna-Stanghelle vil gi auka trafikktryggleik, føreseieleg transport, auka kapasitet for gods på bane og redusert reisetid.
Slik blir ny veg og bane:
- Totalt 80 kilometer med tunnelar skal byggast i det som er landets største tunnelprosjekt gjennom tidene.
- Ny E16 vert bygt som firefelts veg frå Arna til Trengereid, og vidare mot Stanghelle som tofelts veg.
- Jernbana vert bygd som dobbeltspora tunnel mellom Arna stasjon til ny stasjon på Vaksdal, og vidare til ny stasjon på Stanghelle.
- Byggetida er forventa å vere om lag 12 til 14 år.
- Ein viktig del av Fellesprosjektet Arna-Stanghelle er anleggstunnelene og fjellhallene som, via sjakter, skal føre massane frå tunnelane til deponia i på 300 meters djup i Sørfjorden. Desse sjaktene vil bli plassert strategisk for å sikre effektiv transport av overskotsmassar frå tunnelbygginga. Sjaktene vil bidra til å redusere transportbehovet på offentleg veg, noko som vil redusere miljøpåverknaden og trafikkbelastninga i området. Deponia i Sørfjorden er nøye utgreia og godkjent av Statsforvaltaren for å sikre at massane blir handtert på ein trygg måte og mest mogleg skånsam måte for omgjevnadene.
Nøkkelord
Kontakter
Kari BremnesFellesprosjektet Arna-Stanghelle
Tel:95253159kari.bremnes@vegvesen.noBilder




Lenker
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Skredsikringen på E6 i Rosten tar lengre tid enn planlagt15.9.2026 12:42:31 CEST | Pressemelding
Den siste delen av skredsikringen på E6 i Rosten sør for Dombås tar lengre tid enn planlagt. Monteringen av fanggjerdene vil fortsette i oktober, og kan vare til november.
Brannøving i E16 Vangstunnelen15.9.2026 10:36:56 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen har brannøving i Vangstunnelen på Voss tysdag 22. september.
Statens vegvesen ryddar opp etter Noregs største anleggskonkurs14.9.2026 13:45:00 CEST | Pressemelding
Noregs største konkurs i anleggsbransjen har skapt ein krevjande situasjon for Statens vegvesen. Tiltak er no på plass for å dempa verknadene av konkursen.
- Farlig grisekjøring via Hemsedal11.9.2026 08:30:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen frykter for sikkerheten til ansatte langs vegprosjekt på riksveg 52 i Hemsedal. Flere sjåfører har alt for høy fart gjennom anleggsområdet.
Mange stengte gater i Oslo på lørdag11.9.2026 07:55:00 CEST | Pressemelding
Oslo Maraton lørdag 12. september vil føre til stengte gater og redusert framkommelighet i sentrum.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom