Fødselsboom hos fjellrevane
-Fleire års iherdig innsats for å bevare fjellreven har gitt så gode resultat at fjellreven ikkje lengre er kritisk trua. Vi held fram arbeidet for at fjellrevbestanden kan bli levedyktig på sikt, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Fjellreven er eit av Noregs mest utryddingstrua pattedyr, og har vore på randa til utrydding på det norske fastlandet. Ein rapport frå Norsk institutt for naturforsking (NINA) viser at fjellreven har hatt eit svært bra år i 2024, over 300 kvalpar har vorte fødde i det fri, og bestanden har vakse til 330 vaksne individ. På Svalbard blir bestanden rekna av fjellrev som levedyktig.
Den klart viktigaste faktoren som har ført til den dårlege statusen til fjellreven er tidlegare tiders uregulerte jakt og fangst. I tillegg er arealendringar, og klimaendringar truslar for fjellreven.
I 2015 var arten vurdert som kritisk trua av Artsdatabanken, medan han i 2021 vart vurdert som sterkt trua. Dette er synonymt med eitt steg forbetring på raudlista. Den langsiktige målsetjinga er at fjellreven skal vere levedyktig, og at han innan 2034 skal ha forbetra status til sårbar, ytterlegare eitt steg forbetring på raudlista.
Sidan 2004 har miljøforvaltninga brukt meir enn 10 millionar kroner per år til tiltak for å redde fjellreven frå utrydding og byggje opp ein levedyktig bestand. Vi samarbeider også tett med Sverige og Finland for å få full effekt av tiltaka.
Jamn vekst dei siste 17 åra
I fjellrevprogrammet har dei viktigaste tiltaka vore avl og utsetjing av fjellrevkvalpar, støttefôring, avgrense spreiing av raudrev inn i høgfjellet og informasjon om skånsam ferdsel. Det er mellom anna sett ut 131 foringsautomatar ved hi-lokaliteter frå Hardangervidda i sør til Varangerhalvøya i nord.
Det er Norsk institutt for naturforsking, NINA, som har ansvaret for avl av fjellrev og driv avlsstasjonen i Oppdal. Det er kvalpar som blir fødde her som blir sett ut på eigna stader i fjellområda våre. Miljødirektoratets feltapparat, Statens naturoppsyn (SNO) har også hatt ei sentral rolle i arbeidet med å bevare fjellreven, og bidra til utsetjing, støtteforing og registreringar i felt.
Rapporten frå NINA viser at bestanden no tel 330 vaksne revar. Bestandsmodellen viser ein jamn vekst gjennom dei siste 17 år. Talet på fjellrevar har sidan 2008 vorte firedobla. I 2008 vart det rekna med at det berre fanst 73 vaksne individ.
Sårbar for innavl
Rapporten frå NINA peikar på at det framleis er utfordringar med å sørgje for levedyktige bestandar. Det gjeld spesielt i Nord-Noreg der det er størst risiko for innavl i dei mange små delbestandane. Det er også ei negativ utvikling i kolstorleik i fleire av fjellrevbestandane som gir grunn til bekymring. Årsakene til dette blir no undersøkte nærare i programmet.
Pilene peikar oppover også i nabolanda våre
Pilene peikar også i rett retning for fjellreven i Sverige og Finland. Samarbeidet i den Fennoskandiske handlingsplanen gir resultat. Den Fennoskandiske bestanden veks framleis og består no av 582 vaksne individ.
I 2024 vart det dokumentert 139 kull av fjellrev i Fennoskandia, med 64 fjellrevkull i Noreg, 72 kull i Sverige og i Finland tre kull i Käsivarsi som ligg søraust for fjellområdet Reisa sør (indre Troms). Her er det utsette fjellrevar frå den norske avlsstasjonen, som har vandra ut og gjenetablert ein bestand.
Fjellrevbestanden er framleis så liten at han er heilt avhengig av forvaltningstiltak for å bli redda. Klimaendringane som skjer raskast i Arktis og nordlege område er også eit stort uvissemoment. Likevel viser kunnskapen frå programmet at forvaltningstiltaka verkar, og at det er viktig at vi tek vare på store samanhengande naturområde som fjellreven er avhengig av for å bli levedyktig på sikt.
Kontakter
Pressevakt
Tel:40 10 38 00presse@miljodir.noLenker
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Følg pukkellaks-fangsten fra dag til dag1.7.2025 14:57:26 CEST | Pressemelding
I sommer ventes storinvasjon av pukkellaks til norske elver. Du kan følge fangsten av den uønskede fremmedarten på Miljødirektoratets nettside.
Følg pukkellaks-fangsten frå dag til dag1.7.2025 14:57:26 CEST | Pressemelding
I sommar er storinvasjon venta av pukkellaks til norske elvar. Du kan følgje fangsten av den uønskte framandarten på Miljødirektoratets nettside.
Forbereder bjørnefelling i Jarfjord1.7.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet besluttet i forrige uke å iverksette felling av bjørnen som angrep en person i Jarfjord 23. juni. DNA-prøver viser nå mulig kjent individ og det jobbes videre med å identifisere riktig bjørn. Se oppdatert informasjon om status i saken under.
Fortsatt økt bruk av biodrivstoff i 202427.6.2025 10:44:24 CEST | Pressemelding
Mens salget av fossilt drivstoff faller, øker omsetningen av biodrivstoff. Det har aldri blitt brukt mer biodrivstoff i transportsektoren enn i 2024.
Framleis auka bruk av biodrivstoff i 202427.6.2025 10:44:24 CEST | Pressemelding
Medan salet av fossilt drivstoff fell, aukar omsetninga av biodrivstoff. Det har aldri vorte brukt meir biodrivstoff i transportsektoren enn i 2024.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom