Ny rapport: 71 tiltak for å løyse klima- og naturkrisa

Del

Ny rapport frå  Det internasjonale naturpanelet presenterer moglege tiltak for å vareta samanhengen mellom naturmangfald, mattryggleik, vasskvalitet, helse og klima.

Restaurering av myr bidreg til å attskape verdifulle våtmark, førebyggje flaum og binde karbon, og er såleis både eit viktig tiltak for varetaking av biologisk mangfald og eit viktig klimatiltak.
Restaurering av myr bidreg til å attskape verdifulle våtmark, førebyggje flaum og binde karbon, og er såleis både eit viktig tiltak for varetaking av biologisk mangfald og eit viktig klimatiltak. Foto: Bård Øyvind Bredesen / Naturarkivet

– Vi kan ikkje halde fram med å forbruke naturen som om den er ein uendeleg ressurs. Denne rapporten viser at dersom vi ikkje løyser naturkrisa, så vil rekninga for å ta vare på mattryggleik, reint vatn og god helse blir fordobla  dei neste ti åra. På toppen av dette kjem den auka kostnaden av å handtere klimaendringar, seier klima- og miljøminister Tore O. Sandvik.

71 konkrete tiltak kan bidra til å løyse klima- og naturkrisa, ifølgje Naturpanelet sin nye rapport. Rapporten er ei samanstilling av forsking frå heile verda om samanhengar mellom naturmangfald, mattryggleik, vasskvalitet, helse og klima. Den er laga av 165 leiande ekspertar frå 57 land. Måndag 16. desember vart rapporten godkjend av  Det internasjonalenaturpanelet (IPBES).

– Alvorlege konsekvensar

Den nye rapporten frå det internasjonale naturpanelet viser at naturmangfaldet er i tilbakegang over heile kloden. Naturpanelet framhevar at tap av natur og klimaendringar er menneskeskapte problem, som forsterkar kvarandre negativt, og har direkte og alvorlege konsekvensar for dei goda naturen gir oss.

– Naturpanelet har gått gjennom og samanlikna all vitskapleg kunnskap som omhandlar samanhengen mellom naturmangfald, mattryggleik, vasskvalitet, helse og klima. Dette er supersolid kunnskap, som er relevant for avgjerdstakarar i alle land, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet

Les meir om det internasjonale naturpanelet: Naturpanelet (Ipbes) - miljodirektoratet.no

Dei viktigaste tiltaka

Rapporten presenterer tiltak som kan bidra til å sikre både naturmangfald, vassmiljø, mattryggleik og helse, og bremse klimaendringar.

– Globale kriser innan naturmangfald, vatn, mat, helse og klimaendringar forsterkar ofte kvarandre når dei blir handterte kvar for seg. Basert på kunnskapen som blir presentert i den nye rapporten skisserer tiltak på tvers av områda, utan at dei går ut over kvarandre seier miljødirektøren.

Naturpanelet framhevar at dei tiltaka som har mest positiv effekt er dei som bevarer naturen vi har, reparerer øydelagd natur, minskar  forureining både i vatn og på land, bremsar klimaendringar, tilpassar samfunnet til eit endra klima og fører til eit meir berekraftig kosthald. Eit berekraftig kosthald vil krevje mindre areal, redusere klimautslepp og sikre fleire menneske økonomisk rimeleg tilgang til sunn mat.

Krev samarbeid på tvers

For å bevare ein artsrik og robust natur peikar forskarane på effektive tiltak som mellom anna å verne meir natur, gjennomføre naturbaserte løysingar som å opne lukka bekkeløp i byar, gå over til meir økologisk landbruk og byggje opp att heilt eller delvis øydelagd myr, skog og annan natur. Rapporten peikar også på at folk treng meir kunnskap om korleis dei kan bidra til å sikre reint og sunt vatn. Meir berekraftig utnytting av fiskeressursar trekkjer forskarane også fram.

I dag formar og gjennomfører kvar sektor ofte tiltak utan å ta nok omsyn til samanhengen mellom dei ulike områda.

– Skal vi lukkast med å vareta både naturmangfald, mattryggleik, vasskvalitet, god helse og bremse klimaendringar viser framtidsscenarium i Naturpanelet sin nye rapport at samarbeid og heilskapleg planlegging på tvers av sektorar er nødvendig, seier Hambro.

– Veldig kostbart på sikt

Siri Eriksen er ein av dei norske forskarane som har vore med å lage rapporten. Ho meiner ein viktig grunn til at verda ikkje har lykkast med å løyse klima- og naturkrisa til no, er at vi ikkje grip fatt i dei underliggjande årsakene til dei samankopla krisene.

– Vi ser til dømes at ein stor del av investeringane i verda går til aktivitetar som undergrev naturen. Det økonomiske systemet vårt driv derfor fram dei krisene vi ser i dag i eit aukande tempo. Kort sagt blir det investert forsvinnande lite i den naturen verdsøkonomien faktisk er heilt avhengig av, og dette kjem til å bli veldig kostbart på sikt både økonomisk og for velferd og livskvalitet, seier Eriksen.

Skal sjå på konsekvensane for Noreg

I tillegg til denne rapporten vil medlemslanda i Naturpanelet onsdag 18. desember presentere ein rapport om kva for nokre gjennomgripande samfunnsendringar som trengst for å redde miljøet globalt. Dei to rapportane vil gi eit viktig grunnlag for politikarar som skal bestemme kva som skal gjerast for å nå måla i FNs naturavtale og berekraftsmåla.

Her kan du lese naturavtalen: Naturavtalen - regjeringa.no

Miljødirektoratet planlegg eit nasjonalt møte om dei to rapportane våren 2025, i samarbeid med dei norske forfattarane. På møtet vil betydninga av rapportane for Noreg vere tema.

Faktaboks:

  • Nexus-rapporten vart lansert tysdag 17. desember på Naturpanelet sitt 11. plenumsmøte i den namibiske hovudstaden Windhoek.
  • Naturpanelet er eit globalt vitskapspanel på naturområdet, på same måte som FNs klimapanel (IPCC) er på klimaområdet.
  • Rapporten er på om lag 1000 sider. Det blir laga eit samandrag for avgjerdstakarar, som blir fastsette i eit sluttmøte der også representantane i landa er til stades. Fagdirektør Nina Vik i Miljødirektoratet leidde den norske delegasjonen.
  • 165 leiande ekspertar har bidrege til rapporten.

Nøkkelord

Kontakter

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye