Forsvarsbygg styrkjer samarbeidet med leverandørmarknaden for eit beredskapsklart Noreg
Forsvarsbygg er den største byggherren i landet og ein profesjonell eigedomsaktør med ei avgjerande rolle i styrkinga av Noregs forsvarsevne. Verdien på rammeavtalen på 1,5 milliardar kroner for leverandørmarknaden er nå signert.

Gjennom rammeavtalar som sikrar leveransar over heile landet, legg vi grunnlaget for å møte Forsvarets behov for bygg, anlegg og infrastruktur. Med klare ambisjonar om å levere på Forsvarsløftet fram mot 2036, er samarbeid med leverandørmarknaden ein føresetnad for suksess
Avtalen styrkjer beredskapen
Tildelinga av seks nye rammeavtalar med verdi på 1,5 milliardar kroner, fordelte på Rambøll Noreg AS, Multiconsult Norge AS, Norconsult Norge AS og Asplan Viak AS, er ein milepæl i arbeidet med å realisere ambisjonane i forsvarssektorens Langtidsplan.
-Vi er stolte av å samarbeide med nokre av dei fremste aktørane i landet innan prosjekteringstenester. Saman skal vi finne smarte løysingar som sikrar at Forsvaret er beredskapsklart, samtidig som vi forvaltar ressursane i fellesskapen nøkternt og framtidsretta, seier Stine Fjærli Sjøthun , avdelingsdirektør i Forsvarsbygg.
Investerer for eit beredskapsklart Forsvar
Forsvaret blir styrkt når vi lykkast med å ha rett eigedom, bygg og anlegg (EBA) på plass til rett tid. Derfor vil Forsvarsbygg halde fram med å jobbe tett med leverandørmarknaden for å sikre ei robust gjennomføring av Forsvarets oppgåver.
Forsvarsbyggs samfunnsansvar
Med ansvar for over 4 millionar kvadratmeter med eigedommar, og dessutan investeringar i nye bygg og anlegg, er Forsvarsbygg ein sentral samfunnsaktør. Vi er avhengige av eit velfungerande samarbeid både med store nasjonale leverandørar og mindre lokale aktørar for å lykkast med å levere på tid og kvalitet.
Kommentarar frå kontraktspartnarane våre:
Rambøll Noreg AS, Multiconsult Norge AS, Norconsult Norge AS og Asplan Viak AS
- Forsvarsbygg står overfor auka og krevjande oppgåver i tida som kjem, og vi ser fram til å dele erfaringa og kompetansen vår innan både rehabilitering og prosjektering av komplekse bygg, seier Arne Birkeland, administrerande direktør i Rambøll Noreg.
- Vi er stolte av å ha vunne ein ny stor kontrakt med Forsvarsbygg. Vi ser fram til å bidra inn i prosjekt for Forsvarets beredskap og til å styrkje det gode kundeforholdet vårt med Forsvarsbygg ytterlegare, seier Thor Ørjan Holt, konserndirektør Salg i Multiconsult.
- Vi er fornøgde med å bli tildelte desse viktige rammeavtalane, som gir Forsvarsbygg tilgang til ekspertise og ressursar for å løyse krevjande oppgåver i åra som kjem. Norconsult er godt posisjonert for å handtere den forventa auken i aktivitet for den norske forsvarssektoren, og Norconsult, som ein samfunnsbyggjar, har også eit særeige ansvar for å bidra til å styrkje Noregs forsvarsevner, seier Egil Hogna, konsernsjef i Norconsult.
- Over mange år har Forsvarsbygg vore ein viktig og engasjert oppdragsgivar for Asplan Viak. Vi ser fram til å halde fram samarbeidet og bidra til auka beredskap og forsvar gjennom gode bygg- og an-leggsprosjekter, seier administrerande direktør Per Christian Randgaard.
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt
Tel:47 7777 47pressevakt@forsvarsbygg.noBilder

Følg pressemeldinger fra Forsvarsbygg
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Forsvarsbygg på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Forsvarsbygg
Noreg styrker mottakskapasiteten for allierte styrkar2.12.2025 10:49:18 CET | Pressemelding
Elvegårdsmoen i Bjerkvik, Narvik kommune, er klar til å lagre tyngre militært materiell for allierte styrkar. Forsvarsbygg har i tett samarbeid med Forsvaret utvikla og fått på plass dette mottakssområdet.
Forsvarsbygg signerte kontrakt for bygningsarbeider for nytt radaranlegg7.11.2025 08:52:46 CET | Pressemelding
Finnmarksentreprenøren Harald Nilsen AS har fått oppdraget med å bygge det planlagte radaranlegget på Magerøya i Nordkapp kommune. Kontrakten har en verdi på 113 millioner kroner.
Akershus festning fram i lyset5.11.2025 20:39:09 CET | Pressemelding
Ny belysning gir Akershus festning en enda tydeligere plass i bybildet.
Nye Camp Rødsmoen åpnet for allierte og norske soldater4.11.2025 14:57:36 CET | Pressemelding
Forsvarsbygg, i tett samarbeid med Forsvaret, har forberedt og etablert «nye» Camp Rødsmoen i Åmot kommune i Innlandet. Denne uka ble leiren offisielt åpnet
Nye kontor- og hybelbygg tas i bruk på Terningmoen leir.28.10.2025 13:56:20 CET | Pressemelding
Mandag denne uken ble de to nye byggene offisielt åpnet og tatt i bruk. Se bildene
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom