Nye krav til drift og vedlikehald
Standard for drift og vedlikehald av riksvegar (R610) er revidert. Det inneber nokre nye krav i kontraktane, men ikkje før i 2026.
R610 Standard for drift og vedlikehald av riksvegar beskriv mellom anna Statens vegvesens krav til både tilstand og funksjon for om lag 460 vegobjekt.
Endringar innan vinterdrift
Når det gjeld vinterdrift er det gjort fleire justeringar, mellom anna i tilrådingane om kva driftsklassar, altså standard, som bør nyttast på kva vegar – basert på trafikkmengd.
I vinterdriftsklassane C, D og E (anbefalt for vegar med årsdøgntrafikk opp til 5000) er kravet om brøyting av vegskulder, parkeringsfelt og sperrefelt under snøvêr redusert frå ein syklus på maksimalt tre timar til fem (klasse C) eller seks timar (klasse D og E).
I tillegg blir det no stilt krav om samordning av brøyting av veg og gang- og sykkelvegar der desse ligg nært kvarandre, og Statens vegvesen er vegeigar.
Lokal tilpassing av tiltak er også lagd inn som ei opning i fleire krav.
Ny struktur og terminologi
Vidare er det gjort ein del justeringar i struktur og terminologi. Krav til inspeksjon er til dømes beskriven for kvart enkelt vegobjekt, både type inspeksjon og kor ofte han skal gjennomførast.
Krav i kontraktane frå 2026
Krava i revidert versjon av standarden vert innarbeid i malane for alle drifts- og vedlikehaldskontraktane. Dei nye krava trer først i kraft for vegdrifts- og elektrodriftskontrakter som har oppstart i 2026. Unntaket er vegoppmerkingskontraktar, som allereie er oppdaterte med nye krav som inngår i revidert R610.
Lenke: R610:2024 Standard for drift og vedlikehold av riksveger
Nøkkelord
Kontakter
Tore LysbergavdelingsdirektørStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:91345738tore.lysberg@vegvesen.noPressevakt Drift og vedlikehold
* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje
Bilder
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Bratt læringskurve for elektrisk vegprosjekt16.12.2024 10:46:24 CET | Pressemelding
Vegvesenet lovte norsk rekord i elektrisk vegbygging før arbeidet med miljøgata i Gran startet i januar 2024. Nå åpner miljøgata. Ble det rekord?
Forventar framleis stengde vegar på Vestlandet måndag morgon16.12.2024 00:13:45 CET | Pressemelding
Skred stengjer mange vegar på Vestlandet søndag kveld og natt. Det vert også store utfordringar for morgontrafikken måndag med uvêr og stengde vegar.
Elektrisk vegbygging 70 grader nord13.12.2024 14:55:35 CET | Pressemelding
Tester nullutslippsmaskiner i arktisk klima. Målet er mer kunnskap, mindre utslipp og raskere omstilling av bransjen.
Startar utbetring av Åsbrekkegjelet-Skromle bru13.12.2024 09:32:57 CET | Pressemelding
Statens vegvesen startar no å utbetra E16-strekninga Åsbrekkegjelet-Skromle bru i Voss herad.
Skal sette opp 750 meter med fanggjerder i Drivdalen13.12.2024 08:16:30 CET | Pressemelding
I 2025 skal det settes opp cirka 750 meter med fanggjerder rett nord for fangvollen som ble etablert tidligere i år ved Vårstigen rasteplass i Oppdal kommune.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom