Skatteetaten

Skatteetaten åtvarar: Mange forsøk på svindel når skattekorta blir gjorde tilgjengeleg

Del

Måndag 16. desember får dei fleste nordmenn melding om at skattekortet er klart for å bli sjekka. Dette blir utnytta av svindlarar som driv med phishing.

Bilete av tryggingsdirektør Ragna Fossen
–  Vi sender aldri lenkjer i e-post eller SMS uoppmoda, seier tryggingsdirektør Ragna Fossen.  Skatteetaten får fleire varsel enn normalt om falske e-postar og SMS når etaten har eigne utsendingar. Foto: Skatteetaten

 – Skatteetaten sender aldri lenkjer uoppmoda i e-postar eller SMS, seier Skatteetatens tryggingsdirektør Ragna Fossen.  

Logg alltid inn via skatteetaten.no eller altinn.no 

– Det beste vernet mot svindel er at du sjølv går til skatteetaten.no eller altinn.no og loggar på der. All vår elektroniske kommunikasjon med skattytarar som omfattar sensitive opplysningar skjer innlogga via skatteetaten.no og altinn.no, seier Fossen.  

Skattekortet kjem 16. desember 

Den 16. desember vil det komme meldingar til alle med inntekt eller formue om at skattekortet er klart og bør sjekkast. Du må her, som alltid når vi sender ut meldingar, gå til skattetaten.no eller altinn.no og logge deg på for å sjekke at opplysningane vi har om deg og formuen og inntekta di stemmer. 

Skatteetaten ser alvorleg på slike svindelforsøk og politimelder jamleg. 

Dette må du gjere om du har fått forsøk på e-post-svindel: 

  • Ikkje oppgi noko av informasjonen det blir beden om, eller svar på sms eller e-post som du er usikker på. Trykk ikkje på lenkjer eller vedlegg, men slett e-posten.  

  • Om du har gitt kort- og kodeopplysningar som vart etterspurde frå ein slik falsk e-post, ta kontakt med banken og sperr kort og kontoar så raskt som mogleg. 

  • Send gjerne vidare mistenkjelege SMS eller e-postar til phishing@skatteetaten.no. Det gir oss moglegheit for å oppdage nye variantar raskare. 

  • Ta også gjerne kontakt med politiet. Her kan du få råd om kva du bør gjere vidare.   

Her kan du sjå fleire tips for å unngå svindel og døme på falske meldingar som gir seg ut for å vere frå Skatteetaten: https://www.skatteetaten.no/om-skatteetaten/sikkerhet/svindel/  

Nøkkelord

Bilder

Bilete av tryggingsdirektør Ragna Fossen
–  Vi sender aldri lenkjer i e-post eller SMS uoppmoda, seier tryggingsdirektør Ragna Fossen.  Skatteetaten får fleire varsel enn normalt om falske e-postar og SMS når etaten har eigne utsendingar.
Foto: Skatteetaten
Last ned bilde
Illustrasjon som viser døme på falsk e-post med phishingforsøk.
Døme på falsk melding som mange har fått i desember, Skatteetaten oppmodar alle til å slette slike e-postar. – Gå til skatteetaten.no og logg inn der, ikkje klikk på lenkjer som dette, oppmodar tryggingsdirektør Ragna Fossen.
Last ned bilde

Andre språk

Følg pressemeldinger fra Skatteetaten

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Skatteetaten på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Skatteetaten

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye