Storkontroll av serveringsstader over heile landet: Fann feil hos halvparten
Skattepatruljen i Skatteetaten fann feil hos 84 av dei 168 kontrollerte serveringsstadene i ein stor kontrollaksjon i julebordsesongen.

Desse verksemdene ligg dermed an til å få gebyr på til saman 1,2 millionar kroner for manglande føring av personallister. I tillegg kravde Skatteetaten inn om lag 1 million kroner i ubetalte skatte- og avgiftskrav i samband med kontrollane.
Skattepatruljen i Skatteetaten har den siste tida gjennomført kontrollar hos serveringsstader over store delar av landet.
For mange feil: - Ikkje nøgde
Skatteetaten er ikkje nøgde med at det er funne brot på regelverket hos så mange serveringsstader, særleg når kontrollane i tillegg var varsla gjennom media i forkant.
– Fleire av dei kontrollerte verksemdene har me følgt opp frå tidlegare. Det er alvorleg at me finn grove og medvitne brot og manglande vilje til å etterleva. Det viser at det trengst fleire slike kontrollar framover. Me ser at der me finn grove og medvitne brot på personallisteregelverket, der finn me ofte fleire regelverksbrot, seier skattekrimsjef Erik Nilsen i Skatteetaten.
Skatteetaten er i dialog med mange lokale løyvemyndigheiter både før og etter kontrollane. Verksemder med grove brot på skatte-, avgifts- og rekneskapslovgivinga kan risikera at serveringsløyva deira blir inndregne.
Risikobaserte kontrollar
Samstundes gir ikkje kontrollane eit komplett bilete av stoda i bransjen, og det er òg lokale variasjonar i kor mykje feil dei ulike kontrollerte verksemdene gjer.
– Dei aller fleste i bransjen er seriøse og følgjer regelverket. Me jobbar kunnskaps- og risikobasert når me vel ut kven som skal kontrollerast, noko som også skal medverke til å sikra like konkurransevilkår. Me både rettleier og kontrollerer. Målet er at verksemdene som vert kontrollerte skal ha ting i orden neste gong me kjem innom. Kontrollane me no har gjennomført viser at det framleis er eit stykke att til me kjem dit, seier Nilsen.
Samarbeid med andre etatar
Skatteetaten har òg dialog og samarbeid med andre etatar som følgjer opp serveringsbransjen. I samband med dei gjennomførte kontrollane har Skatteetaten vore i dialog med både a-krimsenter, lokale løyvemyndigheiter, og el-tilsyn. På nokre av kontrollane har òg folk frå lokale a-krimsenter og andre offentlege myndigheiter delteke.
Fakta om skattepatruljen
Skattepatruljen er mobile kontrollteam over heile landet. Desse er viktige “auge og øyre” for Skatteetaten ute i samfunnet. Dei driv både med kunnskapsbygging, rettleiing og kontrollar. Målet er å gjera det vanskelegare å bryta reglane og å setja dei kriminelle aktørane ut av spel. Skattepatruljen utfører hovudsakleg kontrollar innan bransjane bygg- og anlegg, servering, bilpleie, transport og fisk.
Fakta om personallister
Serveringsstader, cateringverksemder, frisørverksemder, skjønnheitspleiarar, bilverkstader og bilpleieverksemder må føra personallister. Ei personalliste er ei liste over alle som arbeider i verksemda, inkludert ulønt og innleigd personale, og ho skal visa når dei startar og avsluttar arbeidsdagen. Lista skal førast på arbeidsplassen, og skal vera tilgjengeleg for kontroll. Feil i personallistene fører til gebyr. Gebyret for manglar i personallista er 10 rettsgebyr for det første regelbrotet, og 20 rettsgebyr ved gjentaking innan 12 månader. I tillegg kjem 2 rettsgebyr for kvar person som manglar i lista under ein kontroll. Eitt rettsgebyr er 1 277 kroner per 01.01.24. Les meir om personallister på skatteetaten.no/personalliste.
Nøkkelord
Kontakter
Christer GiljePressesjef
Tel:945 01 000presse@skatteetaten.noBilder


Dokumenter
Følg pressemeldinger fra Skatteetaten
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Skatteetaten på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Skatteetaten
Frikort eller skattekort? Dette må du vite9.7.2025 07:55:10 CEST | Pressemelding
Har du frikort, men ligger an til å tjene over 100 000 kroner i løpet av året? Da bør du bestille et skattekort slik at du unngår å bli trukket 50 prosent skatt.
Regjeringen har valgt konsept for videre arbeid med bedre oversikt over eierskap til aksjer3.7.2025 14:11:07 CEST | Pressemelding
Finansdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet gir Skatteetaten og Brønnøysundregistrene i oppdrag å gjennomføre et forprosjekt med utgangspunkt i konseptet samordnet aksjeeierregister.
Kontroll av serveringssteder: Fant feil hos halvparten og tre stakk fra kontroll23.6.2025 08:14:40 CEST | Pressemelding
Skatteetatens skattepatrulje fant vesentlige feil hos 39 av 79 kontrollerte serveringssteder i Trondheim. I tillegg krevde etaten inn i underkant av én millioner kroner i ubetalte skatte- og avgiftskrav.
Dette må du ha på plass før sommerbryllupet!20.6.2025 09:14:39 CEST | Pressemelding
Noen ønsker å gifte seg på Pride-feiringer i hele landet, andre planlegger et perfekt sommerbryllup. En ting er felles: Det blir ikke bryllup uten en gyldig attest fra Skatteetaten. Heldigvis får du en slik attest like etter du har søkt i mange saker.
Derfor trekkes det ikke skatt av feriepengene17.6.2025 15:36:31 CEST | Debattinnlegg
De fleste ser fram til feriepengene som kommer før sommerferien. Men det er en myte og vanlig misforståelse at feriepengene er skattefrie, skriver Regine Hatleskog Vastvedt, divisjonsdirektør i Skatteetaten.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom