NRK

Ny redaktør i NRK Nyheiter

Del

Ole Eivind Henden er tilsett som ny redaktør i NRKs Nyheitsdivisjon. Henden startar i jobben 1. januar. 

Ole Eivind Henden
Ole Eivind Henden, ny redaktør i NRK NRK/ Gunhild Hjermundrud

I dag fekk dei tilsette nyheita om at Ole Eivind Henden (51) får jobben som ny redaktør i Nyheitsdivisjonen i NRK. Dette kunngjorde konstituert nyheitsdirektør Marius Tetlie på eit allmøte fredag. Henden erstattar Knut Magnus Berge, som etter eige ønske går tilbake til jobben som journalist.

— Ole Eivind har tung publisistisk kompetanse og tek kloke avgjerder i etisk krevjande saker. Han er strategisk og dyktig på å bygge laget. Dette er eigenskapar som er viktige når han skal bidra til å vidareutvikle nyheitsjournalistikken i ei tid der endringane skjer i høgt tempo. Vi gler oss til han begynner i jobben som redaktør, seier Tetlie.

Brei erfaring 

Henden har vore tilsett i 26 år i NRK. Han har arbeidd som nyheitsreporter og hatt ei rekke leiarjobbar, mellom anna i Dagsrevyen. Henden kjem frå stillinga som redaksjonssjef i innlandsredaksjonen og har tidlegare også vikariert som redaktør i Nyheitsdivisjonen.

— Eg ser verkeleg fram til å jobbe saman med ein fantastisk dyktig gjeng for å utvikle NRKs nyheitstilbod vidare. Det er eit privilegium å få ta eit leiaransvar for noko av det viktigaste NRK har å tilby det norske folket: nyheiter, innsikt og debatt, seier Ole Eivind Henden.

Henden går inn i redaktørkollegiet i NRK Nyheiter saman med nyhetsdirektøren og redaktørane for fag- og direktelinja.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Ole Eivind Henden i blå skjorte, stående bilde
Ole EIvind Henden
NRK/Gunhild Hjermundrud
Last ned bilde

Om NRK

NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. NRK er Norges offentlig eide allmennkringkaster med et bredt radio-, TV-, nett- og podkasttilbud, og ni av ti nordmenn bruker minst ett NRK-tilbud daglig. NRK har cirka 3300 ansatte fordelt på om lag 50 kontorer rundt om i landet.

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye