Når elevar brukar nettbrett, jobber dei meir åleine
5.12.2024 10:50:29 CET | Universitetet i Stavanger (UiS) | Pressemelding
Når elevane brukar nettbrett i klasserommet arbeider dei i stor grad åleine med læringsoppgåver, viser en fersk studie.

– I læringssituasjonar der elevar på første trinn brukar nettbrett i klasserommet, skjer det vi kan kalla ei individualisering i korleis elevane jobbar. Dette betyr at elevane arbeider i stor grad åleine med læringsoppgåver. Dette gir mindre rom for viktige sosiale læringsarenaer, seier Liv Kristin Bjørlykke Øvereng.
Ho har forska på interaksjon mellom lærar og elevar i digitale førsteklasserom. Ho har undersøkt korleis det som skjer i klasserommet er påverka av bruk av nettbrett, og korleis nettbrett vert brukt i begynnaropplæringa i skulen.
Studien er ein del av DigiHand-prosjektet, som har vore eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda (HVO) og Nasjonalt lesesenter, Universitetet i Stavanger (UiS).
Nettbrett kan vere sosialt
Nettbrettet treng ikkje berre brukast når elevane arbeider åleine, påpeiker Øvereng.
– Det finst mange moglegheiter for at elevane kan vere engasjerte i sosiale læringssituasjonar når dei bruker nettbrett, men studien tyder på at dette ikkje er nytta i særleg grad, forklarar Øvereng.
Sosiale læringssituasjonar handlar om at elevane jobbar saman i grupper, par eller heile klassen for å lære. Dei kan for eksempel diskutere eller samarbeide om oppgåver.
Øvereng peikar på at lærarane i studien legg til rette for god læring på mange måtar.
– Dei gir god emosjonell støtte og har god klasseromsorganisering. Dei viser også eit læringsorientert perspektiv på elevane si læring med nettbrett. Dei legg til rette for at elevane skal lære funksjonar i nettbrettet som kan bidra i læringa.
– Vi ser likevel at med bruk av nettbrett, kan kvaliteten i interaksjonane vere svekka, noko som kan bidra til å svekke ein kjerneverdi i god undervisning.
Oppfordrar til meir samhandling
Ho oppfordrar lærarar til å ikkje berre fokusere på dei tekniske aspekta ved nettbretta, men også å legge til rette for meir samhandling både mellom elevane, og mellom lærar og elevar.
– I skulen i dag er det ein grunnleggande tanke om at samhandling er eit viktig grunnlag for elevane si læring og utvikling. Og i skulen er det organisert slik at elevane kan samhandle både gjennom par, i grupper og i stasjonsarbeid. Likevel så vart ikkje dette potensialet med til dømes stasjonsarbeid brukt til samhandling, elevane sat likevel og jobba individuelt sjølv om dei var på ein stasjon. Dette potensialet ligg der og er lett tilgjengeleg for å brukast, også med bruk av nettbrett.
Kontakter
Liv Kristin Bjørlykke Øvereng
Tel:70 07 54 27liv.kristin.bjorlykke.Overeng@hivolda.noBilder

Om oss
Universitetet i Stavanger har en innovativ og internasjonal profil og er en drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosesser i samfunnet. Samfunnsoppdraget vårt er å utfordre det velkjente, utforske det ukjente.
Følg pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Stavanger (UiS) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)
Rekordhøye krav for å studere på UiS23.7.2026 11:00:12 CEST | Pressemelding
Ventelistene har doblet seg og poenggrensene har aldri vært høyere ved Universitetet i Stavanger. Aller vanskeligst er det å komme inn på det nye profesjonsstudiet i psykologi, viser tall fra Samordna opptak (SO).
Arkeologer har trolig funnet Irlands største vikingbosetning12.6.2026 11:09:10 CEST | Pressemelding
Norske og irske arkeologer undersøker restene av det som antakelig var Irlands største handelsted i vikingtiden – som mest sannsynlig ble etablert av vikinger fra Norge.
Ny forskning viser at barn trives godt i norske barnehager11.6.2026 11:51:44 CEST | Pressemelding
Barn trives generelt godt i barnehagen, men en ny rapport viser at trivselen er individuell og situasjonsbetinget og at barn og ansatte vurderer trivsel ulikt.
Unike vikingsmykker tilbake i Norge etter 1200 år3.6.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
En ung norsk kvinne i den norske vikingkolonien i Dublin fikk dem med seg i graven midt på 800-tallet. Nå er de to unike draktsmykkene, dekorert med små bjørner, for første gang tilbake i Norge.
Her skal arkeologene grave i sommer28.5.2026 07:03:00 CEST | Pressemelding
Årets arkeologiske feltsesongen er i gang. Sjekk om arkeologene skal grave i nærheten av deg her.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom