UiS kuttar klimagassutslepp med jordvarme
UiS har no kutta kraftig i driftskostnadar og klimagassutslepp takka vere eigen produksjon av termisk energi. I september blei den nye energisentralen ved UiS sett i drift. Frå januar 2025 er det full drift.

Onsdag 4. desember 2024 kl. 10.00 åpnar Universitetet i Stavanger Energisentralen UiS, som har vore i drift sidan september.
Med dette bygget har UiS Campus Ullandhaug redusert forbruket av kjøpt energi for varme og kjøling frå 8 gigawatt til 3 gigawatt. Slik reduserer UiS kraftig både driftskostnadar og klimagassutslepp takka vere termisk energi.
Sentralen hentar ut geotermisk energi frå 119 djuptgåande brønnar. Kvar av dei med ei dybde på 300 meter. Det avanserte oppsettet omfattar alt frå varmepumpar, gasskjelar og elektrokjelar til solceller og tørrkjølere på taket, i tillegg til energilagring som brukar energibrønnane som eit naturleg «batteri» mellom dei ulike sesongane.
Varmar opp heile Campus Ullandhaug
Med den nye energisentralen kan UiS produsere store deler av eigen varme – og kjøling når det trengs. UiS har også nok varme til framtidige bygg her på Universitetsområdet på Ullandhaug.
Energisentralen skal også produsere varme for den nye storstova for studentane. Studenthuset åpnar januar 2025.
Geotermisk laboratorium
I tillegg til dei 119 brønnane er det bora to brønnar heilt ned til omlag 650 meter. I fire av brønnane er det installert fire forskjellige typar rørkollektorar. Dette skal brukast i eit forskingsprosjekt som forskarar ved Institutt for energi og petroleum ved UiS står for.
Det nye sanntids-laboratoriumet i geotermisk energi-teknologi skal gje meir kunnskap om korleis ein kan utnytte geotermisk fornybar energi på ein mest mogleg optimal måte. Forskarane skal bruke avanserte modelleringsteknikkar basert på maskinlæring og kunstig intelligens for å utvikle modellar for overvaking og optimalisering av drifta i sanntid.
Dei skal blant anna finne ut kva type brønnar og kva type drift som eignar seg i byområde. Målet er blant anna å korte ned nedbetalingstida for geotermisk energi. Slik kan teknologien takast i bruk i større monn enn i dag.
Les om forskinga i tilknytting til Energisentralen UiS.
Eit straumnett i miniatyr
Energisentralen er også utstyrt med ein elkraft-lab. Studentane får her tilgang til eit straumnett i miniatyr. Her kan dei kople opp elkraft-system og lære korleis dei ulike delsystema verkar saman.
I løpet av utdanninga vil elkraft-studentane skaffe seg ferdigheiter og kunnskap som gjer dei førebudd på å bidra til smarte løysingar for det grøne skiftet.
Det var Ulla-Førrefondet som gjorde det mogleg for UiS å etablere eit tipp topp elkraft-laboratorium.
Les saka: Ulla-Førrefondet gir 10 millionar til elkraft-laboratorium
Nøkkelord
Kontakter
Mohsen Assadiprofessor i gassteknologiUniversitetet i Stavanger / Institutt for energi og petroleum
Tel:51832010Tel:45224698mohsen.assadi@uis.noØyvind HustoftrådgiverUniversitetet i Stavanger / Avdeling for bygg- og arealforvaltning
Tel:913 54 781oyvind.hustoft@uis.noKaren Anne OkstadUniversitetet i Stavanger / Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt
Tel:+4790559778karen.a.okstad@uis.noBilder




Om oss
Universitetet i Stavanger har en innovativ og internasjonal profil og er en drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosesser i samfunnet. Samfunnsoppdraget vårt er å utfordre det velkjente, utforske det ukjente.
Følg pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Stavanger (UiS) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)
Mobbeforskningens «far» fikk ærespris under verdens største konferanse om mobbing12.6.2025 12:29:44 CEST | Pressemelding
Over 700 mennesker fra hele verden har vært samlet i Stavanger denne uka for å diskutere et av de største globale utfordringene i utdanningssektoren – mobbing.
Nye funn endrer Stavangers historie4.6.2025 06:33:00 CEST | Pressemelding
Prøver fra innsiden av veggene i Stavanger domkirke viser at katedralens historie må skrives om.
Søkertall 2025: UiS øker til tross for nasjonal stillstand28.4.2025 11:00:00 CEST | Pressemelding
Søkningen til Universitetet i Stavanger fortsetter å øke og går opp 3,6 prosent, til tross for en liten nasjonal nedgang på 0,3 prosent i søkning til høyere utdanning.
UiS har dei tredje mest produktive forskarane i landet10.4.2025 15:35:54 CEST | Pressemelding
Universitetet i Stavanger ligg på ein tredjeplass i vitskapleg produksjon per vitskapleg tilsett, berre slått av UiO og UiB blant universiteta, ifølge ny statistikk.
Flere består juss-eksamen i barnevern27.3.2025 16:15:08 CET | Pressemelding
På master i barnevernsarbeid ved Universitetet i Stavanger har beståttandelen blant studenter på nasjonal deleksamen i rettsanvendelse økt betydelig.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom