Millionbot for ulovlig skipsopphugging
9.12.2024 08:21:42 CET | Miljødirektoratet | Pressemelding
Reiarlaget Altera godtek førelegg på åtte millionar kroner for ulovleg eksport av skip til opphogging i India.

Miljødirektoratet melde i 2019 reiarlaget Teekay, no Altera Infrastructure Norway , AS for ulovleg eksport av avfall. Tidlegare i år gav Økokrim reiarlaget førelegget på åtte millionar kroner. Altera har no akseptert bota.
– Norske reiarlag skal kjenne til at det er ulovleg å eksportere skip som er avfall, med mindre dei har løyve frå Miljødirektoratet. Det er også godt kjent at vi ikkje tillèt eksport av skip som skal til India, Pakistan eller Bangladesh, seier avdelingsdirektør Anne-Marie Viklai Miljødirektoratet.
Skipa vart hogge opp ulovleg på ei strand i India
Dei to Teekay-skipa Navion Scandia og Alexita Spirit gjekk i si tid i Nordsjøen som skyttel-tankarar. Dei enda opp ulovleg på ei strand i Alang i India. Det er ikkje lov å eksportere slike skip til opphogging utan løyve frå Miljødirektoratet. Vi gir ikkje løyve til eksport av skip ut av OECD-området for opphogging på strender.
– Forventninga vår er at norske reiarlag tek sitt miljøansvar og følgjer miljøkrava. Vi melde reiarlaget fordi vi ser svært alvorleg på eksport av avfall som kan gi store miljøkonsekvensar i utviklingsland med svakare miljølovgiving enn Noreg, seier Anne-Marie Vikla.
Samarbeidet vi har med Sjøfartsdirektoratet, Kystverket og Kystvakta er viktig for å stoppe denne typen miljøkriminalitet.
Millionbøter for ulovleg opphogging
Dette er andre gongen ei melding frå Miljødirektoratet har ført til millionbøter for brot på ulovleg eksport av skip til opphogging. Skipet Tide Carrier (Harrier) vart i 2018 hindra i å segle frå Noreg til ulovleg opphogging i Pakistan.
Singapore-selskapet Wirana Shipping fekk ei bot på sju millionar kroner av Økokrim for forsøk på å smugle skipa ut av Noreg. Den norske skipsreiaren Georg Eide vart dømd til seks månaders fengsel.
Fakta: Ulovleg strandhogging (beaching)
- Skipshogging på strender i India, Pakistan og Bangladesh er eit stort, internasjonalt miljøproblem.
- Beaching fører til direkte utslepp av ei rekkje farlege stoff i naturen. Arbeidet blir utført på måtar som medfører fare for helsa og tryggleiken til arbeidarane.
- Strandhogging inneber store kostnadsinnsparingar for reiarlaga, samanlikna med gjenvinning på godkjende skipsgjenvinningsanlegg.
- Eksport av utrangerte skip til utviklingsland er eit alvorleg brot både på forureiningslova og på internasjonale konvensjonar.
- Baselkonvensjonen er ein internasjonal avtale for kontroll med eksport av avfall. Konvensjonen stiller krav om miljømessig forsvarleg handtering av avfallet, og forbyr transport av farleg avfall frå rike til fattige land.
- I Noreg er Baselkonvensjonen gjennomført i avfallsforskrifta kapittel 13 gjennom EUs forordning om grensekryssande sending av avfall.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa
Tel:40 10 38 00presse@miljodir.noLenker
Om oss
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Snøugla inn på global bevaringsliste etter norsk forslag30.3.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Snøugla er nå satt på Bonnkonvensjonens bevaringsliste. Større internasjonal oppmerksomhet kan gi nytt håp for den kritisk truede arten.
Snøugla inn på global bevaringsliste etter norsk forslag30.3.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Snøugla er no sett på Bonnkonvensjonens bevaringsliste. Større internasjonal merksemd kan gi nytt håp for den kritisk trua arten.
Tatovørene har tatt grep27.3.2026 11:49:05 CET | Pressemelding
Miljødirektoratets tilsyn av tatoveringsblekk viser at stadig flere produkter oppfyller kravene som skal beskytte mot helsefarlige stoffer.
Ny rapport: gjedda i Tana kan ta mye utvandrende villaks26.3.2026 09:00:00 CET | Pressemelding
På oppdrag fra Miljødirektoratet har Norsk institutt for naturforskning (NINA) undersøkt i hvor stor grad gjedde spiser laksesmolt (laksunger som skal vandre til havet).
Villaksen trenger din hjelp25.3.2026 08:21:57 CET | Pressemelding
Nå starter årets lakseoppsyn, og Miljødirektoratet ber publikum om tips som kan bidra til å beskytte de sårbare villaksbestandene.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom