Mattilsynet

Nytt næringsstoff og nye matvarer i Matvaretabellen

Del

Matvaretabellen har blitt oppdatert med fritt sukker som nytt næringsstoff. Det er oppdaterte næringsstoffverdiar for grønsaker og skaldyr, og det er lagt til fleire nye glutenfrie matvarer, belgfrukter og fryste bær. Til saman er det 107 nye og 378 oppdaterte matvarer i årets versjon, og tabellen gjev dermed eit endå betre grunnlag for å vurdere kor mykje vi får i oss av viktige næringsstoff

- I årets versjon av Matvaretabellen har vi lagt til fritt sukker som nytt næringsstoff, fortel seniorrådgjevar i Mattilsynet, Jorån Østerholt Dalane. Dette gjer at brukarane av Matvaretabellen enkelt kan finne informasjon om innhaldet av fritt sukker for dei fleste matvarene i tabellen.  

Fritt sukker omfattar tilsett sukker og sukkerartar som naturleg førekjem i honning, sirup, fruktjuice og fruktjuicekonsentrat. Fritt sukker blei inkludert i dei nye nordiske næringsstoffanbefalingane (NNR2023) og Helsedirektoratets referanseverdiar for energi og næringsstoff i 2023.  

Ved å gjere data om fritt sukker tilgjengeleg i Matvaretabellen, vil det kunne bidra til meir kunnskap om innhaldet av fritt sukker i matvarer. Det er forskarar ved avdeling for ernæringsvitskap ved Universitetet i Oslo som har framskaffa verdiane for fritt sukker i eit prosjekt finansiert av direktør Throne Holsts stiftelse. 

Nye næringsstoffverdiar for grønsaker og skaldyr 

Vi har oppdaterte næringsstoffverdiar for grønsaker som gulrot, tomat, lauk, blomkål, brokkoli og hovudkål. Dette er viktige matvarer i det norske kosthaldet, og dei oppdaterte verdiane vil difor kunne vere nyttig både for forbrukarar og fagpersonar i vurdering av inntak av næringsstoff som kostfiber, vitamin og mineral.  

Nye næringsstoffverdiar for krabbe, kamskjel, hummar, blåskjel og kreps er òg med i den nye versjonen av Matvaretabellen. Desse kjem frå analysar gjennomført av Havforskningsinstituttet.  

I tillegg har vi utvida utvalet av glutenfrie produkt og belgfrukter, og lagt til matvarer som næringsgjær, fullkornsnudlar, gresk yoghurt og fleire typar heimelaga pizza, fortel Dalane. 

Den norske Matvaretabellen er ein matvaredatabase som viser energi og næringsinnhald i matvarer. Tabellen er eit viktig oppslagsverk og reiskap i matforvaltning og ernæringspolitikk, i undervisning og opplysningsarbeid og for helsepersonell og forskarar.  

Matvaretabellen kan òg brukast av næringsmiddelindustrien som grunnlag for næringsdeklarasjonar og ved matproduksjon.  

Les meir om Matvaretabellen: Matvaretabellen | Mattilsynet 

Kontakter

Andre henvendelser: Mattilsynets sentralbord

Vintertid: 09:00-11:00 og 12:00-15:00
Sommertid: 09:00-11:00 og 12:00-14:30 (15. mai til 15. september)

Tel:22 40 00 00postmottak@mattilsynet.no

Mediehenvendelser: Mattilsynets pressevakt (kl. 08.00 - 22.00, ikke SMS. Etter arbeidstid og i helger besvares i utgangspunktet kun hastesaker.)

Tel:469 12 910pressevakt@mattilsynet.no

Om oss

Mattilsynet er eit statleg, landsdekkjande forvaltingsorgan som er med på å sikre forbrukarane trygg mat og trygt drikkevatn. Vi skal fremje folke-, plante- , fiske- og dyrehelse, miljøvennleg produksjon og etisk forsvarleg hald av fisk og dyr. Mattilsynet har også oppgåver i høve til kosmetikk og legemiddel og fører tilsyn med dyrehelsepersonell.

Mattilsynet sine roller er å utarbeide framlegg til, forvalte og rettleie om regelverk, føre eit risikobasert tilsyn, formidle informasjon og kunnskap og ha beredskap. Mattilsynet skal gi faglege råd til Landbruks- og matdepartementet, Nærings-og fiskeridepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Mattilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Mattilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Mattilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye