Nytt køyremønster på Storavatnet frå januar 2025 - Godviksvingene blir stengt
14.11.2024 09:31:18 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Frå og med januar blir det endringar på Storavatnet i Bergen. I første omgang er det Askøytrafikken som får endra køyremønster.

Hovudendringar frå 20. januar
- Godviksvingene: Blir stengt for trafikk i begge retningar.
- Trafikk til Askøy: Det eksisterande køyremønsteret mot Askøy vil bli oppretthaldt, men med ei viktig endring: kollektivfeltet blir omgjort til eit avkøyringsfelt mot Askøy og vert kopla på dagens trase for Godviksvingene like før terminalen.
Trafikk frå Askøy må, som i dag, ut på rv. 555 i retning sentrum. Det vil og gjelde bussane, som følgje av at Godviksvingene vert heilt stengt for trafikk.
Nytt avkøyringsfelt mot Askøy
For å oppretthalde kapasitet i retning Askøy vert kollektivfeltet på riksvegen like før terminalen gjort om til avkøyringsfelt mot Askøy. Det betyr at frå 20. januar vil dei to felta lengst til høgre på riksvegen etter avkøyringa til Olsvik/Loddefjord går mot Askøy, medan feltet til venstre går mot Sotra, som vanleg.
Ber trafikantane hjelpe kvarandre fram
Prosjektsjef Lene Sælen Rivenes håpar trafikantane fortset å hjelpe kvarandre fram. Ho oppmodar spesielt Askøytrafikken til å både hjelpa kvarandre og bussane fram i rundkøyringa ved terminalen
- Vi oppmodar trafikantar til å hjelpe kvarandre, og ikkje minst bussane, fram i rundkøyringa ved terminalen. Gjer folk det så unngår vi blokkering bakover til riksvegen.
Mindre endringar for kollektiv - inga endring for Sotratrafikken
Det vil ikkje vere endringar i stoppestader for bussane, men bussar frå Askøy kan ikkje lenger køyre Godviksvingene, men må inn på rv. 555 ved Storavatnet terminal. Trafikken til og frå Sotra vil gå som vanleg. Fotgjengarar og syklistar kan framleis gå og sykle langs Godviksvingene.
Skyss aukar avgangar på buss og båt på Askøy
Frå januar 2025 skal Skyss auke talet avgangar med Askøybåten og forbetre rutetilbodet på Askøy. Endringane i køyremønsteret på Storavatnet er tilpassa denne datoen
- Færre bilar på vegen er den einaste løysinga for å unngå køane, og vi oppfordrar derfor dei som kan til å reise kollektivt eller samkøyre, reise på andre tidspunkt eller ta heimekontor dersom det er mogleg, slik at alle kjem seg fram, seier Rivenes.
Arbeida ved Storavatnet aukar på
Sotrasambandet har no full drift, og vi er halvvegs i byggjetida. Trafikantar og reisande i gjennom området ved Storavatnet vil frå neste år merke arbeida med ny riksveg endå meir
- I 2025 blir arbeida i dette området intensivert, og vi må vere ærlege og førebu trafikantane på at det blir krevjande å kome seg fram. Fram til trafikkopning av riksvegen 1. juni 2027 skal heile trafikkløysinga på Storavatnet byggast om, og køyremønsteret vil endrast fleire gonger.
Nøkkelord
Kontakter
Lene Sælen Rivenes, prosjektleder Rv. 555 SotrasambandetDivisjon Utbygging, Statens vegvesen
Tel:+47 932 27 521lene.saelen.rivenes@vegvesen.noBilder



Lenker
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
AVLYST: Ny milepæl for elektrisk tungtransport – megawatt-lader åpner på Vinstra 1. september28.8.2026 16:04:21 CEST | Pressemelding
På grunn av Hans Majestet Kong Haralds bortgang er den planlagte markeringen på tirsdag avlyst inntil videre.
På måndag startar utbedringa av E1428.8.2026 07:55:00 CEST | Pressemelding
Trafikantane må rekne med mellombelse trafikkendringar og periodar med lysregulering gjennom anleggsområdet dei neste to månadene.
Har tildelt arbeid på E39 Betna-Stormyra27.8.2026 14:24:41 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen mottok 13 tilbud på kontrakten for fullføring av E39 Stormyra – Staurset. Laveste pris lå på 145 millioner kroner.
Medieinvitasjon: Ny milepæl for elektrisk tungtransport – megawatt-lader åpner på Vinstra 1. september27.8.2026 14:02:42 CEST | Pressemelding
Uno-X og Statens vegvesen inviterer mediene til åpningen av en ny ladestasjon for tungtransport på døgnhvileplassen i Vinstra vegpark ved E6 i Gudbrandsdalen.
I gang med bygging av ny gang- og sykkelveg langs rv. 2227.8.2026 13:37:25 CEST | Pressemelding
Arbeidet med den nye gang- og sykkelvegen mellom Nygårdshaugen og Holmegil i Sarpsborg er i gang. Myke trafikanter skal få et tryggere og sammenhengende tilbud langs rv. 22.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom