Truleg ny botnrekord for laksefisket
Årets laksefiske ser ut til å bli dårlegare enn nokon gong, viser nye tal. – Stenginga av 33 lakseelvar i juni var nødvendige, seier miljødirektør Ellen Hambro.
– I undersøkte elvar som var opne for laksefiske heile sommaren vart det fanga berre 72 prosent av den mengda laks ein tok i fjor, som også var eit veldig svakt år, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.
Tal frå over 100 elvar
Dei nye førebelse tala frå laksefisket kjem fram i eit notat, som Norsk institutt for naturforsking (NINA) har laga på oppdrag frå Miljødirektoratet (vedlagt pressemeldinga). NINA har samanfatta fangstar frå fire kilenotstasjonar, og rapporterte fangsttal og fisketeljingar frå vel 100 lakseelvar i heile landet. 53 av elvane var opne for laksefiske gjennom heile sesongen. Spesielt ser det ut til at det kom veldig få laks på over tre kilo til elvane frå Vestland til Trondheimsfjorden.
Lite stor og mellomstor laks
I juni såg Miljødirektoratet seg dessverre nøydde til å stengje fisket i 33 store lakseelvar frå Sør-Noreg og nordover til og med Trøndelag. 17 av elvane heldt fram med å vere stengde gjennom heile sommaren, medan 16 vart gjenopna for eit svært avgrensa fiske etter snautt tre veker. Hovudgrunnen til stengingane var at det kom svært lite laks på meir enn tre kilo, som i desse elvane er ekstra viktige for å sikre at det blir nok lakseungar til at det blir forsvarleg å fiske også i framtida.
– Ved å stengje laksefisket i 33 elvar i juni bidrog vi til at fleire laks fekk formeire seg, noko som er svært viktig når det kom så få laks til elvane som i år, seier miljødirektør Ellen Hambro.
– Ny føre var-strategi i utsette elvar
I to av elvane som heldt fram med å vere stengt resten av sommaren, ser det ut til at det etter kvart kom litt meir laks enn frykta. Dette gjeld Glomma, og Uskedalselva ytst i Hardangerfjorden. På det tidspunktet Miljødirektoratet vurderte kva for nokre av dei stengde elvane som kunne gjenopnast, var antakinga at det ville komme for lite laks også til Glomma og Uskedalselva.
– Når laksen er så pressa som han er no, kan det også i framtida bli nødvendig å stanse fisket når det ser ut til å komme for lite laks til elvane. Samtidig legg vi frå neste år om til ein føre var-strategi i dei mest utsette elvane, der vi er restriktive i starten av sesongen, for så å heller opne meir opp seinare dersom det viser seg at det kjem nok laks, seier Ellen Hambro.
Ber om planar for forsvarleg fiske
Miljødirektoratet ber om å få planar frå elveeigarlag i ekstra utsette elvar, for korleis laksefisket skal haldast på eit forsvarleg nivå. Dette gjeld spesielt elvar der det har vore lite laks over nokre år, eller svært lite laks berre i år. Utan slike planar vil Miljødirektoratet truleg innføre seinare start av fiskesesongen i desse elvane enn det er i dag.
Planane bør beskrive korleis elveeigarlaga vil sørgje for eit forsvarleg laksefiske i elvane sine, og kva effektar dei meiner tiltaka vil ha på mengda laks som blir fiska. Planane bør også beskrive når og korleis elveeigarlaga skal berekne kor mykje laks som har komme til elva, og kor mykje som har vorte fanga. Når ei elv har redusert fisket samanlikna med tidlegare år, trengst meir informasjon enn fangsttal for å vurdere kor mykje laks som har komme til elva. Dette kan vere teljing av laks, eller oppsummering av inntrykket til fiskarane av mengda laks i elva samanlikna med tidlegare år. Fristen for å sende planane til Miljødirektoratet er innan utgangen av 2024. Neste vår vil endringar i føresegnene om fisket bli vedtekne i ei forskrift, etter at ramma partar har fått gi innspel til eit forslag i forkant.
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Dokumenter
Om oss
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Besøkssenter villaks til Lærdal, Mandalselva og Gaula13.12.2024 15:42:56 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet har autorisert tre nye besøkssenter villaks som skal jobbe for å formidle kunnskap om betydninga av laksen og korleis vi kan vareta den.
Besøkssenter villaks til Lærdal, Mandalselva og Gaula13.12.2024 14:58:29 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet har autorisert tre nye besøkssenter villaks som skal jobbe for å formidle kunnskap om laksens betydning og hvordan vi kan ivareta den.
Mikroplast fra bildekk forurenser Arktis10.12.2024 11:00:00 CET | Pressemelding
Forskere finner mikroplast fra bildekk i regn på Svalbard.
Mikroplast frå bildekk forureinar Arktis10.12.2024 11:00:00 CET | Pressemelding
Forskarar finn mikroplast frå bildekk i regn på Svalbard.
9 av 10 trekkfugler med negativ utvikling i 20249.12.2024 15:00:13 CET | Pressemelding
Årets overvåkingstall for trekkfugl er de svakeste siden oppstarten i 1990. Nedgangen i insektbestandene pekes på som mulig årsak.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom