Lansering av Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar 2025: Offentleggjering av foredragshaldar og prisvinnar på Nasjonalbiblioteket 25. november kl. 11.00
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery vil saman med nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre kunngjere kven som skal halde det første Fosseforedraget, og kven som er vinnar av Fosseprisen for omsetjarar i 2025. Offentleggjeringa vil skje på Nasjonalbiblioteket i Oslo måndag 25. november kl. 11.

I desember 2023 blei det kjent at regjeringa, som ei heidring av nobelprisvinnar i litteratur Jon Fosse, vil leggje til rette for eit årleg Fosseforedrag og ein Fossepris for omsetjarar. Arrangementet er i regi av Nasjonalbiblioteket, og foredraget vil bli halde av ein internasjonal akademikar, forfattar, dramatikar eller annan tenkjar, medan prisen skal gå til ein omsetjar som omset frå norsk til eit anna språk.
– Med dette initiativet vil vi skape ein kulturell møteplass som inspirerer til samtale om litteratur både i Noreg og internasjonalt. Vi vil vise fram den krafta og rolla litteraturen har i samfunnet, og bidra til å plassere Noreg endå tydelegare på det internasjonale litteraturkartet, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
– Formålet med Fosseforedraget er å bringe den internasjonale tenkinga rundt litteratur til Noreg, og målet med Fosseprisen å heidre dei som bringar norsk litteratur til resten av verda. Med dette skaper vi nye institusjonar i Noreg – institusjonar som skal vare i generasjonar framover, seier Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre.
Foredraget
Fosseforedraget skal framheve originale perspektiv på litteraturen og stimulere den offentlege litteratursamtalen både i Noreg og ute i verda. Foredragshaldaren er ikkje beden om å snakke om Fosse og treng ikkje å kjenne til forfattarskapen til Jon Fosse på førehand eller referere til Jon Fosse under foredraget. Det er samtalen og tenkinga om litteraturen i seg sjølv som skal løftast, i tråd med ånda og verksemda til Jon Fosse.
Fosseforedraget skal vere originalt og skrive for høvet.
Ein av dei største omsetjarprisane i verda
Under same arrangement skal Nasjonalbiblioteket i samarbeid med NORLA (Norwegian Literature Abroad) dele ut Fosseprisen for omsetjarar. Prisen skal hylle ein person som over tid har arbeidd med å omsetje norsk litteratur til andre språk.
Fosseprisen for omsetjarar skal bidra til å heidre omsetjarkunsten og understreke den viktige rolla omsetjarane har når det gjeld å bringe norsk litteratur ut i verda. Fosseprisen blir ein av dei største omsetjarprisane i verda, med ein verdi på 500 000 norske kroner.
Ny internasjonal kulturhending
Rundt Fosseforedraget og -prisen vil Nasjonalbiblioteket byggje eit arrangementsprogram som opnar fleire vegar inn i litteratur- og dramatikkdebatten for eit breitt publikum. NORLA skal dessutan arrangere eit internasjonalt omsetjarseminar i samband med prisutdelinga.
– Slik vil Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar bli ei ny internasjonal kulturhending i Noreg der litteraturen og dramatikken blir feira og diskutert, seier Aslak Sira Myhre.
Vi legg til rette for foto og intervju. Meld deg på til presse@nb.no seinast 20. november kl. 12.
Enkel servering ved Credo.
Framlegginga blir strøymd. Påmeldt presse som vil delta digitalt vil få lenke til strøyminga.
Nøkkelord
Kontakter
Presseansvarleg ved Nasjonalbiblioteket, Nina Bræin, e-post: nina.brain@nb.no, mobil: 951 50 912
Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar, Martine Jonsrud, e-post: martine.jonsrud@nb.no, mobil: 451 11 635
Kommunikasjonseininga ved Kultur- og likestillingsdepartementet, e-post: kudinfo@kud.dep.no, mobil: 902 31 093 (ikkje sms)
Nina BræinPresseansvarligNasjonalbiblioteket
Tel:951 50 912presse@nb.noBilder


Følg pressemeldinger fra Nasjonalbiblioteket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nasjonalbiblioteket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nasjonalbiblioteket
Nasjonalbiblioteket får ansvar for ny global KI-organisasjon for bibliotek, arkiv og museer4.12.2025 11:44:57 CET | Pressemelding
Mer enn 40 institusjoner fra hele verden møttes i London 3. desember for å inngå en samarbeidsavtale om bruk av kunstig intelligens i bibliotek, arkiv og museer. Med dette er AI4LAM (Artificial Intelligence for Libraries, Archives, and Museums) etablert som en global organisasjon. Nasjonalbiblioteket får det administrative ansvaret for AI4LAM de tre første årene.
Opplev samisk utvandringshistorie i Blodspor på Nasjonalbiblioteket24.11.2025 11:21:46 CET | Pressemelding
Blodspor, en spesiallaget forestilling fra Tromsø-kompaniet Ferske Scener, fyller Nasjonalbiblioteket lørdag 29. november. Med utgangspunkt i samisk utvandring til USA og den norske migrasjonen til Sápmi, inviteres publikum til delta i rom som for anledningen er gjort om til Sápmi, USA … og framtiden.
Opplev samisk utvandringshistorie i Blodspor på Nasjonalbiblioteket24.11.2025 11:21:46 CET | Pressemelding
Blodspor, ei spesiallaga framsyning frå Tromsø-kompaniet Ferske Scener, fyller Nasjonalbiblioteket laurdag 29. november. Med utgangspunkt i samisk utvandring til USA og norsk migrasjon til Sápmi blir publikum inviterte til å ta del i rom som for høvet er gjorde om til Sápmi, USA … og framtida.
Terje Tvedt gir nye perspektiver på Norges historie i foredragsrekke på Nasjonalbiblioteket27.10.2025 11:55:00 CET | Pressemelding
Hvordan ble Norge det landet det er i dag? I en serie på fem foredrag tar Terje Tvedt, publikum med fra istidens slutt for 12 000 år siden og fram til dagens samfunn – i en fortelling om Norges historie du neppe har hørt før.
Dagbøker med skeiv kjærlighet fra 1800-tallet utgis i ny bok17.10.2025 11:10:09 CEST | Pressemelding
Petronelle Nielsens (1797–1886) dagbøker og reiseskildringer er de tidligste skriftlige kildene vi kjenner til som beskriver lesbisk kjærlighet i Norge. I Nasjonalbibliotekets nye bokutgivelse Der bor en lengsel i sjelen, kan du bli kjent med henne gjennom et rikt utvalg av disse nedtegnelsene.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom