Avinor

Passasjervekst i oktober, størst vekst i utanlandstrafikken

Del

4,7 millionar passasjerar reiste til og frå Avinor sine flyplassar i oktober. Dette er ein auke på 4 prosent samanlikna med oktober i 2023. Det er også 4 prosent auke i talet på passasjerar når ein ser på tala hittil i år.

I oktober var det auke blant både innanlands og utanlandsreisande, samanlikna med oktober i fjor.

Talet på utanlandsreisande aukar framleis mest, med 6 prosent i oktober. Dette er ein vekst vi har sett lenge.  Hittil år er veksten blant  utanlandsreisande heile 8 prosent.

Veksten blant innanlandsreisande er på 3 prosent.

Fullare fly

Passasjerveksten er 1 prosent høgare enn  prognosen for oktober, og 1 prosent høgare enn prognosen så langt i år.

-Det var også ein auke blant innlandsreisande i september, og trenden har vore positiv også gjennom oktober i denne marknaden. Dette gjer at det så langt i år er ein auke på 2 prosent innanlands, seier Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.

-Veksten er ikkje grunna høgt tilsig av fleire flygingar, men rett og slett fullare fly. Det  gjeld også for utanlandstrafikken. Dette er ein gjennomgåande trend. også internasjonalt, da det er mangel på flykapasitet i flymarknaden generelt. Mangelen er særleg driven av forseinka leveransar frå Boeing, og motorproblem som treff enkelte selskap med Airbus-fly i flåta si. Dette påverkar tilgjengelegheit og rutetilbodet generelt og særleg ved Oslo lufthamn, som har ei krevjande utvikling relatert til fleire andre internasjonale knutepunkt.

Flyrørsler

Det var 56 696  kommersielle flyrørsler i oktober. Dette talet er uendra samanlikna med oktober i fjor. Så langt i år er det 1 prosent færre flyrørsler samanlikna med same periode i 2023.

Talet på droneflygingar så langt i år er høgare enn for heile fjoråret

I oktober vart det meldt inn 2167 flygingar med drone i Ninox Drone. Dette er ein auke på 35 prosent samanlikna med 2023.  –  Sjølv om hausten starta med dårlegare vér, held den sterke auken i talet på droneflygingar fram, seier Mats Gjertsen, leiar av droneprogrammet i Avinor.

-Så langt i år er det 5000 fleire flygingar enn i heile 2023, seier Gjertsen.

Sjå tal, bilete og infografikk i vedlegg.

Nøkkelord

Kontakter

Pressetelefon (ikke SMS)Kun til bruk for journalister.

Vi svarer ikke på mediehenvendelser mellom kl. 21:00 - 06:30 med mindre det inntreffer større hendelser. For informasjon om flytrafikken ved våre lufthavner, se www.avinor.no, og velg flyplass.

Tel:+47 918 15 614presse@avinor.no

Bilder

Eivind Stensnes/ Avinor
Last ned bilde
Ylva Trulsen/ Avinor
Last ned bilde
Øystein Løwer/ Avinor
Last ned bilde
Øystein Løwer/ Avinor
Last ned bilde

Dokumenter

Om Avinor

Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.

Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av elfly, og leveranse av biodrivstoff til fly.

Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.

Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.

Følg pressemeldinger fra Avinor

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Avinor

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye