Eviny

Utgreiinga er ferdig – No skal eigarane i SFE ta stilling til vidare prosess

Del

Representantar frå Sogn og Fjordane Energi (SFE), Eviny og Sogn og Fjordane Holding (SF Holding) har no avslutta utgreiingsarbeidet om konsekvensar av ulike modellar for framtidig eigarskap i SFE. No skal styret i SF Holding og Eviny basert på dette kunnskapsgrunnlaget gi råd til sine eigarar om ein skal arbeide vidare med ei full fusjonsutgreiing.

Fleire arbeidsgrupper med representantar frå eigarane, SF Holding og Eviny, og SFE har jobba godt for å gi eigarane eit best mogleg grunnlag for å ta ei beslutning om vegen vidare. Dette er første samling i Førde.
Fleire arbeidsgrupper med representantar frå eigarane, SF Holding og Eviny, og SFE har jobba godt for å gi eigarane eit best mogleg grunnlag for å ta ei beslutning om vegen vidare. Dette er første samling i Førde.

Dei to største eigarane i SFE er SF Holding og Eviny. I juni i år inngjekk dei ein intensjonsavtale om å greie ut tre ulike alternativ for framtidig eigarstruktur i SFE. 1. Full samanslåing (fusjon), 2. Vidare eigarskap som i dag der SFE driv som sjølvstendig eining og 3. Modell og løysing der Eviny gir slepp på eigarskapen i SFE.

Fleire arbeidsgrupper med representantar frå alle selskapa har jobba godt for å gi eigarane eit best mogleg grunnlag for å ta ei beslutning om vegen vidare.

Konsulentselskapa EY og KPMG har hatt ansvaret for å gjennomføre prosessen og utarbeide kvar sine rapportar, samt at SFE har utarbeide sin eigen rapport om å halde fram som før for å gi eit best mogeleg beslutningsgrunnlag.

Arve Helle, styreleiar i SF Holding, seier rapportane gir eit godt grunnlag for styret i SF Holding til å gje si innstilling til eigarane.

Oppgåva til styret i SF Holding er å ta vare på aksjonærfellesskapet sine interesser. No har vi fått eit godt beslutningsgrunnlag, for å vurdere alternativa opp mot det som er SF Holding sine mål med eigarskapen i SFE. På bakgrunn av det vil styret i SF Holding gje sitt råd til eigarane og dele det med dei den 19.november, seier Arve Helle.

Eigarane i SF Holding gjev si innstilling i generalforsamling den 16. desember. Simpelt fleirtal vil avgjere om SF Holding skal gå vidare med ei full fusjonsutgreiing. Deretter vil saka handsamast på SFE si generalforsamling den 19. desember.

Faktaboks:

Sogn og Fjordane Holding er største eigar i SFE med 49,5 prosent av aksjane, og er i dag eigd av Vestland fylkeskommune og kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Eviny eig 36,8 prosent av SFE. I tillegg har kommunane Kinn, Gloppen, Bremanger, Stad, Askvoll og Sunnfjord direkte eigarskap i SFE.

Kontaktpersonar; Styreleiar i SF Holding, Arve Helle (917 37 562) og Adm.dir. i Eviny Ragnhild Janbu Fresvik (959 28 038)

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Fleire arbeidsgrupper med representantar frå eigarane, SF Holding og Eviny, og SFE har jobba godt for å gi eigarane eit best mogleg grunnlag for å ta ei beslutning om vegen vidare. Dette er første samling i Førde.
Fleire arbeidsgrupper med representantar frå eigarane, SF Holding og Eviny, og SFE har jobba godt for å gi eigarane eit best mogleg grunnlag for å ta ei beslutning om vegen vidare. Dette er første samling i Førde.
Last ned bilde

Om Eviny

Eviny er et av Norges største energi- og teknologikonsern, og produserer fornybar energi fra 39 vannkraftverk og to vindkraftverk på Vestlandet.

Over 500.000 nordmenn bruker Evinys ladestasjoner for elbil. Eviny leverer ellers fibertjenester og fjernvarmenett, bygger landstrøm til skip, og elektrifiserer havbruk og transportnæringen. Selskapet leverer også løsninger som gjør byggeplasser utslippsfrie, og bygger et av verdens første nettverk for hurtiglading av elbåter. Evinys entreprenørselskap prosjekterer, bygger og drifter fibernett og lav- og høyspentanlegg.

Datterselskapet BKK frakter strømmen hjem til 450.000 vestlendinger i 19 kommuner.

Eviny er eid av 17 vestlandskommuner, Statkraft samt to lokale kraft- og elektrisitetslag.

Følg pressemeldinger fra Eviny

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Eviny på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Eviny

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye