«Kalde» kreftsvulstar som vert gjort «varme» gjev nytt håp for immunterapi mot prostatakreft
8.11.2024 09:39:55 CET | UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet | Aktuelt
Kalde krefttypar let seg ikkje behandla med immunterapi. Men ei ny oppdaging kan gjera dei varme og opna for behandling likevel.

Dei siste femten åra har det vore ei rivande utvikling innan behandlingsforma immunterapi. Der tradisjonell kreftbehandling angrip kreftcellene med strålebehandling, kirurgi og cellegift, nyttar immunterapi ei anna tilnærming.
– Ved immunterapi er det ikkje sjølve kreftcellene ein rettar seg mot, men immunsystemet i det mikromiljøet som kreftsvulsten utgjer. Svulsten inneheld nemleg ikkje berre kreftceller, men òg vanlege celler frå verten, som blodceller og immunceller, forklarar professor Fahri Saatcioglu ved Institutt for biovitskap, Universitetet i Oslo.
– Kvar dag oppstår det små tumorar i kroppen som immunsystemet kjenner att og fjernar. Men i tillegg til delen som drep uynskte celler, inneheld systemet òg ein del som fungerer som brems. Slik at systemet stoppar i tide og ikkje begynner å angripa friske celler. Denne bremsen heiter eit sjekkpunkt.
Kalde krefttypar
Trikset til kreftcellene er å overstyra den normale reguleringa av immunsystemet, slik at bremsen er på heile tida. Dermed anar immunsystemet fred og ingen fare og let kreften herja som han vil. Men i enkelte former for immunterapi nyttar ein legemiddel som overstyrer sjekkpunkta og hindrar dei i å bremse immuncellene, slik at dei står frie til å angripa kreftcellene. Slike legemiddel vert kalla sjekkpunkthemmarar.
– Det er derimot nokre krefttypar immunterapi ikkje verkar på. Men for dei kanskje 20–40 prosentane behandlinga verkar på, kan forventa levetid auka frå berre nokre få månadar til minst 10–15 år, seier Saatcioglu til Titan.uio.no.
Krefttypane som ikkje immunterapi har effekt på vert kalla kalde, og omfattar mellom anna bukspyttkjertelkreft, eggstokkreft, brystkreft og krefttypen som Saatcioglu hovudsakleg forskar på: prostatakreft.
Finst i alle cellene i kroppen
Prostatakreft er den hyppigaste kreftforma hjå menn i Norge. Kvart år vert det oppdaga rundt 5000 nye tilfelle. Trass stadig betre behandlingsformer er det omtrent ein femtedel av pasientane som døyr. Nye behandlingsformer er derfor velkomne.
Titan har tidlegare skrive om at Saatcioglus lab har oppdaga ei mogleg behandling av prostatakreft ved å blokkera ein signalveg ved namn IRE1 med det vesle molekylet MKC8866. IRE1-signalisering er viktig for cellene si handtering av indre og ytre stress, og ved å blokkera IRE1 mister kreftcella mykje av denne evna.
– Men IRE1 er ikkje unik for kreftceller. Den finst i alle cellene i kroppen. Så kva skjer med dei andre cellene i prostatakreftsvulsten når vi brukar MKC8866-molekylet til å blokkera IRE1? Eller når vi eliminerer han med genredigeringsmetoden CRISPR-Cas9?
– Ved hjelp av ein ny metode kalla single cell RNA sequencing har vi kunna studera kva som skjer med alle cellene i mikromiljøet i svulsten, fortel Saatcioglu.
Fleire immunceller som angrip kreften
– Det vi såg, var at når vi blokkerte IRE1-signala vart dei immundempande effektane reduserte. Då tenkte vi at dette kanskje kunne ha ein gunstig effekt for immunterapi i prostatakreft, noko ingen har lukkast med tidlegare trass at fleire har prøvd å få det til i fleire kliniske studiar.
Med andre ord: blokkering av IRE1 kan potensielt endra ein kald svulst til ein varm, som er mottakeleg for immunterapi.
– Då vi angreip prostatakreften med ein sjekkpunkthemmar åleine, såg vi berre ein liten effekt. Å berre blokkera IRE1, med låg dosering, gav ein viss nedgang i tumorvekst, men ikkje mykje, seier Saatcioglu.
– Men kombinasjonen av sjekkpunkthemmar og blokkering av IRE1 førde til ein dramatisk reduksjon i tumorvekst i fleire musemodellar. Samstundes såg ein at samansetjinga av immunceller i mikromiljøet rundt svulstane endra seg til å innehalda fleire immunceller som angrip kreften.
Funna relevante for andre krefttypar
– Vi har testa og sett den same effekten i fire ulike musemodellar, så vi er svært trygge på konklusjonen vår. Det vert òg avspegla av at vi har fått publisert i prestisjetunge Nature Communications.
Neste steg er klinisk utprøving, dersom dei lukkast med å skaffa nødvendig finansiering. Saatcioglu forskar altså primært på prostatakreft, men det er nærliggjande å spørja om den same behandlinga òg kan takast i bruk på dei andre kreftformene som vert rekna som kalde.
– Det finst ferske studiar som tyder på det. Signalvegen IRE1 finst som sagt i alle celler, som sjølvsagt òg omfattar andre typar kreftceller. Vi trur funna våre er relevante for andre krefttypar òg.
Den vitskaplege artikkelen
Unal, Saatcioglu m.fl.: Targeting IRE1α reprograms the tumor microenvironment and enhances anti-tumor immunity in prostate cancer. Nature Communications, Oct 2024
Nøkkelord
Kontakter
Gina AakreRedaktør, Titan.uio.no
Tel:92879847gina.aakre@mn.uio.noLenker
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet har ein lang og stolt tradisjon innan forsking og undervising i dei klassiske realfaglege disiplinane. Fakultetet si verksemd dekkjer også eit breitt spekter av tverrfagleg forsking og ligg i front i Europa på fleire område. Følg våre forskingsnyheiter på Titan.uio.no - https://titan.uio.no/, som også er på Facebook - https://www.facebook.com/Titan.uio.no/ og Twitter - https://twitter.com/unioslo_titan, eller abonner på nyheitsbrevet - http://uio.us11.list-manage.com/subscribe?u=161573052011290883a1202af&id=9c6531d 3ab. * UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet * Sem Sælands vei 24 * 0371 Oslo * 22 85 56 00 * http://www.mn.uio.no/
Følg pressemeldinger fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Presseinvitasjon: Gift på avveie16.10.2026 14:32:05 CEST | Presseinvitasjon
Hva forgifter Oslofjorden? Hvordan havner miljøgifter i Arktis, og hva vet vi egentlig om kjemikaliene vi får i oss? Onsdag 21. oktober samler Universitetet i Oslo forskere for å diskutere PFAS, mikroplast og miljøgifter, og hva forskningen forteller oss om risikoen for mennesker og natur.
Ny bachelor skal styrke tilgangen på kritisk teknologikompetanse6.10.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Studieprogrammet Technology Systems: Science & Engineering skal utdanne folk som kan utvikle og forstå teknologisystemer. UiOs første engelskspråklige bachelorgrad tilbys fra høsten 2027.
Ting du kan dø av i 2040 – og hvordan overleve2.10.2026 08:30:00 CEST | Presseinvitasjon
Svartedauden tilhører historiebøkene, men bakterien som forårsaket den, lever fortsatt. Hva skjer dersom fugleinfluensa blir bedre til å smitte mellom mennesker? Kan kroppens egne fettsyrer brukes til å bekjempe infeksjoner? Kan bakterier som ikke lenger lar seg stoppe av antibiotika, gjøres sårbare igjen? Og hvordan kan radioaktive stoffer brukes til å behandle kreft?
Bæret inneholder dobbelt så mye antioksidanter som blåbær1.10.2026 14:02:53 CEST | Aktuelt
Og du finner det i veikanter og hager. Nå vil forskere bruke den naturlige magien i et plaster.
Det finst mange stader bier kan trivast, men dei treng skogkantar for å kunne spreie seg27.5.2026 11:25:21 CEST | Aktuelt
Forskarar jobbar med kart over spreiingsrutene til biene. Nedbygging av natur kan skape for store avstandar mellom ulike populasjonar.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom