Statens vegvesen

Strakstiltaka for E39 Vestnes ferjekai er i rute

Del

Arbeida med strakstiltak for betre trafikktryggleik for E39 Vestnes ferjekai er godt i gang. I nokre veker vil det ikkje vere tilgang til toalett på kaia.

Bilete av anleggsarbeida som skjer på ferjekaia. På biletet kjører samtidig køyretøy av ferja.
Det er krevjande å gjennomføre anleggsarbeida samtidig som ferjekaia skal vere operativ, men med god planlegging så har det gått bra så langt i prosjektet. Foto: Statens vegvesen.

Arbeida starta i slutten av september og så langt har det gått som planlagt for ferjekaia i Vestnes kommune i Møre og Romsdal.

Stor aktivitet

– Vi har gravd grøft for fiber, straum, overvatn og avløp. Det er frest asfalt og gjort førebuingar for legging av kantstein. For det nye busstoppet er kantstein allereie på plass. Den gamle Furneskiosken er riven og nytt mellombels servicebygg er etablert, seier byggjeleiar Kristian Hauståker i Statens vegvesen. 

Arbeida kravde omlegging av køyremønster til parkeringsplassen og det er litt mindre parkeringskapasitet enn før, fortel Hauståker, som opplever at trafikkavviklinga har gått bra.  
 
Det er ingen endringar i køyremønster for dei som skal ha med seg køyretøy på ferja.

Ikkje toalett frå 25. november

– Den kommande perioden skal det etablerast avløpssystem til nytt servicebygg, grunnarbeid skal gjerast for det nye servicebygg og ikkje minst oppsetjinga av sjølve servicebygget. I tillegg kjem etablering av trafikkøyar og kantstein. Det blir også mindre asfalteringsarbeidar til slutt, seier Hauståker. 

I denne fasen vil arbeida etter kvart komme i konflikt med det mellombelse servicebygget som er sett opp, derfor må dessverre dette tilbodet falle bort nokre veker. 

– Perioden utan toalett på ferjekaia blir frå og med 25. november og til nytt servicebygg er på plass cirka veke 51. Det blir i denne perioden etablert ei enkel brakke utan toalett. 

Utførande entreprenør for arbeida er Mesta. 

Planlegg fleire tiltak

Strakstiltakene er del av ein større plan for E39 Vestnes ferjekai. Her er arbeidet med detaljregulering for kaia og tilhøyrande område i gang. Planarbeidet omfattar ny gang- og sykkelveg og trygg kryssing av E39 med samband heilt til Vestnes. Det skal også leggjast til rette for ny og dobbel ferjekai. 

Ferjesambandet Molde-Vestnes var i fjor Møre og Romsdals mest trafikkerte ferjesamband. 

Tidlegare pressemeldingar: 

Nøkkelord

Kontakter

Pressevakt Drift og vedlikehold

* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje

Tel:479 05 472pressedv@vegvesen.no

Bilder

Bilete av anleggsarbeida som skjer på ferjekaia. På biletet kjører samtidig køyretøy av ferja.
Det er krevjande å gjennomføre anleggsarbeida samtidig som ferjekaia skal vere operativ, men med god planlegging så har det gått bra så langt i prosjektet.
Foto: Statens vegvesen.
Last ned bilde
Bilete av lærling i Mesta Viktoria Sjåstad foran anleggsplassen og ferjekaia.
Viktoria Sjåstad frå Søvika er lærling i Mesta i drifts- og vedlikehaldsfaget. Ho jobbar på Vestnes ferjekai og har mellom anna vore med på å setje kantsteinen. Det er krav om bruk av lærlingar i kontrakta. Ikkje minst er det veldig positivt med fleire jenter i anleggsbransjen.
Foto: Statens vegvesen.
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye