Vil du bli Kystverket sin nye leigetakar på Hellisøy fyr?
8.11.2024 11:02:13 CET | Kystverket | Pressemelding
Brenn du for kystkultur? Har du ein god idé til aktivitetar på eit fyr, som samstundes gjer det tilgjengeleg for folk? Ettersom avtalen med Fedje kommune går ut ved årsskiftet, søker Kystverket no etter ein ny leigetakar for Hellisøy fyrstasjon. Som leigetakar må du gjere fyrstasjonen tilgjengeleg for ålmenta, formidle kystkultur og halde fyrstasjonen godt ved like.

Hellisøy fyr er ei perle heilt sørvest på øykommunen Fedje i Vestland fylke. Det 33 meter høge støypejernfyret vart bygd i 1855. Fyret vart automatisert i 1989, men fyrstasjonen var bemanna fram til 1992 på grunn av meteorologiske observasjonar. Dei siste åra har lokale aktørar sørgt for at fyret har vore eit besøksfyr, med overnattingstilbod i den tidlegare fyrvaktarbustaden.
– Kystverket er ein av dei største statlege grunneigarane langs kysten. Vi ønsker at kulturarven vår vert tatt vare på som ein bruksressurs og at den skal vere grunnlag for kunnskap, opplevingar og verdiskaping. I fleire år har vi difor bidratt til å opne fyrstasjonane for ålmenta ved å legge til rette for "vern gjennom bruk", i tråd med Stortingsproposisjon nr. 29 (2006–2007), seier avdelingsleiar Trond Røren.
Av dei 115 fyrstasjonane som Kystverket eig, er om lag 80 leigd ut til eksterne aktørar som med sine aktivitetar gjer dei tilgjengelege for ålmenta, til dømes ved å tilby overnatting og kulturbasert næringsutvikling.
Prioritering av frivillige organisasjonar
Fedje kommune har hatt leigeavtale for fyrstasjonen med Kystverket, og ein kommersiell aktør har drifta staden og gjort den tilgjengeleg for publikum. Kystverket og Fedje kommune er no samde om å ikkje forlenge leigeforholdet når det går ut ved årsskiftet, slik at neste leigetakar vil inngå avtale direkte med Kystverket.
– Kystverket må følge dei overordna føringane for utleige av fyrstasjonar som inneber at ideelle eller frivillige organisasjonar med allmennyttige føremål normalt skal prioriterast framfor kommersielle aktørar. Vi set krav uansett om at leigetakaren må vere seriøs og ha eit godt og berekraftig driftskonsept som innfrir krava våre om å gjere fyrstasjonen tilgjengeleg for ålmenta, og som også oppfyller kravet om formidling av kystkultur og vedlikehald. Dersom vi konkluderer med at ein kommersiell aktør har eit betydeleg betre driftskonsept enn ein frivillig organisasjon, kan vi vurdere å velje den kommersielle aktøren, forklarer seksjonsleiar Tatjana Eriksen.
Restriksjonar
Hellisøy fyrstasjon er freda av Riksantikvaren, noko som set visse avgrensingar på kva som kan gjerast og korleis.
– Vi oppmodar interesserte om å sette seg inn i forvaltingsplanen for fyret, der ein finn mykje nyttig informasjon om fredinga og eigedomen. På Hellisøy fyr er det opna for at ein kan ha omvising i tårnet på visse vilkår, fortel seniorrådgivar Siv Senneset.
– Har du ein god idé om eit driftskonsept med aktivitet som gjer ein fyrstasjon tilgjengeleg for folk, så er det ikkje mange slike moglegheiter som dukkar opp. Så her må ein ta sats når sjansen er her, avsluttar Røren.
På Kystverket sine nettsider (www.kystverket.no/hellisoyfyr) finn du forvaltingsplan, standard leigeavtale og anna relevant informasjon for deg som ønskjer å søke om leigeavtale for Hellisøy fyrstasjon.
Nøkkelord
Lenker
Om Kystverket
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ein bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Nærings- og fiskeridepartementet.
Følg pressemeldinger fra Kystverket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kystverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Kystverket
Inviterer til opning av ny kai i Kvalsund18.5.2026 14:04:56 CEST | Pressemelding
Onsdag 20. mai blir den nye allmenningskaia i Kvalsund hamn offisielt opna. Kystverket inviterer til ei open markering ved kaia frå klokka 11.00, der både lokalbefolkning, næringsliv og andre interesserte er velkomne til å delta.
Kystverket først i Europa med ny portal for skipsrapportering13.5.2026 09:43:22 CEST | Pressemelding
Norge er første land i Europa som lanserer en nettportal for skipsrapportering i tråd med EUs nye regelverk. Lanseringen gjør skipsrapporteringen til Norge enklere. «En imponerende bragd og en viktig milepæl» lyder gratulasjonene fra Brussel.
Husøy fiskerihavn: Klar for neste fase21.4.2026 07:43:39 CEST | Pressemelding
Sprengningsarbeidet i prosjektet Husøy fiskerihavn er nå ferdigstilt.
Elisabeth Aarsæther ansatt i Kystverket10.4.2026 09:08:33 CEST | Pressemelding
Etter flere år som toppleder i DSB har Elisabeth Aarsæther takket ja til en sentral rolle som spesialrådgiver for samfunnssikkerhet og beredskap i Kystverket.
LMZ Pluto er på vei mot land30.3.2026 14:10:52 CEST | Pressemelding
Etter en vellykket aksjon er det havarerte bulkskipet LMZ Pluto nå på vei mot land.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom