Mykje feil faremerking av kjemikaliar kjøpt på nett
65 prosent av kjemikaliane Miljødirektoratet handla i 23 nettbutikkar hadde feil og manglar ved faremerkinga på etikettane og emballasje.

Den vanlegaste feilen var at merkinga på etiketten ikkje var på norsk.
– Dårleg eller manglande faremerking og emballering aukar risikoen for at forbrukarar ikkje er klare over farane desse kjemikaliane utgjer for dei – spesielt for barna. Dei som sel slike kjemikaliar har ansvar for å kontrollere faremerkinga og sørgje for lovlege kjemikaliar på marknaden, seier seksjonsleiar Gro Hagen i varetilsynsseksjonen i Miljødirektoratet.
Duftoljer, reingjeringsmiddel, lim, målingsfjernarar og hushaldskjemikaliar er døme på kjemikaliar vi kontrollerte i nettbutikkar som marknadsfører produkta sine på den norske marknaden. Vi kontrollerte 68 kjemikaliar frå 23 ulike nettbutikkar.
Faremerka kjemikaliar kan vere farleg å svelgje eller få i auga, gi allergisk hudreaksjon og irritere luftvegane.
Mest feil på duftoljer
Om lag halvparten av dei kontrollerte kjemikaliane var duftoljer. Dei fleste mangla norsk språk på etiketten.
Etiketten skal vere på sida av flaska slik at det skal kunne lesast når flaska står slik ho er tiltenkt. Fleire hadde etikett plassert under flaska. Nokre av duftoljene mangla også etikett på sjølve flaska.
– Forbrukarar bør vere klare over risikoen dei tek når dei kjøper duftoljer utan rett faremerking, seier Gro Hagen i Miljødirektoratet.
To av duftoljene hadde ueigna emballasje. Det lak innhald ut av behaldaren via korken.
Nettbutikkane manglar fareinformasjon
21 av dei 23 kontrollerte nettbutikkane mangla informasjon i nettbutikken om dei farlege eigenskapane ved kjemikaliane dei sel.
Ein privatperson som kjøper faremerket kjemikaliar i nettbutikkar, skal sjå kva type farar som er angitt på etiketten. Formålet er at forbrukarane skal få tilstrekkeleg informasjon om dei farlege eigenskapane før eit eventuelt kjøp.
– Vi halde fram med å kontrollere faremerka kjemikaliar . Det er viktig å understreke at verksemdene må ta ansvar for å kontrollere kjemikaliar og sørgje for at dei har rett faremerking, seier Gro Hagen.
Fakta: Krav til merking av kjemikaliar
- Kjemikaliar inneheld stoff som har farlege eigenskapar for helse og miljø.
- Kjemikaliar med farlege eigenskapar skal merkast med ein fareetikett som opplyser om dei farlege eigenskapane og korleis ein skal handtere kjemikalet på ein sikker måte.
- Utforminga av fareetikken og emballasje hos kjemikaliar er bestemd av forskrift om klassifisering merking og emballering av stoff og stoffblandingar (CLP). CLP er eit felles europeisk regelverk.
- Produsentar og importørar som sel produkt på den norske marknaden har ansvar for at alle farlege kjemikaliar er riktig merkte og emballerte. I Noreg skal merkinga vere på norsk.
- CLP stiller også krav til emballasjen for farlege kjemikaliar, mellom anna krav om barnesikra lukking og/eller følbar åtvaringsmerking (åtvaringsmerking for blinde og svaksynte) for nokre kjemikaliar. Dette avheng av korleis dei er klassifiserte eller om dei inneheld bestemde stoff over ein viss konsentrasjon.
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa
Tel:40 10 38 00presse@miljodir.noBilder





Om oss
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
41 millioner til vannmiljøtiltak over hele landet31.10.2025 13:44:49 CET | Pressemelding
88 prosjekter over hele landet har til sammen fått 41 millioner kroner for å gjøre livet bedre for fisk og annet liv i elver, innsjøer og kystvann.
41 millionar til vassmiljøtiltak over heile landet31.10.2025 13:44:49 CET | Pressemelding
88 prosjekt over heile landet har til saman fått 41 millionar kroner for å gjere livet betre for fisk og anna liv i elvar, innsjøar og kystvatn.
Tekstilbransjen kan få strengere krav som øker ombruk28.10.2025 08:00:00 CET | Pressemelding
Tekstilprodusenter må ta ansvar for produktene sine – også når de havner i søpla. Miljødirektoratet foreslår nye krav for en mer bærekraftig bransje.
Tekstilbransjen kan få strengare krav som aukar ombruk28.10.2025 08:00:00 CET | Pressemelding
Tekstilprodusentar må ta ansvar for produkta sine – også når dei hamnar i søpla. Miljødirektoratet føreslår nye krav for ein meir berekraftig bransje.
Ny rapport: Slik kan klimaet i Norge bli framover27.10.2025 11:00:46 CET | Pressemelding
Norge står foran store klimaendringer. Klima i Norge-rapporten gir et oppdatert kunnskapsgrunnlag for å tilpasse samfunnet til et endret klima.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom