Riksveg 7 er stengt, E16 opnar kl.15 fredag
1.11.2024 13:46:14 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Erdal bru på rv.7 i Eidfjord har fått store skadar av flaumen, og rv.7 er stengd. Statens vegvesen, inkludert den nasjonale bruberedskapen, er ute og sjekkar skadane for å kunne opne vegen igjen så raskt som mogleg. E16 i Lærdal opnar att kl.15 i ettermiddag.

Skadane på Erdal bru vert vurdert som så store at vegen ikkje kan opne før over helga.
-Fokuset vårt er på tryggleiken til trafikantane, og å på få opna vegen raskast mogleg, seier Svenn Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen. Me er ute og gjer vurderingar av om det er trong for erstatningsbru og andre aktuelle tiltak for å så raskt som mogleg kunne opne vegen.
Ny vurdering vert gjort måndag 4. november klokka 12.00
Alternative ruter: E134 eller E39 nå - E16 opnar kl.15
Per no er det difor berre E134 mellom aust og vest som er open. Skal ein vidare til Bergen må ein ta E39 langs kysten.
E16 er stengt no, men vil opna for trafikk att fredag kl.15.
Jobbar med å få oversikt over skadeomfang
Statens vegvesen jobbar med å få oversikt over skadane på vegnettet i store delar av Vestland fylke. Det er mykje mannskap ute, inkludert geologar som gjer synfaringar for å vurdera skadar og vidare fare.
Få trafikkmeldingar direkte på telefonen med appen Vegvesen trafikk
Du kan enkelt få trafikkmeldingar direkte på telefonen din med det same dei er publisert, ved å lasta ned appen Vegvesen trafikk og setja på varsel for ditt område eller strekninga di.
– Me tilrår alle som treng oppdatert informasjon om stengde vegar i sitt område til å lasta ned appen Vegvesen trafikk, og setja på varsel for aktuelt område eller strekning, sier Finden. Då kjem det automatisk varsel på telefonen straks det blir lagt ut melding om at ein veg vert stengt eller opna, eller om det er fare for stengd veg, innanfor det aktuelle området. Då er du alltid oppdatert.
Slik lastar du ned appen og set på varslingar:
- Last ned appen Vegvesen trafikk frå App Store eller Google play.
- Opne appen.
- Vel boksen «Set opp varsel» på framsida.
- Vel om du vil ha varsel om ei rute eller eit område (eller ein konkret fjellovergang, bru eller tunnel), og følg vidare instruksjonar.
- Viss du vel varsel for eit område får du opp eit kart. Zoom til rett stad, vel teikneverktøyet og bruk fingeren til å definera området du vil ha varslar for. Lagre området og sørg for at varsling er på.
Kontakter
Pressevakt Transport og samfunn
* Trafikksikkerhet og ulykkesstatistikk
* Trafikktall
* Fotobokser/fartskontroll
* Skilt
* Bompenger
* Trafikkstyring og beredskap
* Teknologi
* Klima og miljø
* Plansaker
* Nasjonale turistveger (Pressekontakt: 91104480)
* Norsk vegmuseum (Pressekontakt: 61285250)
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Ledebil og manuell dirigering på E16 ved Stanghelle neste uke24.9.2026 13:46:50 CEST | Pressemelding
Det blir ledebil, manuell dirigering og tidvis kortvarig stans på E16 ved Stanghelle i uke 40.
Ny innfartsparkering ved rv. 41 i Birkeland24.9.2026 11:17:26 CEST | Pressemelding
En ny innfartsparkering langs rv. 41 i Birkeland gjør det enklere å sette igjen bilen og ta bussen videre til Kristiansand.
Vent med å kjøre på E18 til arbeidene er ferdige lørdag24.9.2026 09:55:21 CEST | Pressemelding
Det blir innsnevringer og forsinkelser på E18 inn mot Oslo fra fredag kveld til lørdag. La bilen stå eller vent med å kjøre til arbeidene er ferdig.
Klar for høstferien? Slik kommer du trygt fram24.9.2026 08:05:00 CEST | Pressemelding
Mange skal ut på veiene i høstferien. Men husk at høstværet kan være lunefullt. Det er lurt å være godt forberedt, særlig om du skal på fjellet.
Flere trafikkomlegginger når Vestre Strandgate stenges i høstferien23.9.2026 14:50:59 CEST | Pressemelding
Det blir flere trafikkendringer i perioden 25. september til 5. oktober i forbindelse med arbeidene med midlertidig rundkjøring.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom