Nasjonalbiblioteket

VG-teiknar Roar Hagen donerer teikningane sine til Nasjonalbiblioteket

Del

Med sin karakteristiske strek har Roar Hagen tolka det norske nyheitsbildet i VGs kommentarspalter gjennom 38 år. No donerer han teikningane sine til Nasjonalbiblioteket.

Mann med teikning
VG-teiknar Roar Hagen. Gorm K. Gaare Nasjonalbiblioteket

– Det er med takksemd eg overleverer ein stor del av avisteikningane mine til Nasjonalbiblioteket, seier Roar Hagen. – Det er den beste løysinga for å ta vare på originalarbeida og for å gjere materialet tilgjengeleg for offentlegheita.

– Med denne donasjonen blir det rike visuelle materialet etter ein av dei viktigaste teiknarane i Noreg sikra for framtida, seier Arthur Tennøe, som er leiar for visuelle medium og konservering ved Nasjonalbiblioteket.

Materialet som blir donert er originalar frå 1986 til 2014, då Hagen gjekk over til digital produksjon. Også det digitale arkivmaterialet etter teiknaren, frå tida etter 2014, skal til Nasjonalbiblioteket.

– Her finn vi norsk politisk historie frå Gro og Kåre til våre dagars Erna og Jonas, og eit rikhaldig galleri av og internasjonale og norske kjentfolk, fortel Tennøe.

Roar Hagen fylte 70 år i april, men han teiknar framleis for VG, der han blei tilsett i 1986. Før han kom til VG, hadde Hagen vore i teiknar i Stavanger Aftenblad og Sunnmørsposten.

Fridom til eigne tolkingar
VG, som er den mest lesne avisa i Noreg, har ein lang tradisjon med å bruke karikaturar, portrett og andre teikningar i formidlinga si. Avisa har gitt Hagen stor fridom til å framstille sine eigne tolkingar av folk og hendingar i teikningane sine.

Forgjengaren til Roar Hagen, Salo «Pedro» Grenning, teikna for VG frå avisa blei etablert i 1945, og fram til han døydde i 1986. I 2015 donerte VG arkivet etter Pedro til Nasjonalbiblioteket.

– Samla gir den omfattande produksjonen til dei to VG-teiknarane eit bilde av det offentlege livet i Noreg frå andre verdskrigen og fram til i dag, i deira perspektiv. Det er svært gledeleg at vi no kan bevare heile dette viktige kulturhistoriske materialet for framtidige generasjonar, seier Tennøe.

Publisert over heile verda
Roar Hagen har blitt karakterisert som ein klassisk avis- og karikaturteiknar. Han har vore med i Cartoonist & Writers Syndicate og er i dag med i Cartooning for Peace.

Teikningane hans er publiserte i aviser og tidsskrift over heile verda, som The New York Times, Le Monde, Die Zeit, International Herald Tribune, Der Spiegel, Newsweek og Time Magazine.

Han har vunne prisar for årets avisteikning både i 2007 og i 2015 og dessutan International Caricatura Politica Award og Premio Satira Politica Forte dei Marmi.

Han er kjøpt inn av Nasjonalmuseet for kunst, Nasjonalbibliotekets innkjøpsordning for originale bokillustrasjoner (NIBI) og Haus der Geschichte der Bundesrepublik Deutschland.

Hvis du vil se dette innholdet fra www.youtube.com, gi ditt samtykke øverst på denne siden.
Vi besøker Roar Hagen i arkivet i VG-huset.

Kontakter

Seksjonsleiar Arthur Tennøe, e-post: arthur.tennoe@nb.no, mobil 954 21 444

Bilder

Mann som held ei teikning
VG-teiknar Roar Hagen
Gorm K. Gaare Nasjonalbiblioteket
Last ned bilde

Lenker

Følg pressemeldinger fra Nasjonalbiblioteket

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nasjonalbiblioteket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbiblioteket inngår unik intensjonsavtale med Vatikanet4.12.2024 11:00:00 CET | Pressemelding

Nasjonalbiblioteket har inngått en intensjonsavtale med Vatikanets apostoliske bibliotek og Vatikanets apostoliske arkiv om å digitalisere, transkribere og oversette alle kilder til norsk historie som finnes i disse institusjonene. Målet er å gjøre dokumentene tilgjengelige for offentligheten fram mot jubileet for slaget på Stiklestad i 2030. Avtalen er et resultat av et unikt samarbeid hvor Vatikanet ønsker å åpne sine arkiver, og det norske prosjektet er en av pilotene.

Lansering av Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar 2025: Offentleggjering av foredragshaldar og prisvinnar på Nasjonalbiblioteket 25. november kl. 11.0013.11.2024 12:52:27 CET | Presseinvitasjon

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery vil saman med nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre kunngjere kven som skal halde det første Fosseforedraget, og kven som er vinnar av Fosseprisen for omsetjarar i 2025. Offentleggjeringa vil skje på Nasjonalbiblioteket i Oslo måndag 25. november kl. 11.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye