Storkontrakt til Eviny Solutions
30.10.2024 08:17:39 CET | Eviny | Pressemelding
Eviny Solutions har inngått ein rammeavtale med nettselskapet Linja AS om el-entreprenørtenester i distribusjonsnettet. – Ei stor tillitserklæring til oss, seier Helge Rysjedal, dagleg leiar i Eviny Solutions.

Kontrakten betyr at Eviny Solutions skal levere tenester som gjeld drift, vedlikehald, beredskap samt fornyings- og nybyggingstenester i straumnettet i heile Linjas forsyningsområde. Eit område som består av 19 kommunar i Møre og Romsdal og 7 kommunar i Vestland Fylke.
Linja er særs nøgd med at vi etter gjennomført konkurranse har inngått kontrakt med Eviny Solutions som vår el-entreprenør for komande periode, seier Arve Hovdenak, divisjonssjef for nettforvaltning i Linja.
Vi har mange spennande oppdrag som skal løysast framover, og vi har gode erfaringar med bruk av entreprenørar som supplement til eigen kapasitet, seier Hovdenak.
Han legg til at Eviny Solutions gjennom tidlegare samarbeid har vist at dei har medarbeidarar med god kompetanse som utfører arbeid med høg kvalitet.
Tenestene frå Eviny Solutions skal bidra til at Linja løyser sitt viktige samfunnsoppdrag. Det vil seie god forsyningstryggleik til 170 000 innbyggarar, elektrifisering av Nordvestlandet og leveranse av kraft som legg grunnlaget for den elektriske framtida.
Vi ser avtalen som ei stor tillitserklæring, seier Helge Rysjedal, dagleg leiar i Eviny Solutions.
At Linja tildeler oss heile arbeidsomfanget i alle dei tre geografiske sonene er ei stadfesting av vår kompetanse og dokumenterte evne til å sikre kvalitet i leveransane. Vi vann kontrakten i sterk konkurranse fordi vi har eit dyktig fagmiljø, seier Rysjedal.
Noverande avtale blir avslutta ved årsskiftet. Den har vore delt mellom Eviny Solutions og eit anna entreprenørselskap.
Vi meiner vi vil kunne levere betre tenester til Linja når vi no har ansvaret for alle tenestene i heile området, seier Wenche Fjørtoft, leiar for Region Nord i Eviny Solutions.
No skal vi vise oss tilliten verdig og det gler vi oss til, avsluttar Fjørtoft.
Avtalen går over to år med opsjonar på å forlenge på 1+1+1+1 år, altså inntil seks år totalt.
Nøkkelord
Kontakter
Rolf Sanne-GundersenEviny
Tel:970 55 208Rolf.sanne-gundersen@eviny.noHelge RysjedalEviny Solutions
Tel:+47 930 27 774helge.rysjedal@eviny.noBilder

Andre språk
Følg pressemeldinger fra Eviny
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Eviny på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Eviny
EnergyExe henter 2 millioner kroner i pre seed investering fra Eviny Ventures26.3.2026 07:42:33 CET | Pressemelding
Det norske analyse- og teknologiselskapet EnergyExe har hentet 2 millioner kroner i pre‑seed‑kapital fra Eviny Ventures, som dermed blir selskapets første eksterne investor. Kapitalen skal brukes til videreutvikling av selskapets data- og analyseplattform samt kommersialisering av løsninger rettet mot vindkraftindustrien.
1,1 milliardar kroner i utbytte frå Eviny20.2.2026 12:01:42 CET | Pressemelding
Styret i Eviny legg til grunn eit utbytte på 1 103 millionar kroner for 2025. Det er 57 millionar kroner meir enn i fjor, og kjem dei offentlege eigarane til gode. Framover har Eviny store planar for investeringar i både nett, kraftproduksjon og lønsam elektrifisering.
Banebrytende fartøy- og ladeprosjekt får rekordtilskudd fra Enova14.11.2025 12:15:45 CET | Pressemelding
Eviny sitt datterselskap Plug har sammen med Northshore fått hele 253 millioner kroner i støtte fra Enova til bygging av to batterielektriske fartøy og et ladeanlegg for disse ved Polarbase i Hammerfest.
Solid resultat for Eviny - slår markedet med 23 prosent6.11.2025 10:03:45 CET | Pressemelding
Eviny leverer et underliggende resultat på 105 millioner kroner i tredje kvartal. Det er 38 millioner bedre enn samme kvartal i fjor. Eviny har oppnådd høyere pris for vannkraften enn konkurrentene og har slått gjennomsnittsprisen i Vest-Norge (NO5) med 23 prosent i dette kvartalet.
Nye kraftverk vil gi millioninntekter til Kvam og Samnanger16.10.2025 10:25:07 CEST | Pressemelding
Eviny sine to planlagde kraftverk i Samnangervassdraget kan gi om lag 25 prosent auke i dei årlege kraftinntektene til vertskommunane Samnanger og Kvam. I dag får Samnanger kommune om lag 21,5 millionar kroner i inntekter frå Eviny sin kraftproduksjon i Samnangervassdraget, medan Kvam herad får 7 millionar.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom