Ung spekkhoggar døydde med rekordhøge nivå av miljøgift

Del

Den tre år gamle spekkhoggaren Elida vart funnen død i Sognefjorden i 2021. Ny rapport viser at ho var full av 40 år gamle miljøgifter. 

Spekkhoggaren Elida vart funnen død i desember 2021.
Spekkhoggaren Elida vart funnen død i desember 2021. Foto: Vegard B. Aasen/ NOS Biletet kan brukast i samband med denne saka.

Miljødirektoratet har i samarbeid med Norsk institutt for vassforsking (NIVA) og klima- og miljøinstituttet NILU analysert prøvene som vart tekne av spekkhoggaren Elida. Dette er ein del av Miljødirektoratets kartleggings- og overvakingsverksemd. Spekkhoggaren var ein del av ein familie som Norwegian Orca Survey (NOS), ved hjelp frå lokalbefolkninga, har følgt over fleire år.  

–  Forureining blir transportert over store avstandar, blir ikkje broten ned og blir verande i naturen i lang, lang tid. Der kan dei påverke dyr, menneske og miljø i mange år. Spekkhoggaren Elida fortel ei skremmande historie om gamle miljøgifter som har vore forbode i årevis, men som aldri blir borte. Det er nyttig kunnskapsgrunnlag i det iherdige arbeidet vårt med å redusere spreiing av miljøgifter gjennom strenge europeiske og globale reguleringar, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.  

Høgast målte nivå av gamle miljøgifter 

Spekkhoggaren Elida viste seg å ha svært høge nivå av miljøgiftene PCB og PBDE i spekket sitt. Spekk er det tjukke feittlaget som kvalar og sel har for å mellom anna halde på varmen. PCB har vore forboden sidan 1980-talet, og PBDE har vore forboden sidan 2000-talet. Fordi stoffa ikkje blir brotne ned i miljøet så finn vi dei framleis mange åra seinare.  

Ein reknar med at negative effektar frå PCB førekjem ved omtrent 9 mg/kg. Summert PCB-mengde i spekkhoggaren Elida var meir enn 10 gonger så høgt, over 120 mg/kg.  

Spekkhoggaren hadde det høgaste nivået av målte miljøgifter analysert sidan 2015 samanlikna med andre spekkhoggarar frå Noreg. Sjølv om Elida hadde desidert høgast nivå av PCB og PBDE, fann ein også denne typen stoff i andre kvalar og haiar.  

Dødsårsak ukjent 

Den unge spekkhoggaren var svært avmagra då ho vart funnen, og magen hennar var tom. Dette kan ha ført til at miljøgiftene som før låg lagra i spekket, vart sleppt ut i blodet hennar.   

–  Hadde Elida av ein eller annan grunn fått ein dårleg helsetilstand som gjorde at ho måtte bruke feittlagera sine, der miljøgiftene låg lagra? Eller var det miljøgiftene som gav Elida ein dårlegare helsetilstand? Det er umogleg å seie kva som kom først. Uansett er det svært sannsynleg at miljøgiftene gjorde vondt verre, seier Eve Marie Jourdain frå NOS. 

Åt truleg mykje pattedyr  

Elidas familiegruppe et truleg mykje pattedyr, som sel og niser, medan dei fleste spekkhoggarar i Noreg elles et mest sild. Det betyr at Elida åt føde høgt oppe i næringskjeda og vi veit at miljøgiftene blir akkumulerte oppover i næringskjeda. På den måten kan Elida ha fått i seg meir miljøgifter enn tilsvarande familiegrupper som et mest sild.

I tillegg har morsmjølka til spekkhoggarar gjerne høge nivå av miljøgifter, fordi ho er feittrik og blir laga av det mora et. Dermed kan unge spekkhoggarar som Elida få i seg mykje miljøgifter på kort tid.  

–  Det er eit kjent problem at dyr som er høgt i næringsnettet, slik som spekkhoggarar, gjerne har høgare konsentrasjonar av miljøgifter i seg. Dette er fordi dei et andre dyr som også har miljøgiftene i seg. Desse har igjen ete andre dyr, og så vidare. Derfor får ein ei opphoping av miljøgifter når ein kjem høgare opp i næringsnettet. Miljøgiftene blir ikkje brotne ned, men blir lagra i kroppen og blir tekne med vidare, seier Cathrine Brecke Gundersen frå NIVA.

Faktaboks: urovekkjande konsentrasjonar av miljøgifter i miljø 

  • Miljødirektoratet overvaker miljøet for å fange opp eventuelle endringar på eit tidleg tidspunkt. Kartlegginga blir gjord gjennom screeningprogrammet, som er første ledd i Miljødirektoratets overvaking av kjemikaliar.  
  • Nye stoff blir plukka ut og analyserte i prøver henta frå norsk miljø. Resultata blir brukte til å regulere kjemikalier som er problematiske.  
  • Polyklorerte bifenyler (PCB) har alvorlege langtidsverknader for helse og miljø 
  • Polybromerte difenyl eterar (PBDE) har eigenskapar som liknar PCBer 
  • Miljødirektoratet fann også andre typar miljøgifter i urovekkjande konsentrasjonar i blåskjel og sediment. Les meir om alle funn som vart gjorde i rapporten: Screening av nye miljøgifter 

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Her ser ein Elida (øvst) saman med halvbroren sin medan dei deler eit pattedyr dei fanga i Sognefjorden i 2020.
Elida (øvst) saman med halvbroren sin medan dei deler eit pattedyr dei fanga i Sognefjorden i 2020.
Foto: Vegard B. Aasen/ NOS Biletet kan brukast i samband med denne saka.
Last ned bilde

Dokumenter

Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye