Dansbart og jazza - Prins Thomas gjer remix av Andreas Rotevatn si låt "Mamma & pappa"
8.11.2024 09:00:00 CET | Sounds Like Gold | Pressemelding
Ny remix frå Andreas Rotevatn sitt soloalbum. Den legendariske DJ-en Prins Thomas har laga ein herleg og dansbar remix av låta "Mamma & pappa".

Etter Andreas Rotevatn slapp sitt fyrste soloalbum - "Av daude gror" - like før sommaren, mottok han mykje positiv oppmerksomhet. Nå er han snart Vill Vill Vest-aktuell. Tor Hammerø i Nettavisen skreiv i sin anmeldelse: "Det groover og svetter uten stans og jeg tror han har muligheten til å snakke til et ganske så stort publikum med dette brygget. Det er absolutt mulighet for at avanserte danseføtter også vil bli frista til eksesser underveis her."
Nå tek den legendariske dj-en Prins Thomas det allereie dansbare materialet i enda meir dansbar retning. I dag kjem remixen hans av låta "Mamma & pappa”. Andreas Rotevatn fortel:
- Det var stor stas at Prins Thomas ville remixe musikken min. Han er jo ein av dei store elektronika-pionérane i Noreg, og har vore ei inspirasjonskjelde lenge. So det var med ærefrykt eg kontakta han! Det tok noko tid før eg fekk svar. So eg vart desto meir glad då eg fekk eit veldig hyggeleg og ektefølt svar tilbake. Han hadde tydelegvis tatt seg god tid til å lytte på plata mi, og sjå for seg korleis låtane kunne fungere i ny drakt. So han skreiv at han rett og slett ville prøve seg på heile tre (!) remixar!
Prins Thomas set tydelig sitt særpreg på låtane, og Rotevatn måtte smile godt fyrste gong han høyrde låtane sine i ny elektronisk-drakt. Andreas held fram:
- Det er ei underleg kjensle, å høyre musikk ein kjenner so godt, men gjennom dei kreative slusene til nokon andre. Og med ein so dyktig kar som Prins Thomas, får ein jo tilsendt remixar som ikkje berre har høg kreativ verdi, men som òg lét bra med tanke på mix! Låtane mine hentar mykje inspirasjon frå dansemusikk - kva gjeld harmonikk, dramaturgi og lydbilete. Og når då Prins Thomas lagar reinspikka danselåtar av dei, med eit tydeleg gjennomført varmt elektronisk lydbilete, får dei ein ny dimensjon. I tillegg kan dei fungere betre til eit dansegolv, og kanskje nå ut til lyttarar som vanlegvis ikkje ville høyrt plata mi!
Andreas Rotevatn er på mange måtar ein kløyvd musikar, som jamvel stend stødig i det todelte. På den eine sida har han ein bygdeoppvekst på Nordfjordeid, og på den andre over 10 år som kunstnar i storbyen. Rotevatn nærer ein kjærleik for bruksmusikk og det dansbare, trass i ei omfattande utdanning på fleire eliteskular for musikk. Han er ein spellemannsnominert og prisvinnande komponist, som jamvel òg har brei apell og gode strøymetal. Rotevatn er tekstleg inspirert av fortida, gjennom Håvamål, Ivar Aasen og Bibelen, men samstundes vert han inspirert av moderne og lydar frå synthar og trommemaskiner. Det akustiske og improviserte, møter det elektriske og planlagde. Einkvan stad i midten, i symbiosa, der trivast Rotevatn best!
Prins Thomas har jobba som produsent, DJ og remixar i fleire tiår. Han er spellemannsnominert fleire gongar og har millionar av strøymingar på Spotify. Han var ein av grunnleggjarane bak Oslo-discoen, eller space-discoen, som fekk undergrunnen til å koke på tidleg 2000-tal. Saman med Hans-Peter Lindstrøm og Todd Terje blanda dei saman discorytmer, nyare trommemaskiner, eldre synthar og effekter, i ei herleg eklektisk elektroakustisk dansbar blanding.
Nøkkelord
Kontakter
Cathrine Å. HeenLabel Manager - A&R - Promotion
Tel:970 26 728cathrine@grappa.noDionisia FjelldalenPromotion: Grappa / Blue Mood / Barneselskapet
Tel:95809699dionisia@grappa.noBilder




Lenker
Om Grappa Musikkforlag
Grappa Musikkforlag A/S ble etablert i 1983 og er et av Norges største uavhengige plateselskap. I år 2023 har Grappa 40 års jubileum.
Grappa Musikkforlag har gitt ut over fire tusen album spredt på ulike labler. Foruten Grappa som favner viser og pop, så utgis klassisk musikk på Simax Classics, folkemusikk og verdensmusikk på Heilo, blues og country på Blue Mood og jazz på Hubro.
Grappa samarbeider med Egmont Kids Media Nordic AS om utgivelse av barnemusikk gjennom Barneselskapet. Grappa samarbeider med Norsk Jazzforum om innspilling og utgivelse av norsk jazz på Odin. Grappa har også et tett samarbeide med Rune Grammofon og Drabant Music.

Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Fersk folkrock møter legendarisk rockfolk – Gangar og Bare Egil slipper festlåta “Eg er liten”13.3.2026 08:55:00 CET | Pressemelding
Når tradisjonssterk folkrock møter en av Norges mest særegne rockeprofiler, oppstår det gnister. Nå slår Gangar og Bare Egil seg sammen for aller første gang – og resultatet er den heidundrende festlåta “Eg er liten”.
Fresh folk rock meets legendary rockfolk - Gangar and Bare Egil release the party anthem “Eg er liten”13.3.2026 08:55:00 CET | Press release
When tradition-rooted folk rock meets one of Norway’s most distinctive rock personalities, sparks are bound to fly. Now Gangar and Bare Egil join forces for the very first time, and the result is the riotous party anthem “Eg er liten.”
Lars Anders Tomter og 1B1 med nytt album: Nordiske verk for bratsj og strykeorkester13.3.2026 08:55:00 CET | Pressemelding
1B1 og Lars Anders Tomter lanserer nytt album med nordiske verk for bratsj og strykeorkester. En musikalsk reise gjennom nordiske uttrykk – fra byens pulserende overflate til skyggenes landskap og sorgens stille sang.
1B1 and Lars Anders Tomter release new album of Nordic works for viola and string orchestra13.3.2026 08:55:00 CET | Press release
A musical journey through Nordic landscapes – from the pulsating surface of the city to shadowed terrains and the quiet song of grief.
Den kritikerroste vokalisten Tora Augestad er ute med singelen "Vårvill"6.3.2026 10:00:00 CET | Pressemelding
Den kritikerroste vokalisten Tora Augestad er klar med siste smakebit fra hennes kommende album. Låta "Vårvill" er ute i dag, før albumet med samme tittel slippes 27. mars.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom