Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE gir lovbrotsgebyr til Østfold Energi AS

Del

Østfold Energi AS har fått eit lovbrotsgebyr på 1 million kroner frå NVE. Bakgrunnen for gebyret er brot på manøvreringsreglementet for Lærdalsvassdraget i Lærdal kommune. Brotet førte til hurtig nedgang i vasstanden i Lærdalselva, som er eit nasjonalt laksevassdrag.

Lærdalselva (foto: Stig Storheil/NVE)

– NVE meiner at hendinga i november i fjor er eit alvorleg brot på manøvreringsreglementet, og at skadepotensialet er stort. Det er skjerpande at Lærdalselva er eit nasjonalt laksevassdrag, og at Østfold Energi AS er kjende med dette, seier Mari Hegg Gundersen, seksjonssjef for miljøtilsyn i NVE.

Østfold Energi AS eig og driftar Borgund kraftverk som nyttar vatn frå fleire reguleringsmagasin. Kraftstasjonen ligg i fjell, og derifrå går driftsvatnet ut i Lærdalselva.

Etter at det eine aggregatet i kraftstasjonen hadde utfall i november 2023, førte ein prosedyrefeil ved igangsetting av aggregatet til at begge aggregata stogga. Dette førte til at det ikkje var mogeleg å sleppe nok vatn (12 m3/sek) forbi kraftstasjonen, slik det er sett krav om i manøvreringsreglementet. Konsekvensen var at vasstanden i Lærdalselva gjekk hurtig ned i løpet av kort tid.

Hurtig nedgang i vasstand kan føre til stranding av fisk

– Hurtig nedgang i vasstand på kort tid fører til tørrlegging av sandbankar i elva og dette kan igjen føre til at fisk strandar. Lærdalselva er eit nasjonalt laksevassdrag der laksen skal ha eit særskilt vern, seier Hegg Gundersen.

NVE meiner det er dokumentert at den bakanforliggande årsaka til hendinga er at rutinar og prosedyrerar for drifta av kraftanlegga ikkje er presise nok og dekkande for situasjonen som oppstod 29.november i fjor. NVE meiner dessutan at hendinga kunne ha vore unngått med tilstrekkeleg presise rutinar, og målretta opplæring av personell.

Østfold Energi AS kan klage på vedtaket til Energidepartementet innan tre veker etter at dei er kjende med vedtaket.

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Om oss

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye