Nasjonalbiblioteket gir ut Magnus Lagabøtes landslov i to nye omsettingar
Magnus Lagabøtes landslov blei innført i 1274, og var Noregs lovbok i meir enn 400 år. I høve Landslovjubileet 2024 gir Nasjonalbiblioteket ut Landslova i nye omsettingar for første gong på 100 år. Lovboka blir gitt ut i ei praktutgåve med særs vakker utforming, og ei folkeutgåve som er tilrettelagt for eit allment publikum.

Ein eigen versjon av praktutgåva er utforma spesielt for H.M. Kong Harald. Boka blir overrekt til Kronprinsregenten, som tek ho imot på vegne av Kongen, ved den offisielle opninga av Landslovjubileet 2024 på Slottet, onsdag 31. januar.
Praktutgåve av Landslova
Praktutgåva er ei parallellutgåve med norrøn og nynorsk tekst side om side. Magnus Rindal har syntetisert og omsett lova.
Designet til praktutgåva av Magnus Lagabøtes landslov er inspirert av den vakre Codex Hardenbergianus frå 1300-talet, der kvar bolk byrjar med ein gullprega og utbrodert bokstav. Symbolikken i dei slåande illuminasjonane i Codex Hardenbergianus er i praktutgåva vidareført og omsett til eit moderne formspråk.
Her kan du bla i praktutgåva.
Folkeutgåva av Landslova
Folkeutgåva av Landslova er omsett til bokmål og språkleg tilrettelagt for eit breitt allment publikum. Ho er utstyrt med rettleiande ordforklaringar.
Bokmålsomsettinga av Landslova er gjort av Jo Rune Ugulen Kristiansen, som òg har skrive eit forord til boka. Magnus Rindal har skrive introduksjonen til folkeutgåva.
Begge utgåvene av Landslova blir gitt ut i samband med forskings- og formidlingsprosjektet «De norske middelalderlovene». Prosjektet har mottatt støtte frå Elvekallen ved Astrid Lærdal Frøseth.
Om Magnus Lagabøtes landslov
Magnus Lagabøtes landslov av 1274 var det første lovverket som gjaldt for heile det norske riket, og ho verka i Noreg gjennom 400 år. Landslova la spira til den norske rettsstaten og folkeleg medbestemming, som er ein føresetnad for demokratiet slik vi kjenner det i dag. Lova bygde vidare på den gamle norske tingtradisjonen, samtidig som ho var påverka av banebrytande tankar og idear som var i vinden i Europa på 1200-talet. Med Landslova fekk kvinner for første gong arverett, og fattige som ikkje klarte å brødfø seg sjølve, skulle ikkje lenger straffast for å stele mat. Landslova er eit symbol på korleis Noreg i mellomalderen hadde ein sentral plass i det politiske og intellektuelle Europa.Gjennom 2024 blir 750-årsjubileet for Landslova feira over heile Noreg.

Praktutgåve: Magnus Lagabøtes landslov
Og viktige rettarbøter 1280–1327
Syntetisering og omsetting: Magnus Rindal
Forord: Magnus Rindal; Aslak Sira Myhre og Jørn Øyrehagen Sunde
Design: Anders Bergesen, Superultraplus Designstudio
Målform: Norrønt og nynorsk
Utgivar: Nasjonalbiblioteket
Utgivingsår: 2024
Innbinding: Skinninnbunden og med bokeske
Sidetal: 356
Pris: 3999,–

Folkeutgåve: Magnus Lagabøtes Landslov
Omsettar: Jo Rune Ugulen Kristiansen
Forord: Jo Rune Ugulen Kristiansen
Introduksjon: Magnus Rindal
Design: Anders Bergesen, Superultraplus Designstudio
Målform: Bokmål og nynorsk (forord og introduksjonstekst)
Utgivar: Nasjonalbiblioteket
Utgivingsår: 2024
Innbinding: Fleksibind
Sidetal: 196
Pris: 399,–
Kontakter
Nina BræinPresseansvarligNasjonalbiblioteket
Tel:951 50 912presse@nb.noFølg pressemeldinger fra Nasjonalbiblioteket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nasjonalbiblioteket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nasjonalbiblioteket
Fosseforedraget og Fosseprisen 2025: Feiring av skaparkraft og litteratur på Slottet og Nasjonalbiblioteket 24.–26. april3.4.2025 10:55:00 CEST | Pressemelding
Torsdag 24. april går det aller første Fosseforedraget av stabelen på Slottet. Den franske filosofen Jean-Luc Marion vil halde det nyskrivne foredraget Skaping, før kronprinsesse Mette-Marit deler ut den nyoppretta Fosseprisen for omsetjarar til tyske Hinrich Schmidt-Henkel.
Ny podkast fra Nasjonalbiblioteket om de norske borgerkrigene25.3.2025 09:38:36 CET | Pressemelding
I podkasten «Strid – de norske borgerkrigene» inviterer nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre og historiker Ole-Albert Rønning Nordby deg med på en tidsreise tilbake til middelalderen. De snakker seg gjennom over hundre år med blodige slag, politiske intriger og maktkamper innad i den norske kongefamilien.
Hvordan kan bibliotekene styrke demokratiet?17.3.2025 10:00:00 CET | Presseinvitasjon
Bibliotekene er ikke bare steder for bøker – de er åpne rom for fellesskap, læring og demokratisk deltakelse. På Nasjonalbibliotekets vårkonferanse «Det tredje stedet» den 27. mars samles eksperter og fagfolk for å diskutere hvordan bibliotekene kan styrke demokratiet, skape møteplasser som motvirker ensomhet, spre kunnskap og forsvare ytringsfriheten.
To nye bygg styrker Nasjonalbiblioteket sitt arbeid med digitalisering av kulturarven i Mo i Rana25.2.2025 14:12:08 CET | Pressemelding
Det nye lydlaboratoriet og automatlageret til Nasjonalbiblioteket gir eit viktig løft til arbeidet med å sikre og gjere tilgjengeleg den norske kulturarven. No står dei to nye bygga klare, og 25. februar vart dei opna av kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Bibliotek over hele landet feirer morsmålsdagen 21. februar17.2.2025 15:48:13 CET | Pressemelding
Den internasjonale morsmålsdagen blir markert verden over fredag 21. februar. I Norge benytter bibliotek over hele landet denne dagen til å synliggjøre de språklige ressursene i lokalmiljøet sitt.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom