Nasjonalbiblioteket

Internasjonal designpris til Nasjonalbibliotekets jubileumsutstilling for Landslova

Del

Nasjonalbibliotekets utstilling Med lova i hand. Magnus Lagabøtes landslov, 1274–2024 har vunne gull i kategorien «Better futures» ved London Design Awards 2024.

Et utsnitt fra utstillingen «Med lova i hand».
Et utsnitt fra utstillingen «Med lova i hand». Foto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket

Det London-baserte arkitektur- og designbyrået Nissen Richards Studio har i tett samarbeid med Nasjonalbiblioteket formgitt utstillinga.

– Nissen Richards Studio lagar utstillingsdesign i særklasse. Formgivinga deira er ei estetisk oppleving i seg sjølv, der alle elementa er med på å løfte fram kunnskapen og verdien av det materialet vi i Nasjonalbiblioteket vil formidle til publikum. Eg er stolt av utstillingane vi har skapt i det lange og gode samarbeidet med Nissen Richards, seier utstillingsansvarleg ved Nasjonalbiblioteket Marte-Kine Sandengen.

I utstillinga kjem publikum tett på eineståande, handskrivne dokument som Gulatingslova, Heimskringla og nokre av dei vakraste eksemplara av Landslova. Fleire av dokumenta i utstillinga er synlege for eit norsk publikum for første gong sidan mellomalderen. Utstillinga Med lova i hand er laga i samband med Landslovjubileet 2024.

Nær 30 000 har besøkt utstillinga sidan den opna 1. februar, og det har vore ventelister for å delta på omvisingane. Utstillinga blir ståande i Nasjonalbibliotekets lokale på Solli plass i Oslo fram til 15. september.

Les meir om prisen og korleis utstillinga er utforma på nettsidene til London Design Awards 2024.

Kontakter

Følg pressemeldinger fra Nasjonalbiblioteket

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nasjonalbiblioteket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nasjonalbiblioteket

Mat- og handverkstradisjonar frå mellomalderen på Nasjonalbibliotekets handverksfestival22.8.2024 10:23:00 CEST | Pressemelding

Huset og uteområdet vil yre av verkstader, scenearrangement, dufter og smaksopplevingar når Nasjonalbiblioteket for tredje gong held handverksfestival på Solli plass, 13. og 14. september. Temaet for årets festival er handverkstradisjonar frå mellomalderen, og mat, helse, plantar og vekstar har ein sentral plass. Handverksfestivalen 2024 markerer også starten på formidlingssamarbeidet mellom Nasjonalbiblioteket og Credo.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye