NVE tilrår nye vilkår for fleire vasskraftanlegg i Rana og Hemnes
21.10.2024 12:38:06 CEST | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding
NVE har gjennomført tre vilkårsrevisjonar av vasskraftreguleringane Bjerka-Plura, Langvatn og Rauvatn i Nordland. Nye og moderne vilkår skal bidra til å betre miljøforholda i vassdraga.

– Dei tre reguleringsområda grip så sterkt inn i kvarandre at NVE har handsama dei samla i ei innstilling. Dette grepet har gjort at vi kan finne dei beste miljøløysingane i eit stort område og sikre ei heilskapleg forvaltning av både natur- og kraftressursar, seier Brit Torill Haugen, fungerande seksjonssjef i NVE.
Det er ti vasskraftkonsesjonar som inngår i desse tre vilkårsrevisjonane. NVE foreslår å forenkle, modernisere og halvere talet på vilkårssett.
Skal betre forhold for fisk, reindrift og friluftsliv
NVE har lagt stor vekt på å redusera reguleringsanleggas påverknad både for fisk, reindrift og friluftsliv.
– Vi finn ikkje at ei større minstevassføring i det nasjonale laksevassdraget Ranelva vil gje nokon miljøgevinst. Derfor har vi retta fokus mot å gjere høva for laks og sjøaure så optimale som mogeleg i sidevassdraget Tverråga, uttalar Haugen.
Vasskraftutbyggingane rører ved områda til fleire reinbeitedistrikt. Spesielt for eit av distrikta, er den samla belastninga stor.
– På grunn av den samla belastninga tilrår vi at Statkraft skal lage ein tiltaksplan saman med dei rørde reinbeitedistrikta. Målet er å sjå om det er mogeleg å gjere vasskraftinngrepa sitt fotavtrykk på reindrifta mindre, seier Haugen.
NVE tilrår også tiltak for friluftslivet: Sprutfossen er eit spesielt geologisk fenomen i regionen, men fossen har hatt lav vassføring sidan vasskraftutbygginga.
– Vi meiner Sprutfossen skal få vatnet tilbake på sumaren og da vil den igjen bli eit tydlegare landskapselement og mål for friluftslivet, uttalar Haugen.
Ranelva – eit nasjonalt laksevassdrag
Ranelva er eit nasjonalt laksevassdrag. Det er ikkje lenge sidan elva vart fri for lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Bestandane av laks og sjøaure er i reetablering, og i oppfølginga av bestandane er det forhold som indikerer at låg vasstand på vinteren kan vere ein flaskehals for ungfisk. I arbeidet med innstillinga har NVE hatt stort fokus på dette.
I kalde og tørre år, kor minstevassføringa hadde vore viktigast for ungfisken i Ranelva, er det så lite vatn i dei fraførte nedbørsfelta at ei tilfredsstillande minstevassføring ikkje let seg oppretthalde. Difor er miljønytta med ei minstevassføring i Ranelva oppstrøms Reinforsen svært låg. NVE har difor leita i andre deler av reguleringsområda for å finne tiltak som vil gi miljøgevinst for laks og sjøaure. Når fiskepassasjen i Reinforsen er restaurert vil dei sjøvandrande laksefiskane få utvida leveområda sine med 42 kilometer elv. NVE legg til grunn at dette vil auke fiskeproduksjonen, sjølv innanfor dagens vassføringsregime.
Stor miljøgevinst med høg vassføring i Tverråga
Sidevassdraga til Ranelva er òg ein del av det nasjonale laksevassdraget. Heile 13 kilometer av Tverråga er tilgjengeleg for laks og sjøaure. I dag er vassføringa tidvis låg, men her er det eit stort potensial for miljøgevinst.
– I Tverråga tilrår NVE å pålegge eit slepp av vatn som gjer at vassdraget sitt produksjonspotensial for laks og sjøaure blir nært nytta fullt ut. Miljøgevinsten dette vil gi er potensielt veldig stor, medan verknaden for kraftproduksjonen er svært liten, seier Haugen.
– Tiltaksplanen for biotopforbetrande tiltak, som vi meiner Statkraft òg skal laga, vil vere eit ytterlegare godt tiltak som vil betre tilhøva for fisk i dei regulerte vassdraga, uttalar Haugen vidare.
Nye krav vil påverke kraftproduksjonen
Kraftverka i reguleringane bidreg med ein årleg produksjon av 2,78 terrawatttimar (TWh). Rana kraftverk er ein viktig bidragsytar med systemtenester til straumnettet i regionen. Dei nye krava NVE foreslår vil ikkje påverke verken fleksibiliteten eller regulerbarheita til dei største kraftverka nemneverdig. Totalt vil dei nye krava medføre ein reduksjon i kraftproduksjonen med 6 gigawattimar (GWh), eller -0,22 % av totalen, årleg. Dette medfører eit nåverditap over 40 år på 47 millionar kroner.
Revisjonsprosessane for Bjerka-Plura og Langvatn vart opna i 2013 og Rauvatn i 2020. Prosessane har teke tid, men dei har òg vore aktive i ei tid på 2010-talet kor NVE har prioriterte nye kraftprosjekt framfor revisjonssaker.
Vidare saksgang
No når NVE har sendt si innstilling til Energidepartementet (ED), vil departementet sluttbehandle sakane. Dersom nokon av partane har ny informasjon eller merknadar til innstillinga, kan disse sendast til ED på postmottak@ed.dep.no, innan 2. desember 2024. ED har tilgang på alle tidlegare dokument i sakane, slik at det berre er nye høve eller vurderingar som bør sendast inn.
Nøkkelord
Kontakter
Håkon Berg Sundet, fagleiar for vilkårsrevisjonar
E-post: hbsu@nve.no
Tlf. 90 53 09 84
Ylva Bencze Rørå, førstekonsulent
E-post: ybro@nve.no
Tlf. 22 95 94 09
Bilder

Lenker
Om oss
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Nå kan man søke om konsesjon til store vannkraftprosjekter digitalt10.9.2026 12:05:00 CEST | Pressemelding
Fra nå av skal også søknader om større vannkraftsaker sendes inn digitalt. Kraftprodusentene får en oversikt over sine konsesjoner og kan foreslå en prioritering av sine saker. Med den nye løsningen på plass, vil NVE få digital støtte til å gjennomføre en tidlig kvalitetssikring, slik at saken er kan sendes ut på høring med en gang etter at den er tatt til behandling. Dette vil bidra til kortere samlet ledetid.
NVE har startet boreprosjekt på ustabilt fjellparti i Kåfjord8.9.2026 08:50:22 CEST | Pressemelding
Siden begynnelsen av august har NVE boret i det ustabile fjellpartiet Indre Nordnes i Kåfjord kommune. Målet er å få mer kunnskap om hva som skjer inne i fjellet og styrke overvåkingen av området.
Nå er over halvparten av vindkraften her til lands norskeid2.9.2026 09:22:17 CEST | Pressemelding
Flere eierskifter de siste årene har gjort at norsk eierskap i vindkraft nå er på 51 prosent. Den norske eierandelen øker også for vann- og solkraft. Det viser nye tall fra Norges vassdrags- og energidirektorat.
NVE fremmer ikke innsigelse til revidert reguleringsplan for småhusområder i Oslo1.9.2026 10:05:19 CEST | Pressemelding
NVE har etter en samlet vurdering valgt å ikke fremme innsigelse til den reviderte detaljreguleringsplanen for småhusområder i Oslos ytre by. Samtidig understreker NVE at Oslo kommune fortsatt har et lovpålagt ansvar for å avklare naturfare før det kan gis byggetillatelse i de områdene der dette ennå ikke er tilstrekkelig avklart.
NVE legger fram oppdaterte estimater for vindkraftproduksjon1.9.2026 09:57:37 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat har i senere år tatt i bruk en ny metodikk for å anslå vindkraftproduksjon i et normalår. Årets korrigering gir en reduksjon på 0,7 terrawattimer, og reduserer forventet produksjon fra 15,9 til 15,2 TWh. Estimatene brukes blant annet i NVEs modeller og analysearbeid, og som et grunnlag for å estimere fremtidige inntekter til kommuner og stat fra vindkraft.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom