Grappa Musikkforlag AS

Opheim, Tillung, Økland, Brunborg og Eilertsen revitaliserer vakre og gløymde folketonar og julesalmar på utgjevinga "Helgasong"

Del

"Helgasong" er ute no! Der løftar Opheim fram julesalmar og folketonar, saman med eit stjernelag av musikarar: Irene Tillung, Mats Eilertsen, Nils Økland og Tore Brunborg.

Foto: Ingerid Jordal
Foto: Ingerid Jordal

LYTT HER

Albumet Helgasong er ei revitalisering av religiøse folketonar frå Voss, Hardanger, Eksingedalen og Øygarden. Jolesalmar som har vore sunge i Noreg i fleire hundre år, her i lokale variantar og nye arrangement. Den eldre songtradisjonen ligg i bakgrunnen, ei einsleg stemme som syng for seg sjølv, og samsong i gamle stover. Salmetekstar som har betydd mykje for mange og som difor framleis finst. "I djupaste mørker vart himmelen klår", slik byrjar andre verset på "No koma Guds englar med helsing i sky" av Elias Blix. Advents - og Jolesalmar som fortel oss om at ljoset vert fødd på nytt kvar advent og Jol, ved Vintersolkverv når det er som mørkast i nord. Berit Opheim fortel:

- Bakgrunnshistoria er eit ynskje om lyfte fram og dela lokale folketonar på jolesalmar som ein del av songtradisjonen i Noreg. Me har funne fleire folketonar i eldre notenedskrifter dei siste par åra, m.a. nedskrifter av Olav Sande. Vakre melodiar som er ein fryd å synga og ein fryd å lyfta fram i nye arrangement. 

Nokre av folketonane har ikkje vore brukte på mange tiår og det er difor ei ekstra stor glede å lyfte dei fram or dvalen. Besetjinga består av Irene Tillung, akkordeon, Mats Eilertsen, kontrabass, Nils Økland, feler, Tore Brunborg, saxofon og Berit Opheim, vokal. Alle arrangementa er utarbeida av musikarane i fellesskap, og innspelinga vart gjort i august 2024 i Raundalskyrkja på Voss. Opheim held fram med å fortelje:

- Innspelinga var ein veldig god prosess, gode dagar og lun atmosfære i eit rom med varm akustikk, i trekyrkja i Raundalen på Voss. Instrumenteringa er valt ut frå kva uttrykk me ynskjer i dei ulike songane, og for å få variasjon på albumet. Arrangeringa er nokså felles heile vegen, arrangementa er mykje improvisert fram.

Spelferda for Helgasong byrjar 15.desember i Ål kyrkje, deretter Kabuso, Øystese 16.12., Mariakirken, Bergen 17.12., Vangskyrkja, Voss, 18.12. og 19.12. konsert i Dale kyrkje.

Berit Opheim vil setje fokus på hovudbodskapen og avsluttar: 

- Uavhengig av kva ein trur på, legg i tekstane, eller kva ein likar, er det mange som kjenner på fellesskap og samhøyrigheit når  jolesalmar blir framførde, og når ein er med og syng sjølv. Song skapar ofte eit sterkt fellesskap. Me har eit ynskje om å formidla nærleiken i desse salmane som har vore svært viktig for mange menneske i fleire hundre år. Nært, sårt, storslått, glede og ljos, salmane inneheld alt dette, og "song er dobbelt bøn". Me håpar det kan bidra til å finna ro og kvile i ei svært uroleg verd.

null

SPORLISTE

  • No koma Guds englar 4:47
  • Den fagraste rosa er funni 5:20
  • I denne søte juletid 4:43
  • Oppå land 1:30
  • Eg er so glad kvar jolekveld 3:52
  • Fager er jordi 3:52
  • Fryd dig du Kristi brud 3:25
  • Her det ny som på jorderig skjedte 3:42
  • Eit barn er født i Betlehem 5:06Dei to systrena 1:24
  • Fra himlen høyt 3:39

Innspelt i Raundalskyrkja august 2024

Opptak og lydmiks: Håkon Brunborg

Mastering: Morgan Nicolaysen

Produsent: Nils Økland

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Cover "Helgasong"
Cover "Helgasong"
Last ned bilde
Foto: Ingerid Jordal
Foto: Ingerid Jordal
Last ned bilde
Foto: Ingerid Jordal
Foto: Ingerid Jordal
Last ned bilde
Foto: Ingerid Jordal
Foto: Ingerid Jordal
Last ned bilde
Foto: Ingerid Jordal
Foto: Ingerid Jordal
Last ned bilde
Foto: Ingerid Jordal
Foto: Ingerid Jordal
Last ned bilde
Foto: Ingerid Jordal
Foto: Ingerid Jordal
Last ned bilde

Lenker

Om Grappa Musikkforlag

Grappa Musikkforlag A/S ble etablert i 1983 og er et av Norges største uavhengige plateselskap. I år 2023 har Grappa 40 års jubileum. 

Grappa Musikkforlag har gitt ut over fire tusen album spredt på ulike labler. Foruten Grappa som favner viser og pop, så utgis klassisk musikk på Simax Classics, folkemusikk og verdensmusikk på Heilo, blues og country på Blue Mood og jazz på Hubro.

Grappa samarbeider med Egmont Kids Media Nordic AS om utgivelse av barnemusikk gjennom Barneselskapet. Grappa samarbeider med Norsk Jazzforum om innspilling og utgivelse av norsk jazz på Odin. Grappa har også et tett samarbeide med Rune Grammofon og Drabant Music.

Andre språk

Følg pressemeldinger fra Grappa Musikkforlag AS

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Grappa Musikkforlag AS på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Grappa Musikkforlag AS

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye