Kulturdirektoratet

Alle musea i Akershus hadde ein auke i besøkstala i 2023

Del

No er Kulturdirektoratets statistikk for musea i Akershus klar. I år kan du sjølv samanlikne tala for fylket ditt.

Museumsstatistikken gir eit overblikk over musea. Den viser informasjon om museumsinstitusjonane, besøk og tilgang, formidling og utstillingar, kunnskapsutvikling og samarbeid, forvaltning av bygningar og samlingar. 

– Musea våre blir stadig viktigare for folk fordi dei forankrar oss i historia, spegler samtida og på sitt beste gir oss evne til å sjå inn i framtida. Når me får vita meir om kva utvikling musea har, kan me få endå meir ut av dei, både ved at musea sjølv kan halda seg oppdatert og ved at offentlegheita får innsyn, siger Kristin Danielsen, direktør i Kulturdirektoratet.

Kulturdirektoratet publiserer også interaktive visualiseringar av museumsstatistikken på nett ved utgangen av året. Her vil det vera mogleg å sjå musea individuelt og samanlikna på tvers av institusjonar. Du finn ei førehandsvisning av den nettbaserte statistikken på Kulturdirektoratets nettsider: 

 Museumsstatistikk for 2023 | Tableau Public 

Økonomi

Medrekna prosjekttilskot, var det samla offentlege tilskotet til musea i Akershus 73 prosent av inntektsgrunnlaget i 2023. Offentlege tilskot til musea var ca.145 millionar kroner i 2023.  

Koronapandemien gav i 2020 og 2021 negativt utslag i dei publikumsdrivne eigeninntektene i museumssektoren, m.a. inntekter frå billettsal. I 2023 kom billettinntektene i fylket nesten tilbake på nivå med 2019.  

Musea i fylket hadde eigeninntekter på totalt 53,6 millionar i 2023, mot 50,8 millionar året før. Eigeninntektene utgjorde 28 prosent av dei totale inntektene, samanlikna med 24 prosent i 2022 og 21 prosent i 2021.  

Musea fekk 13 millionar i sponsorinntekter og gåver i 2023, noko som utgjorde 7 prosent av dei totale inntektene. Lønns- og pensjonskostnader var den største utgiftsposten med 54 prosent. 

Årsverk 

For 2023 vart det rapportert om 169 lønte årsverk i musea i fylket. Av desse var 118 faste årsverk. Talet på faste årsverk i musea har auka jamt dei siste ti åra.  

Musea rapporterer også om frivillig innsats omregnet til årsverk. For 2023 rapporterte musea om totalt 15 frivillige årsverk, ein nedgang frå 18 årsverk året før. Talet på frivillige har derimot auka for tredje året på rad. 

Besøk 

I 2023 rapporterte musea i fylket om rundt 415 769 besøk, ein auke frå forgåande rapporteringsår. Av desse besøkjande var 37 prosent barn og unge.   

Andelen av betalande besøk for musea i fylket i 2023 var 25 prosent, ein svak auke frå 2022 

Fakta om Kulturdirektoratets museumsstatistikk   

Kulturdirektoratet samlar inn, behandlar og publiserer statistikk frå musea i Noreg. Det er eit nært samarbeid med Statistisk sentralbyrå. Data om musea blir del av Noregs offisielle statistikk.  

Museumsstatistikken omfattar meir enn 100 museum. Av desse fekk 67 driftstilskot frå Kulturdepartementet i 2023. Resten av musea er mellom anna private museum, kommunale museum, universitetsmuseum eller museum under andre departement.  

Museumsstatistikken for 2023 blir publisert i heilskapen sin i løpet av året. Denne saka gir ein førsmak ved å presentera drift, organisasjonsform, økonomi, tilsetja og besøkstal. Statistikken vil også bli publisert i digital versjon. 

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Om Kulturdirektoratet

Kulturdirektoratet har som formål å stimulere samtidens mangfoldige kunst- og kulturuttrykk og skal bidra til å løfte fram kulturens rolle i samfunnet.

Kulturdirektoratet gir statlige tilskudd til kunst og kultur over hele landet, driver utviklingsarbeid og er rådgiver for staten i kulturspørsmål.

Direktoratet er også sekretariat for Kulturrådet, Statens kunstnerstipend og Fond for lyd og bilde, som alle gir tilskudd på armlengdes avstand fra myndighetene.

Gjennom støtte til profesjonelle kunstnere, arrangører, utgivere og ulike kulturvirksomheter bidrar Kulturdirektoratet og de tre armlengdesorganene til at kunst og kultur skapes, dokumenteres, bevares og gjøres tilgjengelig for flest mulig. Målet er at Norge skal ha et levende og mangfoldig kunst- og kulturliv.

Vi har omtrent 150 ansatte og har kontorer i Oslo, Bodø og Trondheim.

Følg pressemeldinger fra Kulturdirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturdirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Kulturdirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye