NVE gjev løyve til å byggje vasskraftverk i Gloppen
OK Energi har fått konsesjon til å byggje kraftverket Neselva II i Gloppen kommune i Vestland. Vasskraftverket vil produsere kraft tilsvarande straumbruken til om lag 475 husstandar. NVE har stilt vilkår til utbygginga for å redusere dei negative konsekvensane for viktige naturtypar, og av omsyn til landskap og samla belastning.

Ein meir omfattande versjon av Neselva II kraftverk har tidlegare vore sakshandsama av NVE. Den gong fekk prosjektet avslag av omsyn til verdifulle naturtypar og landskap. Avslaget vart seinare stadfesta av Olje- og energidepartementet. Det er no søkt om eit redusert prosjekt der OK Energi (SUS) vil nytte eit fall på 95 meter i Neselva. Vasskraftverket vil gje ein årleg produksjon på om lag 9,5 GWh. Inntaket er trekt lenger vekk frå eit landskapsvernområde, og naturverdiane i Neselva vert påverka i mindre grad enn i førre søknad. Dei fleste av høyringspartane er positive til prosjektet, men Statsforvaltaren ber om at minstevassføringa vert auka.
– Utbygginga vil påverke to viktige naturtypar knytt til elva, og ein markant foss. Vi har derfor stilt krav om auka minstevassføring for å redusere dei negative konsekvensane, seier fungerande seksjonsleiar Brit T. Haugen.
Desse vilkåra er sette for tiltaket
NVE stiller krav om høgare minstevassføring i sommarhalvåret enn det som er søkt om i konsesjonssøknaden. Dette for å ivareta fuktigheit i dei verdifulle naturtypane bekkekløft og fossesprøytsone. Det er òg viktig for å oppretthalde ein markert foss på utbyggingsstrekninga som eit tydeleg landskapselement, i eit område kor mange fossar har vorte bygt ut. NVE stiller i tillegg krav om hekkekassar for fossekall.
NVE meiner desse vilkåra vil redusere dei negative verknadene for naturmangfald til eit akseptabelt nivå, slik at fordelane ved prosjektet er større enn ulempene. Det er bakgrunnen for at NVE gjev OK Energi løyve til å byggje Neselva II kraftverk.
Sjå saka si nettside for meir informasjon.
Nøkkelord
Kontakter
Brit Torill Haugen, fungerande seksjonsleiar
E-post: bth@nve.no
Tlf: 41 21 17 73
Hanne Torsdatter Petlund, sakshandsamar
E-post: hatp@nve.no
Tlf: 22 95 94 75
Lenker
Om oss
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at kraftsituasjonen er innenfor det normale7.8.2025 12:33:23 CEST | Pressemelding
NVE forventer at det vil være tilstrekkelig tilgang på kraft gjennom vinteren. Den samlede magasinfyllingen i Norge er omtrent på normalt nivå. Kraftsituasjonen i Sørvest-Norge er også innenfor normalen, selv om magasinfyllingen er lav for årstiden.
NVE samarbeider tettere med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg5.8.2025 12:01:10 CEST | Pressemelding
NVE har inngått avtaler med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg. Målet er å sikre at de kan opprettholde sine samfunnsoppgaver best mulig i situasjoner med energiknapphet eller kraftrasjonering.
Redusert fare for nye store skred i Oksfjellet, Kåfjord kommune3.8.2025 13:05:54 CEST | Pressemelding
NVE og Kåfjord kommune anbefaler å oppheve evakueringen av de seks boligene nedenfor Oksfjellet, men fortsetter å følge situasjonen tett.
Det pågår fortsatt skredaktivitet i Oksfjellet, Kåfjord kommune2.8.2025 14:13:39 CEST | Pressemelding
Fredag gikk det flere steinras i Oksfjellet i Kåfjord kommune. NVE, i samråd med kommunen, følger opp situasjonen tett.
NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet29.7.2025 08:41:06 CEST | Pressemelding
NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet. Som tidlegare gjelder restriksjonane ikkje turvegen inn til Innerdalen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom