Stenger E16 ved Dale under støypejobb
Arbeidet med ny portal på Dalseidtunnelen er godt i gang, og no fører ein større støypejobb til at E16 må stengast ved Dale laurdag 19. oktober.

- Arbeidet med å forskale og støype den nye skredsikrings-portalen på Dalseidtunnelen er no kome godt i gang. Neste støyp er forsterking av den gamle portalen, og medan den støypen blir utført, må diverre E16 stengast for gjennomgåande trafikk på strekninga. Arbeidet er lagt til ein laurdag, for å gje minst muleg heft for trafikantane, seier prosjektleiar Eirik M. Røthe i Statens vegvesen.
Portalstøypen startar laurdag 19. oktober kl. 06.00, og vegen vil bli stengt i 24 timer frå arbeidet startar. E16 blir stengt ved Dalseidtunnelen, og omkøyring for gjennomgåande trafikk blir via Hardanger på fv. 49, fv. 79 og rv. 13 på ruta Trengereid – Norheimsund - Granvin. Vegvesenet set ut trafikkdirigentar på Voss og i Trengereid for å sikre at gjennomgåande trafikk kjem inn på omkøyringsruta.
Den nye portalen på Dalseidtunnelen skal sikre trafikantane mot steinnedfall ved tunnelmunninga, då berget er svært bratt der tunnelen kjem ut på vestsida. Portalen blir bygd med ekstra mykje armeringsstål, for at den skal vere svært solid. Det vil også komme eit gruslag på mellom 2,5 og 4 meter oppå portalen, som skal dempe og spreie kreftene frå eit eventuellt steinnedfall frå stor høgde.
Går mot slutten
Oppgraderinga av tunnelane ved Dale er no inne i siste året. Av dei fem tunnelane på strekinga, er Hernes- og Dalevågtunnelane ferdig oppgraderte. I Dalseid-, Trollkone- og Hyvingstunnelen er arbeidet inne i sluttfasen, og testing og justering av dei elektroniske systema pågår. Når det nye utstyret er ferdig testa og satt i drift, kan det gamle utstyret rivast. Tunnelane vil då vere ferdig oppgraderte, og dette vil skje i løpet av vinteren 2025.
I dei fem tunnelane har det vore omfattande gravearbeid, for å få på plass nye røyr og leidningar. Det er innstallert nye nødtelefonar, kameraovervaking, ny belysning, nye vifter, sendare for DAB-radio og naudnett. I tillegg er overvannssystemet fornya, og det er satt ned nye oljeutskillere. Mesta er hovudentreprenør på arbeidet.
- Oppgraderinga gir trafikantane betre og sikrare framkomst på denne delen av E16 når arbeidet står ferdig, seier prosjektleiar Røthe.
Litt av arbeidet som er utført:
Det er sprengt og køyrd, ut over 20 000 m3 med fast fjell, dette utgjer ca 36 000 m3 med stein etter sprengning. Dette er blant anna for å få plass til 5 ny tekniske bygg inne i tunnelane. Kvar av desse byggene er på ca 100 m2, og innholder mykje utstyr:
Trafo og styreskap for straumforsyning, batteripakker som drifter det viktigaste utstyret i minst 1 time, ved straumutfall.
Byggene inneholder også styring for lys, vifter, kamera, nødtelefonar, måleutstyr for luftkvalitet, radio og nødnett.
Litt nøkkeltal:
- Det er satt opp 7 tekniske bygg (5 i tunnel og 2 på utside av tunnel).
- Det er gravd 4,2 km grøfter for drens og overvatn, og montert 63 kummar, herav 8 kummar for oljeutskilling.
- Det er gravd ca 4,3 km trekkrøyrsgrøft utanfor tunnel, og ca 1,1 km trekkrøyrsgrøft i tunnel.
- Det er glidestøypt ca 5,9 km betongføringskant i tunnel, bak desse ligg det også mykje trekkerøyr. Totalt er det lagt ned meir enn 180 km trekkrøyr i dei 5 tunnelane.
- Det er montert 17 000 m2 vass- og frostsikring, 3 000 sikringsboltar, og sprøyta over 2 200 m3 med sprøytebetong.
- Det er montert 50 nye vifter, der kvar av desse har ein effekt på 30 kW.
- 10 nye bommar er satt opp.
- Det er montert 56 nye nødtelefonar og 112 brannsløkkingsapparat, 123 nye kamera, og ca 1150 nye lysarmatur.
- Det er montert 5,8 km ledelyslist, ei handlist som vert belyst når det oppstår ein hending i tunnelen, og som ein kan følgje for å komme til nærmaste nødtelefon og brannsløkkingsapparat, evt heilt ut i friluft om det skulle vera nødvendig.
Kontakter
Eirik RøtheByggelederStatens vegvesen Utbygging Tunneloppgradering
Tel:412 06 131eirik.rothe@vegvesen.noBilder


Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Stor aktivitet på E39 Stormyra - Staurset13.5.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Entreprenør Bertelsen & Garpestad har trappet opp aktiviteten på E39 Stormyra – Staurset i vår. 10,6 km med ny europaveg skal bygges, og de første delene av strekninga er alt asfaltert.
Feil om stenging av E10 to netter i mai12.5.2025 15:00:43 CEST | Pressemelding
E10 ved Sæter mellom Lødingen og Tjeldsundbrua må stenges helt natt til 15. og natt til 16. mai grunnet vegarbeid. Altså ett døgn senere enn tidligere varslet.
Starter reparasjonsarbeidene for E6 Langnesberga12.5.2025 11:34:18 CEST | Pressemelding
Mandag 19. mai starter arbeidene med gjenoppbygging av nordgående kjørefelt for en 700 meter lang strekning av E6 langs Snåsavatnet.
Øvelse stenger E6 i Alta12.5.2025 08:15:00 CEST | Pressemelding
13. og 14. mai har Statens vegvesen, nødetatene og fremtidige yrkessjåfører øvelse i Kåfjordtunnelen på E6 i Alta. Vegen blir stengt mellom klokken 09.00 og 11.00 begge dagene.
No startar Fellesprosjektet Arna-Stanghelle berg- og skredsikringsarbeid langs E169.5.2025 20:30:01 CEST | Pressemelding
Neste veke startar berg- og skredsikringsarbeid på Vaksdal, Stanghelle og Helle. Arbeidet vil føre til kolonnekøyring på E16 på dagtid.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom