God passasjervekst i september

Del

4,8 millionar passasjerar reiste til og frå Avinor sine flyplassar i september. Dette er ein auke på 7 prosent samanlikna med september i 2023. Så langt i år har det vore 39 millionar reisande på våre flyplassar, som er 4 prosent fleire enn i same periode i 2023.

Øystein Løwer / Avinor

I september var det auke blant både innanlands- og utanlandsreisande, samanlikna med september i fjor. Den største auken har vi blant dei utanlandsreisande, med heile 9 prosent. Veksten blant innanlandsreisande er på 6 prosent.

-Veksten blant utanlandsreisande er framleis sterk.  Slik har det vore lenge. Men i september såg vi at veksten i innanlandstrafikken også tok seg opp samanlikna med føregåande månader, seier Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.

Fullare fly

-Samstundes som vi ser 6 prosent fleire reisande innanlands, ser vi  1 prosent nedgang i flyselskapa si setekapasitet. Kabinfaktoren blir med dette 4 prosent høgare enn i september i fjor. Selskapa fyller altså flya sine meir, seier Skallerud Riise.

Så langt i år ligg passasjerveksten innanlands på 2 prosent.

Vekst i nord

Veksten i innanlandstrafikken er særleg sterk på dei større lufthamnene i Nord-Noreg. Dei same lufthamnene har òg sterk vekst blant utanlandsreisande.

Flyrørsler

Det var 57 078 kommersielle flyrørsler i september. Dette er 2 prosent fleire enn i september i fjor. Det har vore 1 prosent færre flyrørsler så langt i år samanlikna med same periode i 2023.

Framleis kraftig auke i droneflyging

I september vart det meldt inn 2.895 flygingar med drone i Ninox Drone, Avinor sitt system for handtering av dronar.  –  Den sterke auken i droneflyging held fram, seier Mats Gjertsen, leiar av Avinor sitt droneprogram. 

-  Så langt i år er 19.384 droneplanar meld inn. Dette er heile 75 prosent fleire flygingar enn på same tid i 2023.

Kontakter

Bilder

Øystein Løwer / Avinor
Last ned bilde

Dokumenter

Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.

Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.

Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.

Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.

- Avinors offentlige journal

Følg pressemeldinger fra Avinor

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Avinor

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye