Brannøving i fv. 617 Skåratunnelen
10.10.2024 07:53:41 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
15. oktober held Statens vegvesen og Vestland fylkeskommune brannøving i fv. 617 Skåratunnelen nord for Måløy.

Det blir kolonnekøyring i den 680 meter lange tunnelen medan øvinga vert rigga til klokka 17.00-18.00.
Sjølve øvinga finn stad klokka 18.00-20.00. I dette tidsrommet vert tunnelen stengd.
Klokka 20.00-21.00 blir det kolonnekøyring medan Vegvesenet og fylket riggar ned og ryddar opp etter øvinga. Etter dette går trafikken som normalt att.
Øvinga skjer i samarbeid med Kinn brann og redning, politi og helse.
Øvinga er og gjeldande for Statens vegvesen sine tunnelar, Brunsviktunnelen og Krokabergtunnelen på rv. 15, men desse blir ikkje råka av øvinga.
Trygg tunnel
– Vi har forståing for at stengde tunnelar kan vera krevjande for trafikantane, men det er naudsynt i ein kort periode slik at vi kan få øvd dersom noko skulle skje, seier brannvernleiarane Atle Johnny Rygg i Statens vegvesen og Marie S. Hatlen i Vestland fylkeskommune.
– Det er eit krav i tunnelsikkerheitsforskrifta at vi skal halda slike øvingar. Det viktig å minna om at vi gjer dette nettopp for trafikantane, som ein del av vårt kontinuerlege arbeid, kvar dag, heile året, for å halda tunnelane trygge, legg dei til.
– Vi gjer dette for å vera førebudde
– Vegdrift handlar om konsekvens. Vi gjer difor det vi kan for at stengingar, både akutte og planlagde, skal bli så korte som mogleg, understrekar Rygg og Hatlen.
Beredskapsøving i tunnelar er eit døme på ei planlagd og naudsynt stenging.
– Ved å øva saman med naudetatane drillar vi våre rutinar og sørger for at beredskapslinjene er best mogleg førebudde den dagen ein situasjon skulle inntreffa. For å simulera brann i køyretøy nyttar vi røykmaskin for å laga røyk i tunnelen.
Statens vegvesen og Vestland fylkeskommune oppmodar alltid trafikantar til å sjekka 175.no eller appen Vegvesen trafikk før dei skal ut og reisa. Her finn ein til ei kvar tid oppdatert informasjon om situasjonen på alle landets vegar.
Det har aldri vore fleire moglegheiter for å oppdatera seg på trafikkbiletet enn i dag.
Dette er tunnelen
Den 680 meter lange Skåratunnelen vart opna 16.oktober 2007.
I dag køyrer det i gjennomsnitt 2.227 køyretøy dagleg gjennom tunnelen. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT).
Av dette er 9 prosent, eller 200, lange køyretøy (tungtrafikk).
Samfunnsberedskap
Statens vegvesen er en del av den totale samfunnsberedskapen. Å førebu seg på andre situasjonar enn kvardagen er ein sentral del av dette.
– Derfor held Statens vegvesen og Vestland fylkeskommune øvingar som dette, noko som er ein av viktig del av vårt kontinuerlege arbeid med å syta for eit effektivt, trygt og framkommeleg vegnett, avsluttar Rygg og Hatlen.
Nøkkelord
Kontakter
Atle Johnny RyggBrannvernleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:41404030atle.rygg@vegvesen.noMarie S. HatlenVestland fylkeskommune
Tel:93670997Marie.Svendal.Hatlen@vlfk.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Stortingets transport- og kommunikasjonskomité besøker Troms10.4.2026 10:21:35 CEST | Pressemelding
Infrastruktur og beredskap i Troms står på programmet når Stortingets transport- og kommunikasjonskomité besøker fylket 13. - 15. april. Komitéen skal også få orientering om store veiprosjekter i fylket.
Gjer E134-strekning breiare, rettare og betre9.4.2026 07:51:18 CEST | Pressemelding
Frå Ølen til Mørkeli startar Statens vegvesen snart på eit etterlengta prosjekt som varar to og eit halvt år.
Signerte kontrakt for E134 Oslofjordforbindelsen8.4.2026 13:34:15 CEST | Pressemelding
I dag signerte Veidekke Entreprenør AS kontrakt for å bygge E134 Oslofjordforbindelsen.
Starter rehabilitering av rv. 25 Glåmbrua i Elverum8.4.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Siste uka i april starter Statens vegvesen omfattende utbedring av Glåmbrua på riksveg 25 i Elverum. Brua blir holdt åpen for trafikk gjennom hele byggeperioden, men med smalere kjørefelt.
Skifter fuge på Drammensbrua – nattestengt i seks uker7.4.2026 07:30:00 CEST | Pressemelding
Mandag 13. april starter Statens vegvesen arbeidet med å skifte ut en utslitt fuge på E18 Drammensbrua i nordgående retning. Arbeidet skjer om natta i seks uker og gir omkjøring for trafikken. På dagtid er brua åpen med redusert hastighet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom