Riksantikvaren

Ny oversikt over kulturmiljø og landskap i Telemark

Del

Riksantikvaren sender no utkast til rapport for kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse i Telemark på høyring. Det er i alt forslag om 33 landskap i 14 kommunar.

Notodden
Notodden Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

–  Kulturlandskapa og kulturmiljøa i Telemark er viktig lokalt og for heile Noreg, seier Jarle Jarleson Vaage, sjef for seksjon for arealplanlegging og miljø hjå Riksantikvaren. 

–  Når ein skal gjere endringar i landskap er det viktig at kommunen har gode verktøy for å vurdere konsekvensar ved større tiltak. Vi veit at forvalting av natur- og kulturlandskap engasjerer, og vonar difor at vi får mange gode inspel i denne høyringa, seier Vaage.  

Høyringa går til kommunane der vi foreslår landskap og kulturmiljø, til styresmakter på regionalt nivå, næringsorganisasjonar, museum, frivillige organisasjonar og andre aktuelle organ. Oversikta i Telemark vil først og fremst ha direkte verknad for arealplanlegging og forvalting i kommunar og andre styresmakter. Høyringa er open og alle har moglegheit til å kome med innspel. 

Innspel til høyringa sendast inn via Riksantikvarens nettsider. Fristen er 20. desember i 2024.

Kulturmiljø og landskap i Telemark 

Utkastet omfattar 33 kulturmiljø og landskap i Telemark som Riksantikvaren foreslår skal inngå i oversikta kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse i Telemark. På bakgrunn av innspel i høyringa vil vi utarbeide ein endeleg rapport. Dei skal til saman vise det kulturhistoriske mangfaldet i gamle Telemark fylke. Områda omfattar landskap i rurale område og viser blant anna spor etter verksemd, ferdsel og busetjing i fylket. 

– Tempoet og omfanget av endringar aukar no i ein slik grad at viktige verdiar står i fare for å gå tapt. Difor er kunnskap om kultur- og naturlandskapa våre viktig, seier Vaage. 

I Telemark inngår desse 33 landskapa i høyringsforslaget: 

Korsalen kalksteinsbrudd (Bamble kommune) 

Langesund by (Bamble kommune) 

Stathelle (Bamble kommune) 

Moisesberg (Fyresdal kommune) 

Folkestadbyen (Fyresdal kommune) 

Hjartdal og Svartdal (Hjartdal og Seljord kommune) 

Kragerø sentrum med Øya (Kragerø kommune) 

Stråholmen (Kragerø kommune) 

Nes og Sauer (Midt-Telemark kommune) 

Årnes brygge (Midt-Telemark kommune) 

Høgefoss kraftstasjon (Nissedal kommune) 

Vrangfoss og Eidsfoss sluser (Nome kommune) 

Ulefoss (Nome kommune) 

Heddal (Notodden kommune) 

Lifjell – stølsområde og skogdrift (Notodden kommune) 

Svelgfoss kraftstasjon (Notodden kommune) 

Notodden sentrum – Delområde Grønnebyen 

Notodden sentrum – Delområde Villamoen 

Notodden sentrum – Delområde Jugendbyen 

Vallermyrene leir (Porsgrunn kommune) 

Brevik (Porsgrunn kommune) 

Verksteds-, brynesteins- og porselensområdet (Porsgrunn kommune) 

Gjerpensdalen og Fossum (Skien kommune) 

Skotfoss (Skien kommune) 

Skien sentrum (Skien kommune) 

Snipetorp (Skien kommune) 

Vestfjorddalen (Tinn kommune) 

Delområde Våer (Tinn kommune) 

Delområde Rjukan Company Town (Tinn kommune) 

Eidsborg og brynesteinslandskapet (Tokke kommune) 

Åmdalsverk og Bandaksli (Tokke kommune) 

Austbø, Lognvik og Øygarden (Vinje kommune) 

Møsvatn og fjella omkring (Vinje kommune) 

Nøkkelord

Kontakter

PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.

Telefonen er betjent i vanlig kontortid.

Tel:404 65 153

Lenker

Om oss

Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmesteren på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye