Statsbudsjettet 2025: Ei historisk satsing på samferdsel
– Regjeringa legg opp til ei historisk satsing på samferdsel i neste års statsbudsjett. Spesielt retter vi innsatsen mot å ta vare på det vi har, og utbetre der vi kan. Å prioritere drift og vedlikehald betyr betre tryggleik for folk i trafikken, betre klimatilpassing og betre militær mobilitet. I tillegg prioriterer vi mellom anna å starte det største samferdselsprosjektet nokon gang, Arna-Stanghelle. Heilt konkret foreslår vi å løyve totalt 96,1 milliardar kroner til samferdsel i 2025, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Regjeringa foreslår å løyva 10,8 milliardar kroner til drift og vedlikehald av riksvegnettet i 2025. Dette er ein auke på 1,1 milliardar kroner samanlikna med statsbudsjettet for 2024. Til drift, vedlikehald og fornying av jernbanenettet foreslår regjeringa 12,1 milliardar kroner.
– Vi følgjer opp lovnadene i Nasjonal transportplan ved å foreslå ein kraftig auke til drift og vedlikehald, både på veg og på jernbane. Det skal vere trygt å for folk å kome seg fram. Godt vedlikehald er avgjerande for å ha eit godt, sikkert og fungerande vegnett og for at vegane skal kunna brukast trygt i mange år. Det er for mange tog som ikkje er i rute. Det må vi gjere noko med. For første gong på fleire år blir det foreslått meir pengar til å ta betre vare på den jernbanen vi allereie har, seier Nygård.
Betre vegar – og nye vegar
Totalt foreslår regjeringa 46,9 milliardar kroner til vegformål, ein auke på 3,8 milliardar kroner frå 2024. 23,3 milliardar kroner skal gå til investeringar på riksvegane, noko som vil gi rasjonell framdrift i igangsette prosjekter, og prosjektstart for E45 Kløfta i Finnmark og fellesprosjektet Vossebanen/E16 Arna–Stanghelle i Vestland med raskast mogleg framdrift.
-Dette er svært viktige prosjekt som vil betre framkome og sikre innbyggarane ein tryggare reiseveg, heilt i tråd med prioriteringane til regjeringa i nasjonal transportplan seier Jon-Ivar Nygård
Både vedlikehald av nåverande og bygging av ny jernbaneinfrastruktur
Til jernbane foreslår regjeringa totalt 32,6 milliardar kroner i 2025.
Av dette er i alt 12,1 milliardar kroner foreslått til drift, vedlikehald og fornying av jernbanenettet. Til større investeringsprosjekt, som mellom anna bygging av InterCity-strekningar på Austlandet, elektrifisering av jernbanen i Trøndelag og innføring av det nye, digitale signalsystemet ERTMS – foreslår regjeringa å løyve 11,7 milliardar kroner.
– Ei opptrapping av arbeidet med vedlikehald og fornying kjem til å gi positive resultat over tid. I tillegg vil mellom anna nye tog og innføring av det digitale signalsystemet ERTMS bidra til å redusere talet på innstillingar og forseinkingar i togtrafikken i åra framover, seier Nygård.
Ei auka satsing på klimavenleg transport
Regjeringa vil i 2025 auke satsinga på ei meir klimavenleg transportnæring.
Elektrifisering av tungbilparken er eit av regjeringas viktigaste tiltak for å kutte klimautslepp. Difor følgjer regjeringa opp Nasjonal transportplan 2025–2036 og ladestrategien, med utbygging av døgnkvile- og rasteplassar for å leggja til rette for lading av tunge bilar. Vidare foreslår regjeringa 1,2 milliardar kroner til Enova for å styrkja innsatsen for utskifting av tunge køyretøy.
For å framskunde den grøne omstillinga i luftfarten, foreslår regjeringa å løyve til saman 50 millionar kroner for å etablere Noreg som testarena for null- og lågutsleppsfartøy.
Vidare foreslår regjeringa 7,7 milliardar kroner til ordningar som fremjar attraktive og klimavenlege byar med god framkome.
– Transportsektoren står for en tredel av norske utslipp, og for å nå klimamålene våre må disse utslippene reduseres kraftig. Byvekstavtalane og andre tilskotsordningar skal hjelpe byane å nå målet om at auken i persontransporten skal skje til fots, på sykkel eller med kollektivtrafikk, seier Nygård.
For andre pressemeldingar frå samferdselsbudsjettet 2025 – sjå:
Kontakter
Pressekontakt08-16 på hverdager
Tel:919 14 777sdinfo@sd.dep.noOm oss
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Vy direktetildeles kontrakt på Sørlandsbanen, Jærbanen og Arendalsbanen fra 202722.10.2024 18:05:43 CEST | Pressemelding
Jernbanedirektoratet skal gjøre en grundig vurdering av både omfang og inndeling av dagens trafikkavtaler for persontogtransport. Inngåelse av ny ordinær avtale for togtrafikken i sør, som Go-Ahead i dag kjører, blir derfor utsatt. I en mellomperiode vil Jernbanedirektoratet sikre trafikken gjennom en kortsiktig direktetildeling til Vy i inntil fem år. Dette er et unntak som følger av EUs fjerde jernbanepakke.
Statsbudsjettet 2025: Foreslår 50 millionar kroner til opprusting av fylkesvegbruer som er kritiske for militær mobilitet7.10.2024 10:07:07 CEST | Pressemelding
– Transportsystemet skal støtte opp under militære behov for forflytting av både personell og materiell. Ved å opprette ei ny tilskotsordning til militær mobilitet vil regjeringa sikre at fylkeskommunane blir sette i stand til å ruste opp bruer på fylkesvegnettet som er kritiske for militær transport, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Statsbudsjettet 2025: 1,1 milliardar kroner meir til drift og vedlikehald av riksvegane7.10.2024 10:06:33 CEST | Pressemelding
Regjeringa foreslår å løyva 10,8 milliardar kroner til drift og vedlikehald av riksvegnettet i 2025. Dette er ein auke på 1,1 milliardar kroner samanlikna med statsbudsjettet for 2024.
Statsbudsjettet 2025: Trappar opp innsatsen for å redusere forseinkingar og innstillingar i togtrafikken7.10.2024 10:05:36 CEST | Pressemelding
– Det er for mange tog som ikkje er i rute. Det må vi gjere noko med. I tråd med prioriteringa i ny Nasjonal transportplan foreslår regjeringa å auke løyvingane til vedlikehold og fornying av jernbanen i 2025. For første gong på fleire år blir det foreslått meir pengar til å redusere innstillingar og forseinkingar i togtrafikken enn til å byggje ny jernbane, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Statsbudsjettet 2025: Vil kutte utsleppa frå tungtransporten7.10.2024 10:05:17 CEST | Pressemelding
Regjeringa foreslår å styrkje Enova sitt arbeid med tungtransport med 1,2 milliardar kroner.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom